La det vere sagt med ein gong - så langt ein veit kom ingen til fysisk til skade då det i går, måndag 16. februar i Bondalen, vart felt eit tre over høgspentlinja.  Det er Tormod Eldholm ved Tussa vaktsentral som seier dette til hjorundfjord.no.

Klokka var vel litt over 15 då straumen forsvann i store delar av Hjørundfjorden.  Heilt frå Bjørdalen til inste huset i Norangsdalen forsvann alt av elektrisk straum utan førehandsvarsel.  Så kva skjedde?  Ja, sei det.  Så langt er det ingen som vil uttale seg sikkert om dette, men her i midtre Bondalen var det fleire som fekk med seg ein kraftig smell, nærast som eit børsesmell, akkurat på det tidspunktet straumen vart borte.

Eldholm ved Tussa vaktsentral, som også var på vakt då dette skjedde, opplyser at dei etter kvart fekk mistanke om at eit eller anna hadde falle over høgspentlinja gjennom Bondalen, men om det skjedde på Årset, Kvistad eller andre stadar lenger nede i dalen visste dei ikkje.

IMGP9164 kopi

På Kvistad i Bondalen vart det felt eit tre over denne høgspentlinja

- Men Eldholm, ser de ikkje ein gong på ein skjerm nøyaktig kvar straumbrotet er?

- Nei, vi gjer nok ikkje det.  Vi såg at straumbrotet måtte vere nedanfor Bondalen transformatorstasjon, men for å få vite det meir nøyaktig måtte vi kople til att straumen steg for steg nedetter dalen.  Det gjekk fint til vi kom ned til Gjerde, men deretter måtte vi ut i lendet og leite fysisk etter feilen. Og feilen, eller rettare sagt treet over linja, fann vi på Kvistad.

- Fleire høyrde ein kraftig smell.  Hadde smellen samanheng med straumbrotet?

- Sikkert.  Når eit tre fell over linja vert det lett ei kortslutning og dermed kjem denne smellen.  Problemet denne gongen var at vi ikkje hadde fått melding frå nokon om at eit tre var felt over denne hølgspentlinja.  Dermed var vi usikre på - og måtte såleis vere ekstra varsame når vi kopla til att straumen - om ein eller annan heldt på å fjerne det eventuelle treet frå linja sjølv.  I så fall ville det vere lite klokt å kople til att straumen frå vår side.

- Tormod Eldholm, ein eller annan har altså felt eit tre over høgspentlinja gjennom Bondalen og har i praksis kopla ut straumen for svært mange.  Kan det vere ein konkurrent til Tussa som har gjort dette - ein som vil tene seg rik på å selje ved?

- Tja, kven veit?  Eg må nok vedgå at eg framleis ikkje er heilt sikker på kven som har felte det aktuelle treet.  Men eg kan i alle høve opplyse at det var god sporsnø i går...

- Eit spørsmål til slutt Eldholm, dersom det vert funne ut kven som gjorde dette, kan vedkomande rekne med å få seg ei rekning i posten?

Eg vil ikkje uttale meg om denne konkrete saka her, men generelt sett vil eg berre seie at alle kan vere uheldige. Det viktige er likevel at ein varslar oss med ein gong noko slik skjer.  På den måten får vi vite om det har gått bra med vedkomande og straumkundane våre vil også få straumen raskare tilbake. Og - står det eit tre attmed ei kraftlinje, eit tre som du vil felle, så ta kontakt med oss om du er i tvil om det vil falle i den retninga du ynskjer.  Vi kan nemleg stille opp med motorsag og naudsynt utstyr.

Straumen kom attende til Bondalen og Norangsfjorden ca. klokka 1830.