På Hjørundfjordheimen held fleire av pleiarane på med vidareutdanning, nokre av oss går Geriatri, andre går Miljøterapi i demensomsorga.
Dette er med på å gi oss inspirasjon og pågangsmot no i desse "krisetider".
Dette og eit godt fellesskap, gir oss lyst til å gjere dagen meir innhaldsrik for bebuarane.
Linda Eiken er for tida lerling med oss, dette er vi svært glade for, ho er ein kjemperesurs!!
Her er bilen til Linda nedsnødd etter ei arbeidshelg, ho tok like gjerne med seg Karl, Harriet og oddfrid ut slik at dei hjelpte henne med søvmåkinga.
Her er rullapølsene klare til jul.
Oddfrid, Karl og Harriet.
Her er julelefsene godt i gang, Damene har handelaget for baking, men karane var ikkje langt vekke dei helder.
Harriet og Arnhild snakkar om lefsetradisjonar, og mange minner dukkar opp.
Til slutt vart dei steikte, no er det ikkje lenge til prøvesmak.
Personalet har også vit til å kose seg.
Her er vi på årets julebord, lutafiskaften på hotell Sagafjord.
Sigve og Knut.
Barnehagen kjem 13 desember og går luciatog og syng for bebuarane.
Dette set vi stor pris på.
Julebord på Rekkedal Gjestehus har vorte ein tradisjon for bebuarane.
Alder er inga hindring for å kose seg på julebord.
God tradisjonsmat og flott stemning.
Festpynta forsamling med godt humør.
Ventetida før jul har Hjørundfjordheimen årvisst besøk av Ørsta lions kor.
Pasientane ventar med spenning , med litt godt i koppen varma vi opp med allsong og godt humør.
Inn kjem lionskoret marsjerande og syng for full hals, stemninga er på topp!
Dei syng salmar og slagere ,alt for ein kvar smak.
Oddfrid har vore på butikken og kjøpt gave til dei ,som ho overleverte med ein god klem attpå.
julekveld på Hjørundfjordheimen.
Nydeleg mat frå eit fantastisk kjøkkenpersonale.
Alle kan kjenne den gode julestemninga og mange minner dukkar fram.
Gang rundt treet høyrer med, dei som ikkje kan gå, deltek likevel.
I desember hadde vi og besøk av Oddgeir Bruaset.
Han fekk helse på fleire som han kjende godt ifrå før ,blandt dei Amalie,
og Ragnar.
Hjørundfjordheimen er ein triveleg heim både for oss som arbeidar og bur her.
Kommentarar
Berre ta kontakt, velkomne skal de vere!
Det kjem snart fleire artiklar ,for vi har mykje kjekt å dele med dykk.
Ja ,vi tek imot invitasjonen til fellesfjøsbesøk , tek kontakt for å avtale tid!