M.a. meinte nokre at ferjekaia burde dreiast så den vart liggande meir parallellt med land. Ved å leggje den på denne måten får ein både meir oppstillingsplass for bilar og det vert og mogleg å byggje heile den flotte piren som HB har planlagd.
Den største fordelen med denne plasseringa synest eg likevel er at ein slepp ny riksveg gjennom sentrum, anten den vert lagd gjennom prestehagen eller mellom Bellingen og Mjøllageret. Dersom ferjekaia vert liggande i Sandvika må det lagast ny tilførselsveg og eg kan vanskeleg sjå for meg andre alternativ enn desse?


Eg vil rette ei spesiell takk til Bjarne Hustadnes som sende meg oppdaterte kart som m.a. viste kvar bodene til Stokke-huset var plassert. Desse er no med på teikningane.
Om du som les dette har nokon tankar rundt desse teikningane set eg stor pris på ein kommentar til denne artikkelen. Eg kan og laga liknande teikningar som viser andre forslag om det er eit ønske om det.
Kommentarar
Saman med mindre trafikkfarlege situasjonar i Sæbø sentrum.
Det er godt at folk tek seg tida til å gjere alt arbeidet som OMM her har gjort. Det å få ulike forlag gir nye idear til plassering. Og nytenking treng ikkje være negativt :-) Tvert om vil vel dette forslaget redusere ulempene og konsekvensane i forhold til om kaia vert lagt til Sandvika.
2009 er Kulturminneåret, sett i det lyset er det fint om ein tek vare på og skjermar det som er at av gamle Sæbø, t.d. Prestehagen, Sandvika, den freda naustrekke og badestranda.
Såpass radikalt må det ofte tenkjast når noke skal fornyast.
Men kven er Ole Martin Myklebust?
Fleire idaer har feriefolk og vi sambeider godt med feriefolket vi som bur på Bjørke.
God hjelp har eg fått når nok skal gjeres.
Feriefolk ser ting på en annen måte enn vi fastbuende.
http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=2216
Når det gjeld dei tankane og forslaga som eg har presentert her på Portalen byggjer dei imidlertid kun på innspel frå dei fastbuande på Sæbø. Dei kommentarane som har kome, både her på nettstaden og gjennom andre kanalar, viser meg og at det er mange av dei fastbuande som ser fordelane med den plasseringa desse teikningane viser.
Så vidt eg kan sjå frå dei innspela som har kome i denne omgang og sist denne saka var oppe, finnast det vel knapt eitt einaste argument for å plassere ferjekaia i Sandvika? På den andre sida byrjar det etterkvart å bli mange store og små grunnar til å plassere ho der desse teikningane viser. Eg kan her nevne badeplassen, naustrekkja, trafikk gjennom sentrum, trygg skuleveg, nærleik frå ferjekøa til butikkane på Sæbø, riksveg gjennom prestehagen osb.
Eg skal sjølvsagt ikkje bestemme kvar ferjekaia skal ligge, det er det lokale behov som gjer. Eg har imidlertid teke meg tid til å presentere dei tankar eg og mange av dei fastbuande på Sæbø har om kvar ein kan leggje ferjekaia og dei tilbakemeldingane eg har fått så langt tyder på at det er mange som set pris på dette arbeidet.
Når det gjeld Blåmann må vi sjølvsagt finne ein fin plass til han. Eg har tidlegare lufta tankane om ei gjestehavn der som ferja ligg no, kanskje ein her kunne fått plass til Blåmann og? Eit anna alternativ er å legge HB sin pir litt lenger sør så den startar heilt i elvaosen til Lisjeelva. Blåmann kunne då fint fått plass ved ferjekaia.
Ift. biloppstillinga er det mogleg den er litt knapp men så vidt eg kan sjå er der, som teikninga er no, plass til tre rekkjer med bilar, kvar på ca. 80 m. medan biloppstillinga ved den inntegna ferjekaia i Sandvika gjev to rekkjer med bilar, kvar på knappe 60 m.
Per Stein straume
Vi treng engasjerte personar som ser på saka med ulikt syn.Eg er sjølv utflytta hjørundfjording som likar å feriere på heimlege trakter, og det er mange med meg.Vern om naturperlene,og la oss få ei uformell avstemming om kvar den nye fergekaia bør ligge.Dette er ei viktig sak, og all ros til engasjerte mennesker.
