Rem Balder

 

Eg kan vel først starte med at når ein er lenge vekke fra heimlege trakter, er det for mange å få ei skive med heimelaga brød himmelsk!

 Grovbrøda mine har vorte enten mursteinar som ein kan nærast slå ihel folk med, eller så tørre at dei funkar best som brødkrumme. Så etter å ha feila og igjen feila, og atter ein gong feila, hadde eg nærast gitt opp heile baksten.

 Eg tråla  internett etter løysinga på problemet då det slo meg at kanskje ”Daffa” kunne ha svaret, så eg sende ein e-post i håp om at han kunne hjelpe. Det tok ikkje mange timane før det låg ein e-post i innboksa med svar frå Dagfinn, og for eit svar…Det var ei heil avhandling i bakekunsten, og eg må innrømme at eg starta å fundere på om kva eg egentlig har dreve på med før.

 Tidleg i dag starta eg på ”prosjekt grovbrød” for ørtande gong medan eg kjente svetta kome og banneorda presse seg mot munnen. Eg hadde sjølvsagt litt meir trua i dag, når eg hadde fått eksperthjelp fra Dagfinn, men likevel såg eg for meg nye mursteinar og enda ein pose med brødkrumme.

 Råda til Dagfinn blei fulgt til punkt og prikke, og spenninga var stor utover dagen. Ikkje berre av meg, men også av dei andre nordmennene på båten. Trur egentlig aldri eg har fått så mykje spørsmål angåande brødbaksten før.

I ettermiddag blei formene med deig i, forsiktig lagt inni komfyren,  og temperaturen blei dobbeltsjekka opp til fleire gongar. Eg har vel nytta den unnskyldninga at det må være feil på termostaten når det tidlegare har gått til h....

 

Brødbakst

 

Like før middagen var det fram med gryteklutane.

Brøda var ferdige, og for eit resultat! Det vart slik som grovbrød skal være.

Ikkje for tungt. Ikkje for lett.

 

Odd Magne


Matros Odd Magne Kvalsund er særs nøgd med hjelpa fra Dagfinn!

 

 

Så tilslutt vil eg sende ei helsing til Dagfinn: Tusen takk for god hjelp med baksten frå alle oss her på ”Rem Balder”. I kveld skal vi kose oss med nybaka grovbrød, som endelig heng i hop!

 

Bassenget

 

 

…..og i morgon tek vi frivakta i bassenget!