Vedtaket i formannskapet er slik:
"Formannskapet som planutval viser til spørsmålet om mogleg regulering av Prestegardsmarka på Sæbø til bustadføremål.
Planutvalet ser det som viktig å halde fast på tidlegare vedtak om bustadområde på Prestegardsmarka, og meiner tilrettelegging for fleire bustader i Sæbø sentrum har så stor verdi for utviklinga av tettstaden at ein i dette tilfellet kan forsvare ei omdisponering av jordbruksareal. I tråd med jordvernstrategien for Møre og Romsdal må det leggjast opp til effektiv utnytting av arealet med høg utnyttingsgrad.
Planutvalet ber om at ein i planarbeidet må ta omsyn til det samanhengande kulturminnemiljøet kring prestegarden på Sæbø. Prestegardsløda må ikkje endrast til andre utbyggingsføremål, og ein må sikre at det vert tilstrekkeleg avstands til nærliggjande busetnad.
Planutvalet beklagar at byggje ned dyrkamark, men rasfaren gjer at arealet vert å disponere slik."
Men vil eigarane selje? (01.03.2009 kl. 20:35)
Nei, det ser ikkje slik ut..... Iallfall ikkje i Sæbø / Bondalen. Og her er interesserte kjøparar.
Hilde Muren
Ja! (01.03.2009 kl. 18:58)
Fyll opp dei tome husa rundt i heile fjorden med unge folk som er villige til å drive jordbruk i små skala, og la den gode matjorda vere i fred. Det fins nok av folk som har skjønt at vi må snu utviklinga før det er for seint.
John Inge Leira Bjøringsøy
Attraktive Sæbøneset (01.03.2009 kl. 17:36)
Vi som bur nede i sentrum har alltid ønskt oss opp på solsida når husa der oppe badar seg i sol, medan sentrumsområdet er fuktig og kaldt. Eg er heilt samd med dei som meiner at Sæbønestomtene burde ha vore arbeida meir med. Og at det vert så mykje dyrare for utbyggjarane, er heller ikkje sikkert, sidan prisen pr. tomt har vore, og vel framleis er, ganske låg. Dessutan er det ikkje langt til dei som leverer grus- og steinprodukt.
Å få seg hus med slik utsikt, samt tidlegare vår, burde vere svært attraktivt. I år 2000 hadde eg ein slektning frå Colorado med opp på terrassen til Walsethfamilien. Han var over seg og kommenterte; " You must have paid millions for this!" Nei, millionar treng ein ikkje her, og tryggleik for både flodbølgje og stigande hav får ein med på kjøpet!
Å ta god landbruksjord frå prestegarden til boligfelt, er forkasteleg og lite framtidsretta. Eg ønskjer så absolutt ei god utvikling for Sæbø, men trur ikkje nokre tomter her på flate marka er vegen å gå.
Dagfinn Strand nemner gamle aldersheimen, og her er eg samd. I tillegg er det eit faktum som hindrar ny busetjing: Tome gardar og bolighus må skifte eigar! Når ein veit at unge folk, fulle av pågangsmot, som ønskjer seg eit småbruk,eller berre eit hus, får berre nei, er det litt trist. Så de som sit på eigedomar de ikkje driv eller bur i, sørg for at det skjer noko!
Kari Hame
Kyr... (28.02.2009 kl. 17:37)
Har full forståelse for at det blir jobba med nye tomter i sentrum av Sæbø.HB måtte vel gå inn for tomter på prestemarka.Meiner at det burde vore jobba meir på andre alternativ først.Er og veldig skuffa over at Hjørundfjord bondelag gjekk inn for utbygging på dyrka mark.
Sit i Sæbø gruppa sjølv.Det som var snakka om tidlegare var 1 husrekke framom eks.husrekke,no er det plutseleg 2.
Håper ikkje at det går med areal til fonnvern og liknande for å verne bustadane.Det ser ut som at planane til AG plan ikkje kjem til å verte noke av.Det tok alt for mykje areal til tilkomstveg,fonnvern og liknande.(Håper eg)
Det høyrest lite ut med 2 kyr men for vi som pakter arealet vil det vel sei ca 20 saude.
