Først litt om Atlantic Cod Farms AS.  Dette har vi henta frå selskapet si heimeside:

"Atlantic Cod Farms AS er et ekspansivt torskeoppdrettsselskap med hovedkontor på Stadlandet. Selskapets virksomhet er lokalisert fra Sognefjorden i sør til Fosen i Trøndelag i nord. Selskapet ble etablert i 2003, mens oppdrettsvirksomheten kom i gang i 2005. Etter en forsiktig oppstart med viktig kompetansebygging, skalerer nå selskapet opp virksomheten gjennom hele verdikjeden.Atlantic Cod Farms AS er i ferd med å sikre seg et konsesjonsvolum for matfiskproduksjon på over 21.000 tonn, og selskapet vil dermed være blant aktørene i Norge med størst konsesjonsvolum." 

Vi nemner også at Standal Invest AS (Asgeir Standal) eig 9,25 % av aksjane i selskapet.

Øksavika kopi

Her ser vi Atlantic Cod Farms AS sitt anlegg i Øksavika innanfor Standal.  Dette er eit arkivfoto frå august 2008.

I lokalavisa Møre-Nytt sist laurdag kunne vi i ein liten notis lese at Atlantic Cod Farms AS trekkjer søknaden om oppdrett ved Molaupen i Hjørundfjorden.  Vidare kunne vi lese at  dei vil fjerne dei fire ytste bura av anlegget i Øksavika innanfor Standal. 

Dette kunne nok tolkast som ei gledeleg opplysning for hjørundfjordingar flest i all den dag eit stort fleirtal av oss er mot oppdrettsanlegg i Hjørundfjorden.  hjorundfjord.no måtte sjekke dette litt nærare og tok tidlegare i dag ein telefon til selskapet sitt hovudkontor på Stadlandet i Selje kommune og snakka med veterinær Hogne Bleie som er direktør for biologi og biosikkerheit i Atlantic Cod Farms AS

- Hogne Bleie, stemmer dei opplysningane som kom fram i Møre-Nytt sist laurdag?

- Ja, opplysningane stemmer nok, dei.

- Dette må du forklare litt nærare, vil verkeleg Atlantic Cod Farms AS seie ja til å produsere mindre torsk i Hjørundfjorden?

- Nei, det stemmer nok ikkje.  Som du kanskje kjenner til, har vi søkt om å få utvide anlegget for torskeoppdrett i Øksavika.  Administrasjonen i Ørsta kommune har sagt ja til denne søknaden, men politikarane sa seinare nei.  Det vi no ønskjer, er å kome i dialog med politikarane slik at også dei vil tilrå søknaden vår om utviding i Øksavika.  Det handlar om å gje og ta, veit du.

- Gje og ta?  Men slik eg oppfattar notisen i Møre-Nytt vil selskapet ditt berre gje og ikkje ta, dvs. trekkje søknaden om oppdrett ved Molaupen og redusere storleiken på anlegget i Øksavika.  Er dette korrekt oppfatta?

- Når det gjeld Øksavika så er det rett at vi vil redusere den fysiske storleiken på anlegget, men ikkje på anlegget slik det ligg i dag.  Vi har som nemnt søkt om ei utviding av både produksjonsvolum og fysisk storleik på dette anlegget, men det vi no seier ja til, er å redusere den fysiske storleiken av anlegget utifrå søknaden om utviding. 

- Vil det seie at de også seier ja til å produsere mindre torsk i all den dag den fysiske storleiken vert mindre?

- Nei, det gjer det nok ikkje.  Vi ynskjer tvert om å produsere meir torsk sjølv om storleiken vert mindre.

- No må du orsake meg, Bleie - det er ein amatør som spør - eg oppfattar det no slik at du vil redusere storleiken på anlegget utifrå søknaden om utviding, men samstundes vil du produsere meir torsk ved det same anlegget.  Korleis kan dette henge saman utan at du går på akkord med dyre-/fiskevelferda?

- Vi vil sjølvsagt framleis drive på ein forsvarleg og god måte og fiskevelferda skal verte godt ivareteken.  Då vi søkte om utviding av storleiken på anlegget og produksjonsvolumet av torsk ved anlegget i Øksavika, så søkte vi om rikeleg areal/volum.   Så sjølv om vi no seier ja til å redusere storleiken på anlegget er vi likevel godt innanfor regelverket når vi no ber om ei utviding av produksjonsvolumet av torsk.  Vi har nemleg oppfatta det slik at politikarane ynskjer ein mindre storleik på anlegget i Øksavika.

- Over til Molaupen.  De trekkjer søknaden om oppdrett her.  Kva ligg "bak"?

- Vi tek signal.  Det vil seie at vi ikkje ynskjer nokon erstatningslokalitet for anlegget vi søkte om ved Molaupen, men framleis står vi fast ved søknaden om torskeoppdrett ved Nes på Trandal.

Direktør for biologi og biosikkerheit i Atlantic Cod Farms AS, Hogne Bleie, opplyser at firmaet i dag har konsesjon til produksjon av ein MVT, dvs. 780 tonn torsk i Øksavika.  Dette er i dag det minste ein får løyve til og Bleie vedgår at dette er så lite at det knapt er industrielt lønsamt.  I søknaden, som no altså er til handsaming, søkjer  Atlantic Cod Farms AS å få produsere 3 MVT, dvs. 2340 tonn torsk, men  Bleie legg raskt til at dette ikkje vil seie at ein vil produsere tre ganger så mykje torsk.

---------------------------------------------------------------------------------------------

I vår, då torskeyngelen vart sett ut i anlegget i Øksavika, fortel Bleie, vog den ca. 70 gram og vil nå ei slaktevekt etter ca. to år.  Den veg då ca. 3,7 kg.  Inklusiv i denne to- årsperioden ligg det også ei brakkleggingstid av anlegget på ca. 2 mnd.  Denne brakkleggingstida er enno ikkje lovpålagt, men likevel praktiserer dette firmaet som oftast ei slik brakkleggingsperiode.  Dette har sjølvsagt med sjukdom og smittepress å gjere.

I framtida vil selskapet syte for at torskeyngelen vert heile 120 gram før den vert sett i sjøen.  Dette gjer at oppdrettstida i sjøen vert redusert noko Bleie ser på som ein klar fordel for alt og alle, m.a. vert smittepresset redusert.  Bleie avsluttar med at årsaka til at ein ikkje nødvendigvis vil produsere tre gonger så mykje torsk sjølv om ein søkjer om ei tredobling av volumet, har si årsak i produksjonsmåten.

At ein har konsesjon på ein MTV vil seie at ein til ei kvar tid kan ha 780 tonn torsk i anlegget noko igjen vil seie at ein kan fylle på meir torsk etter kvart som ein slaktar.  Ein slik produksjonsmåte er uheldig fordi det fører til auka smittepress.  I staden satsar Atlantic Cod Farms AS på at dei tømer eit anlegg heilt for fisk, legg det i brakk i ca. 2 mnd. og fyller så på all yngel på ca. 120 gram i løpet av kort tid og fyller ikkje på meir før all torsken er slakta etter ca. 2 år (inkl. brakkleggingstida).  Ein slik produksjonsmåte fører til mindre smittepress og sikkert mindre sjukdom, men produksjonen vert altså mindre enn den først nemnde metoden.