Det var ikkje så mykje å få ut av dei,  grunnborarane Odd Einar Risan og Arnfinn Berget i Statens Vegvesen.  Like fullt - i dag stilte dei to med flåte og ein nærast ny borerogg ombord.  Oppdrag: Grunnboring i området ved dagens- og området der den nye ferjekaia skal plasserast.

IMGP8937 kopi IMGP8939 kopi

Tøffe menn, grunnborarane Odd Einar Risan(t.v.) og Arnfinn Berget i Statens Vegvesen.

Sjølv om dei ikkje visste- eller ville seie så mykje, fekk vi i alle høve vite at grunnboringane ved kaia hadde si årsak i bygging av ny ferjekai på Sæbø.  Det er ikkje lenger snakk om å flikke på den gamle.  Dei visste ikkje når den nye ferjekaia skal byggast eller om det var sett av budsjettmidlar til bygginga, men, som Risan sa: - Når vi får beskjed om å gjere eit slikt oppdrag er det fordi det hastar.

IMGP8949 kopi

Grunnboring ved dagens ferjekai på Sæbø

Når dei to  i dag bora ca. 20 meter ned under havbotnen ved dagens ferjekai så var det m.a. fordi det  skal fyllast ut masse for parkeringsplass av bilar i dette området og ledeveggar for ferja setjast opp.  Dei skulle også bore/sjekke grunnforholda der den nye ferjejkaia skal ligge etter reguleringsplanen.

Dei to kunne altså ikkje opplyse når - det er når og ikkje om - byggerabeidet av den nye kaia skal starte, men hjorundfjord.no har fått opplyst at Ørsta kommune har sendt inn- og prioritert ny ferjekai på Sæbø i si ynskjeliste til Statens Vegvesen.  Som kjent skal regjeringa snart legge fram "krisepakken" sin.  Vi veit også at snart skal ferjedrifta på Hjørundfjorden leggast ut på anbod.  Så kanskje vi får ny ferjekai på Sæbø allereie i år?