Hjørunfjorden produsentlag samlast kvart år til årsamling der det vert årssamlingssaker, val og sjølvsagt ei matykt i lag med utsendingar frå leiinga. I år var samlinga på Rekkedal gjestehus der det møtte over 20 medlemmar.
I år
hadde laget besøk av sjølvaste styreleiaren i TMV, Jan Ove Tryggestad frå
Hellesylt. Det gode frammøte hadde nok ein samanheng med at informasjonen som
skulle gjevast, kom frå sjølve toppen i konsernet. Jan Ove skuffa ikkje og
mykje interessant informasjon vart gitt, og ein del sensitiv opplysningar som
er kun tiltenkt ansatte og leverandørar, som er eigarar av Tine. Dette er for
eksempel forretningsstrattegi og opplysningar om nye produkt. Det er vel ikkje
noko løyndom at på enkelete ting held bedrifter korta tett in til brystet og at konkurrentar er interessert i å få tak i informasjon om det.
Presis kl.12.30 ringde vertskapet på Gjestehuset med bjella si og då var middagen klar, og eit varm måltid er ofte eit høgdepunkt på årssamlinga.Rekkedal gjestehus serverte denne dagen hjortemór frå Toregarden på Nøre Vartdal ilag med potetstappe og grønsaker. Etter den velsmakande hovudretten vart det servert ”tilslørte bondepiker” til dessert.
Tv: Styreleiar for TMV, Jan Ove Tryggestad overrekte 10års plankett for ku til Per Steinsvik, 10 årsplakett for ku til Jon Arne Nordang og Edith Flakk og 10års plakett ku til Karl Asgeir Sæbønes. Sølvtinevinnarane Sigve og Margreta Aklestad fekk blomster i denne omgong. Jan-Ove Valset fekk også 5 årsplankett ku, men var ikkje tilstades.
Etter måltidet kom høgdepunktet for mange, nemeleg utdeling av 5 og 10 årsplankettar. I tillegg til plakettane fekk Sigve og Margreta Aklestad blomster for oppnådd Sølvtine, som betyr 15 år med leveranse av feilfri mjølk utan ei einaste anmerkning på kvaliteten. Dette er den høgste premieringa meieriet har for levering av kvalitetsmjølk. Margreta og Sigve vert invitert til Tine BA sitt årsmøte i Oslo i april, for å få sjølve Sølvtina, og her vil sølvtinekandidatane frå heile landet samlast til festmiddag og få utdelt beviset for at dei er kvalitetsleverandør til Tine. Utanom sjølve middagen vil kandidatane verte tekne hand om på best mogleg måte med omvisning i Oslo og informasjon om Tine sin virksomheit. Ein skikkeleg blomsterbukett vert det nok her også.
Karl Asgeir Sæbønes vart einstemming igjenvald som leiar i laget og med seg i styret har han Johan Arnt Leknes (NL) og Arve Svoren (Geno) - 1.vara Per Jan Myrhol, 2.vara Anne Hustad, 3.vara Ole Johan Rekkedal.
Årssamlinga ynskjer Margreta og Sigve god tur til årsmøte.
Kommentarar