hjorundfjord.no, Møre-Nytt og Sunnmørsposten har lenge omtalt "legesaka" i Hjørundfjorden. I dag var det TV 2 sin tur. For TV 2 møtte Arill Riise og han hadde med seg eigen fotograf. Nyhendeinnslaget vert sendt på TV2 snart, mest truleg allereie i morgon, onsdag, klokka 21.
For den som enno ikkje har fått med seg kva denne saka gjeld, kan det opplysast at for ei tid attende bestemte rådmannen og helse- og sosialsjefen i Ørsta at legestillinga i Hjørundfjorden skulle dragast inn og flyttast over til Ørsta sentrum og det private legesenteret Ørsta Helsesenter AS. Dette har sjølvsagt ikkje blitt motteke med hurrarop i Hjørundfjorden. Ordføraren har også i ettertid vore med på å kasta bensin på bålet. Til Sunnmørsposten har ho sagt at heile denne saka berre er storm i eit vassglas og at no må hjørundfjordingane roe seg ned. Etter dette har ordføraren prøvd å roe ned det heile m.a. gjennom lokalavisa vår Møre-Nytt. Ho har no lova politisk handsaming av saka.

Bruno Hame vert filma på Sæbø i det han går ombord i skyssbåten M/S "Hjørundfjord" . Til venstre skimtar vi journalist Arill Riise.
TV 2 hadde lagt merke til at ein lokalpolitikar hadde hevda at det tek berre 30 minutt å kome seg til lege i Ørsta for hjørundfjordingane. Dette var ein av grunnane til at TV 2 vart med på legeturen til Bjørke i dag - som kjent er det vanskeleg å kome seg til Ørsta på 30 minutt anten ein bur i Norangsfjorden, på Skår, på Viddal eller på Bjørke.

På foto til venstre ser vi Bruno Hame i samtale med Arill Riise og på foto til høgre er det skyssbåtførar Oddvar Olsen som vert intervjua.
Og kva som vart sagt? Det er berre å fylgje med på TV 2 sine nyhendesendingar på onsdag. (Kanskje kjem det seinare om noko større skjer ute i verden)
De è bære ein ting å gjæra! (25.01.2009 kl. 09:01)
Alle Bjørkinger meldar seg tè legesenteret i Volda. Kvifor ska vi ha tilknyttning tè Ørsta legesenter, det blir jo ein omveg for oss Bjørkingane når kontoret på Bjørke blir nedlagt. Og ka blir det når Kvivsvegen åpna, då hè vi jo et nytt legekontor som è endå nærmare.
Kjartan Alnes
Flott innslag (24.01.2009 kl. 23:20)
TV2 programmet var eit flott bilde av Hjørundfjord. Vis det fleire gonger så kan det godt tenkjast at det er fleire legar som kan tenkje seg å bu der.
Det er flott natur, liten og oversiktleg skule, godt oppvekstmiljø og mykje kjekke folk i bygda / fjåra. Og kun 25 minutt å køyre på jobb dei dagane ein må ha kontordag i Ørsta....
Og det er garantert uten kø :-)))))
Trur nokre slike innslag kan være mykje bedre reklame for å få ansett dyktige og engasjerte legar enn ei avisannonse:-)
Eva Aarskog
Nei, men (24.01.2009 kl. 02:14)
Hald fokus.
Rune Sæbønes
Kjekke greier (23.01.2009 kl. 23:46)
Det er så kjekt når folk tek seg tid til å kome med kommentarar, men NB, NB - Obs, Obs: Sjølv ein liten kommentar her på portalen kan verte til ei stor sak i Møre-Nytt...
Knut Hustad
Engasjement (22.01.2009 kl. 22:07)
Likte innholdet i kommentaren til Unn Frøland. Tror hun er inne på noe vesentlig, når hun viser til at folkevalgte kan bli skeptiske til å benytte portalen. Tidligere har jeg selv påpekt fraværet deres i debatter på portalen, - med en oppfordring til dem, - om å delta. Det gjør jeg ikke lenger.
Til slutt, en stor takk til initiativtakerne for underskriftskampanjen!
Sverre Magnus Myrtveit
Bra (21.01.2009 kl. 22:19)
Bra du tørr å stå for det du skriv/seier Knut:)Det er tydeligvis ikkje alle som det gjer!!Sannheita bruker å kome fram tilslutt.
Wenche Strand
Så hatten passar (21.01.2009 kl. 21:36)
Først, sjå eiga sak - intervjuet med ordførar Gudny Fagerhol over. Etter det eg forstår, får eg så hatten passar i Møre-Nytt i morgon. Ordføraren opplyser til meg at der kjem ei eiga sak i lokalavisa. Og redaktøren i Møre-Nytt har tidlegare i dag pr. tlf. opplyst til meg at Arill Riise til lokalavisa hevdar at han har blitt sitert feil på Hjørundfjordportalen.
