Så var det Aksla sin tur å møte Åmdal/Sæbø jentene. Desse to laga har gjennom dei siste 4 sesongane kjempa om puljesigeren. Tre år på rad har Åmdal/Sæbø vore best og har slege Aksla omlag på målstreken.
Også i år er desse to laga med å kjempe om å vere best i pulja saman med Rollon og Blindheim.

Dagens kamp var derfor årets viktigtigaste for jentene..

oppvarming

Frå oppvarminga. Aina, Kathrine, Nina, Ingeborg, Else Marie og Malene. Det var ikkje heilt fritt for at dei var nervøse sjølv om Else Marie hadde drøymt om siger...

Kampen byrja med eit raskt mål til våre jenter før Aksla fekk straffe. Aksla kom lett til straffene og dei 4 første måla deira var nettopp straffe. Åmdal/Sæbø tok føringa heile første omgang men kvar gong jentene drog frå dømde dommarane enten brøyt eller tramp (heilt ufortjent!!). 
Våre jenter derimot, og spesielt Malene, måtte tåle mange stygge taklingar frå Aksla sine jenter utan at dommarane reagerte.

mot Aksla 3

Malene skorar.

mot Aksla 4

Else Marie i høgt svev mot mål!

mot Aksla 6

Kathrine!

Monica vart fekk ein skade i kneet litt før pause og det var ikkje fritt for at vi såg sigeren i det blå..
Else Marie fekk tredd ein gul vest over "haudet" og vart kasta i mål og pauseresultatet var 12- 10 til Åmdal/Sæbø.

mot Aksla 11

Forsvar: Kathrine, Malene, Aina, Tiril, Else Marie, Monica og Nina var sterke i forsvar, der spesielt Aina var god.

Etter pausa var det Nina sin tur som målvakt og ho hadde nokre flotte redningar, men heldigvis var Monica klar att, ca. 10 min ut i omgangen.

 mot Aksla 9

Malene, Tiril, Karen og Else Marie i angrep.

No var Aksla på hugget og leia med 2 mål før vi igjen tok leiinga. Etter å ha sett inn eit ekstragir kunne jentene juble over siger 23-19 og tabelltopp 1 poeng framfor Aksla med to kampar mindre spelt!

Og vi fekk slett ikkje hjelp frå dommarane!!!

Desse var med på kampen mot Aksla:
Malene Aambakk (13 mål), Else Marie Stokke (8), Kathrine Brekke (1), Hanne Stokke (1), Tiril Holen, Nina Hustad, Aina Opsal Bakke, Karen Ose Lid, Ingeborg Aam, Kristina Y. Hovdenakk og Monica Krøvel.

Forrige søndag var jentene også i Fagerlihallen. då var det Rollon som fekk besøk.
Resultatet? 21-21 og uavgjordt etter ein heller slapp kamp.

Desse var med mot Rollon:
Nina Hustad (6 mål), Malene Aambakk (5), Else Marie Stokke (5), Tiril Holen (4), Karen Ose Lid (1), Kathrine Brekke, Ingeborg Aam, Hanne Stokke, Kristina Y. Hovdenakk, Monica Krøvel og Rebekka Stokke,

mot Rollon 1

Mot Rollon. Kathrine, Tiril, Else Marie og Rebekka.

ferge

Og så er turen nesten over! På ferga: Liv Grete, Else Marie, Stine, Kathrine, Malene, Monica, Tiril, Nina, Aina og Karen.

Det skal uflaks eller sjokdom til for at desse jentene ikkje tek sin 4. strake puljesiger.
For dei er nemleg kjempegode!

 Og tabellen ser slik ut:

 

1. Åmdal/Sæbø 10 8 1 1 255 - 203 17
2. Aksla 12 8 0 4 245 - 227 16
3. Blindheim 12 7 2 3 249 - 226 16
4. Rollon 11 7 1 3 227 - 201 15
5. Spjelkavik/Herd 10 3 4 3 177 - 178 10
6. Langevåg/Fiskerstrand 9 3 0 6 155 - 188 6
7. Bergsøy 9 2 1 6 182 - 191 5
8. Volda/Ørsta 9 2 0 7 150 - 173 4
9. Ørsta/Volda 2 10 1 1 8 214 - 267 3