I Årsskrift nr. 30 - årets utgåve - skriv Torbjørg Flateby ein flott artikkel om sin eigen far, "Ragnvald Bratheim - ein "Jack of all trades". Han var sanneleg ein allsidig person som visste kva hardt arbeid var for noko. Det er fint å få høyre om desse heltane- også frå kvardagen.
Årsskriftet må lesast - frå ende til annan - .
I slutten av artikkelen skriv Torbjørg følgjande:
"Far var vand med mange slags handverk, og i 1964 vart han med Per Flo då prestegarden på Sæbø skulle pussast opp. Det han hugsa best frå den jobben, var riving av taket som var isolert med asfaltstøv. Og så det vesle kottet ved sida av VIP-soverommet på prestegarden - her skulle unge og vakre tenestejenter stå til disposisjon for VIPane i tidlegare tider. Venteleg går mange av oss rundt med kongelege eller klerikale gener etter desse visitasane." (uthevinga gjort av underteikna).
Eg har titta litt i dagbøkene (ministralboka) for prestane på 1800-talet. Eg merkar meg at dei vitjar andre kyrkjesokn og ein kan rekne med at presten i Hjørundfjord fekk vitjing av kollegar frå andre prestegjeld, kanskje kom og prosten eller biskopen på visitas. Eit gjesterom høyrde sjølvsagt til på Prestegarden i Hjørundfjord. Eg trur at noverande prestegardsbygning er frå 1860-talet. Korriger meg om det er feil!
Men så var det altså det vesle kottet ved sida av gjesteromet....
Moralens vaktar, eller ....? (Kopi frå Wikipedia - tilf. valt motiv)
Sto det verkeleg så dårleg til med moralen til dei geistlege at det vart lagt opp til at tenestejenter skulle "stå til disposisjon" for gjestane på prestegarden? Det er klart at Torbjørg skriv om anna enn å servere mat og drikke.
Dette vert berre ei rekkje spørsmål som eg håper det kan kastast meir lys over. Har Torbjørg Flateby dekning for det ho skriv, eller er det fri fantasi?
Eg treng ikkje utdjupe spørsmåla mine ytterlegare. Men eg skulle ønskje at forfattaren, presten, leiaren i sogelaget/kulturminnelaget eller andre kyndige kunne hjelpe til med å kaste meir lys over det som er sitert ovanfor.
Kommentarar
I ein del land / kretsar var det og forventa at husets Frue skulde stå for bading av mannlege gjestar. Også den oppgava vart sett vekk til tenestetausene, men om det var særleg "fine" gjestar vart det forventa at Fruen gjorde det sjølv. Kva "tilleggsytelsar" som vart forventa utanom vasken kunne variere.....
Det vart ikkje sett på som "utuktig" omgang heller, berre noko som haure med til tilværelsen liksom....
Det var og vanleg at om tenestejenta vart gravid vart ho enten sendt på dør med "skamma si" eller arbeidsgivaren sytte for eit "rimelig gifte" der han då betalte mannen litt for å gifte seg med tausa og ta barnet som sitt. Sidan det medførte arverett var det ikkje berre berre.
Det er ikkje lenge sidan eg såg ein dokumentar om dette frå India, der skikken fortsatt er i hevd ein del stadar.
Til Unn sin kommentar.
Din "understatement" var elegant....!
Eg forstår det slik at Torbjørg Flateby har dekning for å nemne det som far hennar observerte i prestebustaden.