Om nokon skulle tvile - eg held fast på det eg har skreve i kommentaren om kva TV 2 sa til underteikna og båtførar Oddvar Olsen i går. Vi vart begge intervjua ombord på M/S "Hjørundfjord" og vi stilte ikkje spørsmål om denne legesaka til TV 2. Då eg skulle til å verte intervjua vart eg først nærast vippa av pinnen då eg vart fortalt kva ordføraren hadde sagt til TV 2 tidlegare på dagen. Men no er visst ingen ting sagt av nokon...
Men for all del - er ingen ting avgjort skal vi berre vere godt nøgde og halde fram med kampen for legestillinga i Hjørundfjorden. For ein ting er sikkert - politikarane må få kjenne presset frå oss. Tidlegare i dag opplyste eller Ola Perry Saure (Sp) til meg at slik han såg saka stod no, ville han nok tilrå "sine" to representantar i driftsutvalet å stemme for at den utlyste legestillinga vert trekt attende og lyst ut på ny med opplysningar om at arbeidsstaden skal vere Hjørundfjord.
Knut Hustad
Usakeleg.... (21.01.2009 kl. 20:53)
Usakeleg skriv du Unn.
"Betegnelsen" er sjølvsagt definerbar, men likevel.
Eller er det meininga at vi alle skal verte politisk korrekte....
Marionetter kanskje?
Helge Strand
Neida (21.01.2009 kl. 20:32)
Eg er ikkje nevnt i denne saka. Tru ikkje at eg er enig med verken Castberg eller Fagerhol (om det stemmer det som har kome fram her) , eg blir berre irritert når diskusjonane blir usakelige.
Unn Frøland
Kjære Unn (21.01.2009 kl. 20:12)
Håper du ikkje trudde det var deg eg var ute etter.
Einar Arve Nordang
Ja, dokke he sikkert rett (21.01.2009 kl. 19:54)
Her er det sikkert eg som overreagerar som vanlig. Eg ventar forresten spent på å sjå Arild-nyheitene snart.
Unn Frøland
Synes ikkje at noke her har vore ufint (21.01.2009 kl. 19:36)
Eg har sjølv vore politisk aktiv mange år, og synes for min eigen del at kritikk der folk står fram med fullt namn bør ein tole, hvis ikkje har ein ingenting i politikken å gjere. Det som provoserer i denne saka, er vel for dei fleste at det synes at kommunens fremste tillitsvalde har drive ureint spel overfor veljarane sine.
Einar Arve Nordang
"Å kalle ei spade for ei spade..." (21.01.2009 kl. 14:32)
Noe av det fine med portalen er at ethvert innlegg er "dømt" til å bli forfattet med navns nevnelse.
Helge Strand
Med fare for å være ufin (21.01.2009 kl. 14:03)
... så er det vel et lite paradoks at kommunestyret vedtar enorme lønnsøkninger til ordføreren (og litt til seg selv), samtidig som de sliter med å få endene til å møtes.
Oppslag på www.smp.no i dag
Kari Stokke
Ufint. (21.01.2009 kl. 11:59)
Ein gong har eg vore ufin, og det var mot ein viss Castberg. Der brukte eg eit uttrykk som eg prøvde å få vekk etterpå. Skulle kanskje kontakta Ivar Svein?
Når det gjeld ordføraren, som har kjempa seg til vervet, må ein kunne vente ei viss fastheit i klypa. Og det har sjølvsagt ikkje noke med kjønn å gjere.
Vingling, og nedroing av engasjerte innbyggarar slik ein pratar til fulle folk og ungar kan ein ikkje kome skadeslaus ifrå.
Ein kommentar bør ha eit snev av spissformulering og snert. Dersom det ikkje tolest så må i alle høve eg halde fingrane frå tastaturet.
Knut Riise
Bra at folk engasjerer seg! (21.01.2009 kl. 09:46)
Eg har passivt fulgt med i debattane i det siste, og eg synest det er bra at mange engasjerer seg og slår ring om tilboda på bygdene. Eg var for eit par dagar sidan på klima-møte i Ørsta, der var det ei som påpeika den auka trafikken nedlegginga av t.d legekontor på Sæbø og Vartdal ville skape. Eit godt poeng. Eg vonar at dette går i orden, eg har sjølv fastlege på Sæbø, og folk i Ørsta trur det er ein spøk når eg seier at eg kjører berre over Eidet og set meg i køa;)
Ein ting eg reagerer STERKT på i desse debattane er personlige angrep på i dette tilfellet politikarar. Det øydelegg også for diskusjonen, og eg tek meg i å sjå langt mindre seriøst på dei som kjem med slike utspel. Dei same personane har surmula i lang tid fordi politikarane ikkje er meir aktive på portalen, men kva skjer når dei vågar seg frampå? Dykk spenner beina under dei! Det står ingen stad at ein som politikar plikta å være aktiv på nettet, og det fristar heller ikkje når ein kan verte møtt på ein slik måte.