Hildegunn Marie Standal Dragsund
Etter mitt syn er det også ynskjeleg å behalde området i Sandvika med badeplassen og den flotte naustrekkja, og disponere dette området som eit attraktivt friareal, til glede for både fastbuande, feriegjestar og utflytte hjørundfjordingar.
No har Ole Martin utarbeida eit svært godt og seriøst forslag til alternativ plassering av ferjekaia på Sæbø. Gjeldande reguleringsplan syner at kaia skal plasserast i Sandvika.Og det er også delt syn på kvar den endelege plasseringa bør være. Det er grunneigarar og tomteeigarar , fastbuande og folk utanbygds. - Altså fleire ulike interesser og syn på dette . Eg meiner at ein må ha såpass respekt for kvarandre , i ei så følsam sak , at ei useriøs avstemming på nettet blir for dumt. Denne saka er så viktig for Sæbø S. og bygda at ein må gå rette vegen for å kome i mål.
Eg har bodd i fergekøa i 40 år, og vil gjerne at ferga skal være i sentrum også i framtida, om det er enten her eller der... Eg har også tenkt å bruke badestranda vidare, og også naustet våra, men eg har ikkje fått vite at det er freda, før eg las det på portalen no...
Om ferga blir lagt lenger utover i Sandvika blir ferga liggande rett utover, og då blir ikkje badestranda berørt, og heller ikkje naustet våra etter slik eg forstår?? Det finst vel noke så heite bølgedemparar, eller?
Om ferga kjem lenger bort mot sjukeheimen blir det vel kanskje same kø problemet som vi har no, eller?
Då må vel kanskje stormøllen rivast?
Uansett så MÅ vi ha ferga i sentrum, og vi klarer fortsatt å bruke både badestranda om ferga blir liggande lenger ute... Snart byrjar strandsesongen for mej å mine, ca i april, for dei som lure...Ej he faktisk "utnavn" som fru strand...badevogna vår er klar, og det går faktisk an å leve med ferga som nabo i 40 år til!!! Det viktigaste er å få rett plassering av køa, kvar enn ferga måtte bli i sentrum.
Ynskje å sjå alle som debattera på "sæbøbeach" i sommar, ej e der i allefall, etter at eg har gått ut døra mi i fergekøa...God debatt til alle som engasjerar seg, og velkommen i naustet på besøk, langs langbordet vårt:)
Elisabeth Årseth Dimmen
Trur Vegvesenet ser utfordringa mellom ferja, den freda naustrekka og badestranda. Har nettopp fått melding om at dei ser på ei skisse der ferjekaia trekkast 20 meter nærare deg Elisabeth. Dermed blir biloppstillingsplassen mindre. Kva skjer då på dagar når oppstillingsplassen blir full? Vil han då tyte ut på sama plass som køa ligg i dag? : (
Ift. desse teikningane ser det ut til at ein får tilsaman ca. 200 m. med biloppstillingsplass.
På dei teikningane som ligg føre ift. ei plassering i Sandvika vil biloppstillinga bli på tilsaman drygt 100 m.*
Til samanlikning er avstanden frå dagens ferjekai til hjørnet ved Slettedal ca. 115 m.
*Dersom ferja blir flytta endå nærare sentrum, ref. Pernille sitt innlegg under, vil sjølvsagt denne avstanden bli tilsvarande mindre.
Det var forresten nytt for meg at naustrekka var freda. Er branngarasjen og Lissjeelva også freda?
Dei må vel også rørast ved om fergekaia skal flyttast slik O.M.M har tegna om det skal vere framtidsretta? Kor lang tid tek det med ei eventuell omregulering?
I same artikkel blir det hevda at fergekai ved Lisjeelva vil gi skuleborna tryggare skuleveg. Godt mogleg, men barnehageborn som reiser med ferga må gå mellom fergekaia og barnehagen, og dei får lengre veg. Rett nok har dei følge med vaksne, men føttene er kortare på ein 3åring enn på eit skuleborn.
Eg er ikkje sikker på kva som er den beste plasseringa av fergekaia . Men for barnehagen er kanskje plasseringa i Sandvika best
Helsing
Hilde Muren
styrar Sæbø barnehage
Vi sjekkar med Riksantikvaren
http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=2231
Eg seier meg lei for at eg ikkje fann den att og nærast skulda nokon for å ha sletta den. Eg får skulde på brillene.
Byggegrunnen for kaia vil eg tru er den same frå Sandvika til Hustadvika.
Og ein fordel som ikkje har vore nevnt byggearbeidet kan gå uforstyrra av fergetrafikken.