Snø og fleire minusgrader i kveld, mykje regn og vind i går. Likevel var det mykje vakkert å oppleve i går - i alle høve om ein er busett i Storfjorden i Hjørundfjorden.
Som opplyst annan stad her på portalen var "jettegrytemannen" vår, Perry Bjørke slett ikkje i form. Mellom hostekuler og sterke feberanfall jobba han iherdig med søknadar og mykje anna pc-arbeid. Kanskje har Perry slutta å røykje også, i så fall gjekk han kanskje heller ikkje ut på trappe i det heile. Likevel kunne han nok sjå den vakre Tyssefossen gjennom stovevindauga.
For underskrivne kunne det sjå ut som der var mykje vatn i Tyssefossen, men det var det kanskje ikkje? Er i så fall dette vatn som kjem inn i fossen etter demninga oppe i Tyssedalen?
Vakre, gamle bygningar, men kva slags hus er dette?
Det er litt flaut å vedgå at kjennskapen til desse sikkert verneverdige bygningane er mindre enn det som bør forventast - i alle fall før eg snakka med Perry på telefon i dag. Er det nokon som veit meir om desse sikkert gamle trehusa? (Desse husa ligg berre få meter frå Perry og sambuar Olga si hustrapp)
Då eg først var inne i fjorden måtte eg sjølvsagt til Leira for å sjå på tunellarbeidet der. Eg vart heilt imponert over storleiken på anleggsarbeidet - det er heilt sikkert mykje større enn dei fleste av oss trur. Store lastebilar/semitrailarar, gravemaskiner, brakker, bilar av ulike slag osb. var der nærast over alt, men nede ved sjøen låg nausta som dei nærast alltid har gjort. Nausta såg ikkje ut til å bry seg sjølv om det låg kilt stein (sikkert mellombels) inn mellom dei.
Naust og springflo på Leira
Ikkje mange meter frå nausta ser vi nærast ei anna tid. Tuneallarbeidarane har allerei sprengt seg mange hundre meter inn gjennom fjellet og om ikkje lang tid kan folket på Vidda og Leira - fyrst og fremst - sleppe å engste seg for steinsprang når dei skal til Bjørke og vidare i den retninga.
Når anleggsarbeidet ein gong tek slutt så må vel store og flate område verte liggande att nede ved sjøen? Er det slik at det likevel ikkje skal byggast molo her? Likevel - her må vel verte store områder som kan utnyttast til eit eller anna, t.d. innanfor turisme?
Vel tilbake på Bjørke såg eg den "nye" jettegryta som er nemnt annan stad her på portalen. Perry har informert meg om at utgravinga av denne ikkje kan gjerast ferdig enno. Omtrent der som fotografen står på fotoet over er det nemleg eit borehol for drikkevatn. Dette boreholdet må erstattast av eit anna før utgravinga kan avsluttast.
På veg heim såg eg svanene på Langvatn i Austefjorden. Dei såg ikkje ut til å sakne snøen i det heile.
Svaner ved Langvatn
Kommentarar
Informasjon om Tua og Tingstova finn du i ei av Årsskriftene til Hjørundfjord Sogelag.(eg trur det er 90-91-92)
Sogelaget disponerer husa og grunnen i 10 år til
etter det eg veit.
Sogelaget resturerte Tua i 1988 og satte opp Tingstova året etter.
Den fann eg i låven vår som blei reven då.
Bra den ikkje gjekk på bålet.(den er frå 1600)
Nå treng husa vedlikehold igjen og eg tok det opp på møte i Sogelaget (eg er vara der nå)
Det er lekasjer på taka og vi må sikkert skifte tak på Tingstova.
En tømrer som Fylket bruker er nå kontakta.
Han skal sette opp eit overslag på vedlikeholdet som må til.
Eg har snakka med fylket og eg skal prøve å få på plass en søknad før den 1 februar.
Såg du bildet Ørsta kommune delte ut til han som fekk kulturprisen.TUA/Tingstova
Velkommen på dugnad Knut til våren når vi skal skifte tak.
Blir kaffi og historier då og du kan hente ut mykje god informasjon om Bjørke då.
Garden her har 2 navn.
Vi bruker nå Hansgarden men i gammal tid brukte dei og Krusegarden.
Garden blei delt i 2 då odelsguten gifte seg med Guri frå Honndalen.
Foreldra godtok ikkje dette og tok frå han halve garden.
Bra man nå får velge dame sjølv uten at foreldra legg seg bort i det.(eller legg nokre seg ennå bort i giftermåla?)
HALLO
Lånetilbud for alle! Er du økonomisk nede og trenger du en presserende kreditt/økonomisk bistand? Eller trenger du et lån for å starte opp/øke virksomheten eller kjøpe drømmehuset ditt. FÅ DIN GODKJENNELSE FOR UTLÅNDLÅN 100% GARANTERT I DAG IKKE UTGÅR DITT KREDITTSPORT. WhatsApp: +19292227023 E -post: drbenjaminfinance@gmail.com