Barna skifter på å vere nede og å vere oppe. Den første halvtimen er dei gjerne på ei av stovene og leiker seg eller gjer ting saman med dei eldre. Denne dagen fekk dei teiknepapir og teikna mange båtar. Helst Titanic, for den held barna på å lære masse om i barnehagen no. Denne gongen hadde barnehagen med litt spel som vart nytta. Nokre gongar er dei eldre med i vår aktivitet, men ofte synest dei det er kjekt berre å sjå på oss.

aldersheimen2

Siste halvtimen er barna med på trimmen. Det er det som er aller kjekkast synest dei. Norunn Aklestad leier gamle og unge gjennom eit variert og underhaldande program.

aldersheimen3

Først er det oppvarming der armar og bein er i rørsle.

aldersheimen3

Vi vippar foten opp og ned, fram og tilbake og tilslutt rullar vi i ankelleddet.

aldersheimen4

Også fingrane treng å bli varme, og vi klemmer handa saman og rettar så ut fingrane igjen. Fleire gongar.

aldersheimen5

Så kjem eit av dagens høgdepunkt. Norunn finn fram ballongen og vi spelar den fram og tilbake til kvarandre. Her gjeld det å kontrollere styrken i slaget, ei ekstra utfordring for barna. Heldigvis er ballongen mjuk.....

aldersheimen6

Neste høgdepunkt er fallskjermen. Den har så fine fargar som ein får passe på. Først sender vi ein ball rundt og rundt i fallskjermen, det gjeld å koordinere rørslene sine med dei andre. Skjermen skal ned når ballen kjem mot oss og opp når ballen skal i frå oss.

aldersheimen7     aldersheimen9  

Så blir det lagt ein ball inn i midten av skjermen. Saman blir skjermen løfta forsiktig opp, ein gong, ein gong til og på tre løftar alle fort opp. Kanskje smell ballen i taket? Nei, vi prøver ein gong til.

aldersheimen8

Så gjeld det å finne knuten i ytterkanten av skjermen. Nå den er funne, skal den sendast vidare til nokon andre. Skjermen flyttast gjennom hendene, både fram og tilbake. Barna passar nøye på at alt kjem på rett plass: "Ej skal ha gul, for der starta ej."

Treninga avsluttast med ein gledesfull uttøying: Applaus (vi klappar) og jubel (vi løfter hendene mot taket). Så seier barna "ha det" og går attende til barnehagen.