Huset mitt er 100 år i år og eg føler eit ansvar for å ta vare på denne historia og dele den med generasjonar etter oss.

Då eg overtok huset sette eg meg sjølvsagt inn i gjeldande reguleringsplan. Huset vart regulert vekk i 1975 til fordel for breiare veg ut til neset. Planen vart revidert i 1997, og er slik vi kjenner den i dag. Dette er altså ikkje nytt for meg.

Men eg syns det er spesielt at ISMo, leiar av HB skriv at reguleringsplanen i Sandvika er av nyare dato? Han skriv: "Denne reguleringa er ikkje over ti år og er gjeldande i dag, og etter det vi kan forstå så skal Willehuset vekk pga. vegen, enten ferjekaia kjeme i Sandvika eller på Sæbøøyrane."

Dette stemmer altså ikkje. Ein kunne kanskje vente at leiaren av HB set seg inn i reguleringsplanane.

Planen har passert 10 år. Det betyr at Kommuna ikkje berre kan ekspropiere, men at eg har full klagerett. Elles har eg ein god dialog med Ørsta Kommune, der vi ser på løysingar for å bevare huset, når den tid kjem.

Eg ser at ISMo er bekymra for gjesteparkering på Sæbø. På fine sommardagar er der stor biltrafikk til badestranda, nausta og Kapteinskvia. Legg ein ferjekaia til Sandvika ryk dei gjesteparkeringsplassane vi har, og vi sit at med 6-7 parkeringsplassar utom badestranda. Det vil eg tru er for knapt!

Vegvesenet ser nok konflikta mellom ferjekaia og badestranda / naustrekka. Difor har dei som ei naudløysing flytta kaia 20 meter mot gamle Årseth huset. Men eg er redd badeplassen likevel vert plaga om kaia ligg i Sandvika ca 45 grader mot land.

Fleire her på portalen har kome med innspel om å vri kaia meir mot Lekneset.
Eg snakka med Vegvesenet i dag. Dei hadde ein representant på Sæbø i går. Og eg er glad for at dei såg på begge alternativa.
Eg snakka med dei om muligheita for å vri kaia 90 grader på land. Det er ikkje umulig, men dei må i tilfelle prøvebore denne vinkelen også. I tilfelle syns eg ein kan slå to fluger i ein smekk og prøvebore på Sæbøøyrane også.

Slik det ser ut i skrivande stund kan det sjå ut som tomta mi ned mot sjøen går fri. Denne tomta vart regulert til reperasjonsverkstad i 1975.

ISMo skriv i sin siste kommentar føljande: "Det gamle næringsbygget, Frølandsbuda, som står nedom vegen i strandsona kan ein nok ikkje rekne med vert gjort bruksendring på, slik det kan brukast som bustad."

Eg trur alle ser at planar ein la for 34 år sidan ikkje er samanfallande med det vi tenker i dag. Difor stiller eg meg undrande til ISMo sin pessimisme på mine vegne.

Næringsbygg og ferjekai er ikkje noko ein legg til eit rekreasjonsområde. Det vil øydelegge idyllen i Sandvika.