Eg har 60 vinterfora....
Lasse Sæbønes
Heilt einge med Dagfinn. (28.02.2009 kl. 13:04)
Sæbøneset burde ha vore prioritert og vi bør arbeide for at kommuna gjer det også. Men vi veit alle korleis tilstanden er med kommuneøkonomien og det er vanskeleg å få gjennomslag for dette arbeidet. Det som er spesielt med Prestemarka er at Opplysningsvesenets Fond er eigar og utbyggar av Prestemarka, og dei tilbyr å gjere arbeidet og forskotsterar kostnadane og dermed får Ø.K. arbeidet gjort utan store kostnadar.
Det er vel ingen tvil om at det vert merksemd når Hjørundfjord bondelag og Hjørundfjord bygdemobilisering går ilag om å ofre dyrkamarka. Her skulle ein nok vente det motsette og vi skulle gå inn for vern, men skal vi få utvikling i bygda er vi villige å gå imot våre overordna i landbruket og ofre desse verdiane. Det er no tross alt ikkje snakk om meir areal enn det ei eller to mjølkekyr treng i året, og kva treng vi mest? Vi er villige til å byte vekk desse mjølkekyrne mot kanskje nye 10-15personar i bygda.
Eit annan moment som også har vore snakk om, er at ved å imøtekome eigaren av prestegaden for å realisere eigdommen sin, kan vi få attende ein flott restaurert prestebolig og ei løde som kan verte nytta til kyrkje og kulturabeid. Dette vil heile fjorden ha nytte av.
ISMo
Hjørundfjord bygdemobilisering
Klimaet på Sæbøneset (28.02.2009 kl. 12:05)
Er nok enig i dette, som tidlegere beboera så er nok Sæbøneset en mye bedre plass å bo når vi tenker på klima og ikke minst sol nesten heile året. De som kansje skuffa meg litt er at ikke Bygdemobliseringa har stått på litt hardere overfor Kommunen då med å få bygge ut de resterene av feltet på Sæbøneset. I sentrum kunne dei først rive den gamle stygge alderheimen å legge ut 2-3 tomter der,og heller spare dyrkamarka?Tror ikke etterspørselen etter tomter på Prestemarka blir så stor, men de viktigeste er vel at der også er et anna alternativ, og då tenker jeg selvsagt på Sæbøneset, har Kommunen gjort jobben sin å lagt ut flere tomter der ute med utbygging av vei samt opplegg til vatn og kloak, så har nok folk heilt sikkert foretrekt desse tomtene.Blir nok endel dyrere tomter, men bevares tørre og gode kjellera bygd på fjell,og fine fjellhaga?
Dagfinn Strand
Nabo. (28.02.2009 kl. 11:05)
Har du ikkje skjønna det?? det er i Ørsta dei vil vi skal bo!!Vi for unskylde dei som skal ha greie på det,dei veit ikkje bedre.No ordna alt seg i Sæbø, for no vert det millioner til Sæbø sentrum og opprustninga der. Her ute klara vi oss,med litt asfalt her og der,og en og anna som vil gå tur ut og nyte sola.Bra dokke brukte vet:)
AnnHelene Wille
Eit bra vedtak (28.02.2009 kl. 00:22)
var dette. Det er fint å få 2 alternativ til å bygge å bu på Sæbø. På Sæbøneset byggefelt er det 2 dårlege tomter att til 20 000,- (trur eg).
Ellers er her mange flotte dyre utilgjengelege tomter som kommuna ikkje vil vere behjelpeleg med å bygge på. Vi skulle bygge nytt for 2 år sidan, men det stoppa pga. tomtekostnadar/opparbeiding av veg, vatn, kloakk osv.
Kansje vert det rimlegare i Sæbø sentrum, der er i vertfall flatare og mindre sol (og kaldare seier Wenche)
Resten av Bondalen må vi heller ikkje gløyme å legge ut for sal(bualternativ nr 3.)Eit små/storbruk er vel mange som drøymer om å kjøpe...
Vidar Stokke