By og land
For eit par veker sidan var det eit ope møte på Sæbø der ein m.a. kom inn på forholdet til BYEN, d.v.s. Ålesund. Koss har dette forholdet arta seg i praksis? Under byjubileet for nokre år sidan sa historikar Harald Grytten at utan omland ingen by d.v.s. byen kunne rekne omlandet som opphavet sitt. Kor mykje tenkjer ein på dette i dag? Og korleis kan tankane arte seg?
Kva er Ålesund for deg (oss? Kva er du (vi) for Ålesund?
Lagt inn av
Enok Kippersund
24.02.2009 12:32
24.02.2009 12:32
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.
Kommentarar
By og land hand i hand var et mye benyttet slagord. På hele 1900 tallet tror jeg det føltes slik.Mat og tjenester fra dem som bodde i bygdene rundt trengtes jo i en voksende by,Brannen gjorde også sitt til at handverkere trengtes og der ble arbeid for flere og flere fra bygdene rundt.De behøvde ikke å emigrere til USA.Heldig er alle vi som har etternavn som forteller hvilken øy eller fjord vi stammer fra .Vikingene var jo også så smarte at de beskrev stedet de bodde på og lagde det til familienavn, og vi her ble det ikke byttet ut med -sen navn i samme grad som for eksempel på Sørlandet. Interessen for å vite hvor navn og slekt har vokst opp er sterkt til stede den dag i dag.Er det et navn som finnes flere steder, spør vi, for det er hyggelig å vite akkurat det navnet kommer fra.I Ålesund finnes det familier som har svært mange av stedsnavnene for eksempel fra Hjørundfjorden ,og er stolte av det.De siste tiårene har det skjedd en endring som gjenspeiler den multikulturelle verden vi lever i.Slektsnavn og firmanavn kommer mer utenfra - fra større strukturer.men morsomt var det den tida vi lett kunne se lokalgeografiske sammenhenger overalt i byens pulserende liv.
Sølvi Britt Skylstad
Takk, Bjarne, for hyggeleg tilsvar med historisk merg og personleg tilsnitt! Eg er oppvaksen på Espeland i Arna to mil utanfor Bergen. Den gongen var det ei storhending å ta toget inn til byen, som også var ein farleg plass for oss bygdisar for vi var "strilar" som by-folket avslørte utan vidare på grunn av dialekten vår. Bergen er framleis ein av yndlingsbyane mine, helst nummer ein. - Sidan gjekk eg inn for å bli sunnmøring, og Ålesund er ein barsk og særprega by som eg er fascinert av og som eg gjerne anbefaler folk å sjå innom. - Grunnen til at eg kom på å skrive dette innlegget om "by og land", er at eg skal til byen om ei vekes tid og treffe eit kafe-publikum andlet til andlet under merkelappen "Lunsj og lyrikk", likeins skal eg innom Spjelkavik seniorsenter. Da kan eg kome til å snerte borti dette med bygd og by. Ofte høyrest det ut til at ein fort kan treffe utflytte hjørundfjordingar både i Spjelkavika og ute i sjølve byen. Og gode vener av Hjørundfjorden kan ein treffe kvar som helst!
Enok Kippersund
Kontakta med Ålesund var veldig god tidligere. Alle varer til og frå bygdene gjekk med Hjørundfjordbåten(Dampen) til og frå Ålesund. På Sæbø gjekk me ombord i båten kl.8.oo og etter tre timer med samvær med andre frå fjorden, kom me til Meierikaia i byen kl.ll.oo Då hadde me 5 timer til å gjere ærend og handle på. Og kl.l6.oo (4) gjekk båten tilbake og kom til Sæbø kl.l9.oo (7) Det vil føre for langt å kome inn på alle varene og tenestene som knytte seg til denne kontakta.
På den tida var Ørsta og Volda ein stad der ein selde smågriser. Mitt første møte med Ørsta var ikkje særleg bra.(Er usikker på om historia passer inn her) Eg gjekk i første klasse på Mo skule i Bondalen året l937. Skulen var på tur til Ørsta og Volda. Bussen stoppa ved fyrste husa i Ørsta, og trur du ikkje at der kom ein gutonge og ropte "Kufjordinger" til oss ! Då gjekk sjåføren (som også var Ørsting) ut og tok gutongen i kragen og rista han kraftig. Det hjelpte litt for oss.
Banda til Ålesund vart avslitne då Hjørundfjordbåten vart erstatta av ferge på Festøya. Men noko kontakt er det framleis.Har nettopp vore i bya og gjort ein større handel.
På den tida var Ørsta og Volda ein stad der ein selde smågriser. Mitt første møte med Ørsta var ikkje særleg bra.(Er usikker på om historia passer inn her) Eg gjekk i første klasse på Mo skule i Bondalen året l937. Skulen var på tur til Ørsta og Volda. Bussen stoppa ved fyrste husa i Ørsta, og trur du ikkje at der kom ein gutonge og ropte "Kufjordinger" til oss ! Då gjekk sjåføren (som også var Ørsting) ut og tok gutongen i kragen og rista han kraftig. Det hjelpte litt for oss.
Banda til Ålesund vart avslitne då Hjørundfjordbåten vart erstatta av ferge på Festøya. Men noko kontakt er det framleis.Har nettopp vore i bya og gjort ein større handel.
Bjarne Hustadnes