ØRSTA SENTERPARTI

v/Ola Perry Saure

6190 Bjørke                                                                

                                                                            

                                                                                      

10. Januar 2009

 

Til

Ordføraren i Ørsta

Rådhuset

6150 Ørsta

 

 

VEDKOMANDE UTLYSING AV FASTLEGESTILLINGAR I ØRSTA:

 

Som Ordføraren kjenner til har det vakt ein del reaksjonar  på utlysingsteksta på 2 fastlegestillingar, som fram til no, har hatt si base  i Hjørundfjorden og på Vartdal.

Det vert reagert på at desse to stillingane i utlysingteksta vert tenkt lokalisert til Ørsta legesenter, likeeins at dette vert gjort utan at saka har vore til politisk handsaming. Eg har merka meg at leiaren i driftsutvalet har varsla at saka vert teke opp i komande møte, den 28. januar.

 

Det kan difor kanskje oppfattast som ei innblanding i fagutvalet sitt saksområde når underteikna ber om at formannskapet får ei orientering  om saka på komande møte, den 15. Januar.  Det vil eg understreke ikkje er meininga. Men eg synest at det er viktig å få fram at det frå politisk hald ikkje er gjort vedtak om nedlegging av kontora på Sæbø og Vartdal. Dette må eventuelle søkjarar få opplysing om av administrasjonen i Ørsta kommune.  Formannskapet kan om dei vil, gjere pålegg om dette, i vedtaks form på møtet den 15. Eg vil tru at det ikkje er naudsynt.

 

Eg har forstått at litt av argumentasjonen har vore at det har vore vanskeleg å få norske legar til å søkje stillingar i utkantane.

Både i Hjørundfjorden og på Vartdal har ein vore svært so heldige med legar som ikkje er fødde i Noreg. Med den profileringa som  m. a Hjørundfjorden  i den seinare tid har fått i norske og utanlandske media  p.g a naturen og muligheitene til aktivt friluftsliv, skal ein ikkje sjå vekk frå, at dette kan fengje søkjarar som vi i dag ikkje er klar over. Etter det lokale engasjementet for å behalde legane å dømme, vil ei legefamilie både på Vartdal og i Hjørundfjorden få ei varm velkomst av folket i desse bygdelaga.

 

Eg vil også be om at det vert orientert om det komande interkommunale legevaktsamarbeidet som skal iverksetjast seinare i vår, og kva innverknad det vil ha for legetenestene i Ørsta.

 

Likeeins tilsynslegefunksjonen på sjukeheimane på Vartdal og Sæbø viss legekontora der vert lagde ned. Kan det då tenkjast at vinninga med å legge ned kontora vert redusert av di ein får auka kostnader ved tilkalling av lege?

Vonar med dette at Ordføraren kan legge til rette for ei orientering på komande møte.

 

Med venleg helsing

Ola Perry Saure