Jentene spelte sin 9. kamp i dameserien i dag og vi kunne berre konstatere at dei egentleg er ganske gode..
Kampen starta med overtak til Sæbø/Åmdal etter ein frisk start på første omgang. Jentene var gode både i angrep og forsvar men måla uteblei..
Etter 7 minutt ut i første omgong stod det 3-1 til oss og resultate minte om ein fotballkamp.
Det viste at det var lenge sidan forrige kamp for pasningane flaut dårleg. Men hadde alle skudda sete i mål og ikkje treft i stang og på utsida hadde nok resultatet vore minst 10 måls ledelse..
Godt forsvar av Sara, Malene, Tiril, Kathrine og Else Marie.
Midtveis ut i omgangen dovna jentene litt og spelte rotete. Eg har aldri vore på ein kamp med så mange stang-ut skudd, trur eg.
Og viss dei ikkje gjekk ut traff dei midt på keeper..
Else Marie flyg høgt men skuddet treff rett på målvakta..
Pauseresultatet var 10-9 til Valder.
Etter pausa vart det litt bedre men framleis var Valder i leiinga og leia ei periode med 3 mål.
Sunniva har taket på ein Valderspelar!
Kathrine, Anette, Elisabeth og Sara har kontroll!
Liv Grete vart stygt takla mange gongar..
Valder hadde nokre veldig stygge taklingar og fekk fleire 2-minutt. Jentene våra greidde å utnytte dette og fekk no overtaket på kampen.
Dei siste 10 minutta var rein einvegskøyring og alt fungerte som det skulle med fine passningar og flotte avslutningar.
Akkurat slik vi vil ha det og er vande med å sjå dei!
Malene og Liv Grete er enige om at nok er nok, ballen vil dei ha! Kathrine, Aina og Else Marie vurderar situasjonen..
Full innsats i sluttminutta, Rebekka, Sara, Liv Grete, Anette og Else Marie. Malene ser vi berre som ein strek..
Kathrine spelte ein god kamp og var klar til angrep heile tida.
Sluttresultatet vart 17- 24 og ein komfortabel 7 målssiger!
Desse var med på kamp mot Valder:
Rebekka Stokke, Liv Grete Stokke (2), Tiril Holen, Malene Aambakk (13), Torill Haugen Øye (1), Anette Mork (1), Sara Årseth (3), Else Marie Stokke (2), Elisabeth Melle, Karoline Stokke, Aina Opsal Bakke, Monica Krøvel, Sunniva Aarseth (1) og Kathrine Brekke (1).
1. | Godøy | 9 | 8 | 0 | 1 | 227 | - | 144 | 16 |
2. | Sæbø/Åmdal | 9 | 6 | 1 | 2 | 248 | - | 227 | 13 |
3. | Haram | 10 | 5 | 1 | 4 | 215 | - | 221 | 11 |
4. | Stranda | 9 | 4 | 1 | 4 | 209 | - | 202 | 9 |
5. | Valder | 9 | 3 | 2 | 4 | 196 | - | 193 | 8 |
6. | Blindheim | 9 | 3 | 1 | 5 | 174 | - | 199 | 7 |
7. | Sykkylven 2 | 9 | 0 | 0 | 9 | 146 | - | 229 | 0 |
Tabellen ser no slik ut og vi er oppe og snusar på 3. divisjonsspel til neste sesong. Berre Godøy ligg framfor oss på tabellen då det står 3 kampar att...
Skiflyging neste? (Stilen ser bra ut Malene!)
Nei! Det er visst berre barn som leikar...
Kommentarar