Vi har etterkvart vorte heilt avhengig av støtta vi får frå flaskeinnsamlingane. Forrige gang fekk vi inn flasker for ca. 8500,- kr!

Pengane går til utstyr og div. andre utgifter som alle spelarar som har tilhøyrigheit til Sæbø IL nyt godt av. Bl. anna har vi kjøpt inn nye handballar.

Theo 3

Gjer som Theo, gi tomflaskene dine til oss! (helst dei som gir pant...)

Ta vel imot dei blide handballspelarane som kjem rundt om på dørene på Sæbø, Bondalen, Urke og Øyelandet.
Dersom andre enn dei som får besøk ønskar å bidra er det berre å ta ein telefon til Jan Rune Ville 91615396 og han organiserar henting.
Jon Arne tek også imot på Bellingen.

Alle, små og store som har tilhøyrigheit til gruppa stiller opp og gjer ein fantastisk innsats til beste for alle spelarane våre.

På forhand takk!

Med helsing handballgruppa.