Harald Almeland, anleggsleiar i Mesta ringde meg og gav meg desse opplysningane:            

Mesta er no komen 1000m. inn i tunellen. Drifta ligg framom den planlagte framdrifta.
Det har vore godt fjell i Leiratunellen, men akkurat no er dei inni eit litt dårligere parti.Det har gått med 3300 sikringsboltar, 950 tonn sprøytebetong, 125 tonn sprengstoff 
           
         
Mesta er godt fornøgde med drifta av tunellen. I dag feirar arbeiderane med kake, og i morgon, laurdag 28.februar, mellom kl. 12 og 15 blir det boring for siste salva før helga. Då vert det høve for folket frå Storfjorden å få kome på stuffen og sjå boreriggen i drift.

Mesta byd inn unge og gamle til open dag i Leiratunellen  i morgon, laurdag 28.februar, mellom kl. 1130-1500 (tidpunktet kan bli endra på kort varsel) 

   

Ta på godt fottøy (helst støvler)og varme klær.

Hjelmer får vi låne av Mesta.