Det må gå an å være usamde i saker uten å gå til personlig angrep og være ufin. Når det gjeld den saka er portalen langt betre enn Sunmørsposten der anonyme kan legge inn den dritten dei vil utan å stå for det sjølv. Berre spy ut sin eder og galle, for så og føle seg mykje betre etterpå!
Eg nevner ikkje navn i denne skjenne-preika, men dei det gjeld veit det nok sjølve. De kjempar ei god sak, ikkje forpest den med slikt. (De må ikkje bli så fornærma at de ikkje vert å sjå her inne på ei stund no då;) Eg meinar berre at slike motangrep kan gjere vel så mykje skade....
Unn Frøland
Pengemaskin for kommuna på Bjørke (20.01.2009 kl. 23:22)
Veit ordføreren at då Hjørundfjord kommune slo seg seg i hop med dei i Ørsten så fekk Ørsten også ei pengemaskin med i handelen.
(Tussa gir vel over 30 mill i utbytte)
Vi i Hjørundfjorden bør ta pengmaskina tilbake vist ikkje noko av desse pengene blir brukte her
i fjorden!
Perry Bjørke
Huenummer. (20.01.2009 kl. 23:19)
Kan det vere noke gale med huenummeret?
Knut Riise
demokrati ? (20.01.2009 kl. 21:45)
Ho Gudny borte i Ørsta
driv politikk mest som i ørska
Ho seier ditt til datt
ingen skjønar eit fnatt
Du må då spørje folket først da
..og Castberg han søv også i timen
reknar feil og blingsar med geografien
Han set skylappar på
berre sentrum skal få
nei og nei - dette lignar ikkje grisen
Alf Ole Aarseth
Det er bra at denne saka får merksemd (20.01.2009 kl. 20:27)
Hvis det er korrekt informasjon som her kjem fram om ordføraren, så treng ho ikkje forvente attval. Eg skal ikkje begi meg ut på personkarakteristikkar med det virkar som ho er "åt å værte oma" i beste fall
Einar Arve Nordang
Korrekt....? (20.01.2009 kl. 20:10)
Er Knut sin referanse til ordføreren korrekt, er det nærast sensjasjonelt.....
Ola P. Saure er "vag," seier du Knut.
Ja, ikkje berre vag, men ikkje å stole på....Det veit du og, Knut....
Helge Strand
Har visst mye på lur ordføreren... (20.01.2009 kl. 19:49)
Hun har det med å uttale seg og siden bortforklare / beklage ved neste anledning.
Undres på hva hun vil bortforklare dette med.
Ser dagens Møre-Nytt refererer henne fra en diskusjon om flerbrukshallen i et formannskapsmøte i forrige uke: "Og no nærmar det seg grensa for å gjere vedtak utan at vi veit kva det inneber,..."
Skulle tro det, ja.
Kari Stokke
legesaka (20.01.2009 kl. 16:58)
Ja ikke glemm oss som bor på TRANDAL , å som ikke har mer en 1 ferje på førmiddag til å komme seg til ØRSTA
MVH Turid Rønning
Turid M Rønning
Verre og verre (20.01.2009 kl. 16:47)
Undervegs til Bjørke kunne Arill Riise fortelje til Oddvar Olsen og underteikna at han hadde snakka med ordførar Gudny Fagerhol før han kom til Sæbø. - Og Gudny var sterk og klar, kunne Arill opplyse. Gudny sa rett ut til han at denne saka var avgjort. Det kom ikkje på tale noko anna enn at legestillinga/heimelen skulle knytast til Ørsta legesenter AS etter at Hame hadde gått av. Legen som fekk denne stillinga skulle også gå inn i den vanlege legevaktordninga ved helsesenteret. I tillegg sa ordføraren til han at legebustaden/kontoret på Sæbø skulle seljast. Dette opplyste altså Arill Riise til oss.
Så må vi stille oss spørsmåla: - Er det nokon som har mistydd kraftig, eller er det ordføraren som held oss hjørundfjordingar for narr når ho til Møre-Nytt seier at denne saka enno ikkje er politisk avgjord?
Vi hjørundfjordinar har tydelegvis ikkje vore klare nok i våre uttalar sjølv om vi av ordføraren har blitt bedd om å roe oss ned. Eg må nok også vedgå at eg, utifrå det som har stått i Møre-Nytt, har syntes at m.a. formannskapsmedlem Ola Perry Saure(Sp) har vore svært vag i denne saka. Mitt konkrete spørsmål til Ola Perry Saure vert difor: Vil Sp vere absolutt i sitt krav på at den utlyste "hjørundfjordlegestillinga" skal trekkjast tilbake og lysast ut på nytt der det vert opplyst at den primære arbeidsstaden for legen skal vere i Hjørundfjorden?
Knut Hustad