Etter som eg forstår skal det skjerast av prestehagen slik at bautasteinen skal flyttast?
Klikk på for større versjon.
Inngrepet i prestehagen er verre enn plassering av ferjekaia, dersom eg forstår det rett.
Dette glimrande biletet frå 1963 er teke av Sveinung Berge. Klikk på for stor versjon. Er du gammal nok kjenner du att mange. Flaggberar Stein Engstrand.
Prestehagen og Bautaen er sjølvaste innmaten i Sæbø. Berre sjå!
Kommentarar
Folk må få sjå planene i kommuna.
Dei er folket sine.
Kommuna skriv ut og sender alt som høyrer til planen.
Planlagd eller godkjend plan?
(papira ligg i arivet til kommuna)
Eg fekk planen på Bjørke tilsend med alle papir som haurde til.
Det andre forslaget vil flytte fergekaia til Stormøllen/Aldersheimen .Det er vel omtrent berre å kutte 150-200 meter riksveg på reguleringsplanen,
Eg ser begge forslag som endringar i reguleringsplanen- faktisk like store endringar-
Det er i mine auge ikkje slik at det eine av forslag er vedtatt og glir igjennom - og det andre ikkje
-Å byggje hus i Strandsoner er vel omstridt ?
Så er spørsmålet- vil eit sentrum med mindre biltrafikk ha fleire positive sider enn negative ?
Og hugs, om fergekaia vert lagt her eller der, har vil fortsatt vere vegar til både å gå og køyre på.
Per Stein Straume
Og likevel vil der vere plass til ei rad blokker sør for Stokkehuset. Kartet må justerast noko.
Men detaljene kan me trygt overlate til planleggerene.
Er enig med Rune Sæbønes at me ikkje treng prestemarka til bustader med det første. Kanskje kan den gamle Aldersheimen og Presteløda rivast,(ikkje min idee) for å gi plass til nokre bustadhus der.Men dette er ei anna sak.
Området ned for Stormøllen må vi ha til turistskipskai, når den tid kjem.
Er dette bilete frå første året med skulekorps på Sæbø? Pappa syns å huske at det var i 1993 han starta korpset ; )
Magnhild Årset er bakerste speidar.
Her er det ca. 3o mann som er med. Og kjell Hustad i kvit slåttebrok og solbriller gjer ein flott figur.Kjenner att dei fleste som er med.
Men eg kan ikkje huske at eg var nokon god trompetist. Det er vel rett at billdet er frå l963. Og Skulekorpset var starta av Våge i l967-68. Like etter at Ungdomskulen på Sæbø var starta i l966. Dette er eit historisk billde.
Eg merkar meg at gruppene som helst skal halda seg utanfor debatten aukar i tal.
Det er dei som "ikkje vil bu her" altså me utflytta, så feriefolk, så dei som kan mistenkjast å ha økonomiske interesser og no "sjølvsagt", gamlingane, men det får våge seg likevel.
Kunne det vera ein tanke, som eg ser andre har lufta på Portalen også, at det vert trekt inn ein eller to landskapsarkitektar med utdanning og erfaring med nettopp tettstads-planlegging?
Desse ville vera uhilda og kanskje koma med andre vinklingar og løysingar enn me som er uerfarne i faget . .
På Fagernes gjorde dei akkurat dette no nyleg, endå dei har omfattande planar som er berre nokre fåe år gamle, men som fort synte seg å ikkje fungera miljømessigt slik som dei tidlegare hadde tenkt.
Milioninvesteringar med kostbart steinarbeid fungerte ikkje fullt ut som dei hadde tenkt ..
Spanande og konstruktive nye løysingar vart no presenterte presse og på folkemøte, og med den sakleg tyngda i botnen så vart mottakinga av planane også prega av det.
Kunne dette vera ein veg å gå for Sæbø ?
Då kunne me gamlingane berre setja oss på benken med isen vår og mimre, er du med på det Knut H.?
Sigmund Årseth
Lagt ut av