ØRSTA SENTERPARTI v/Ola Perry Saure 6190 Bjørke 10. Januar 2009 Til Ordføraren i Ørsta Rådhuset 6150 Ørsta VEDKOMANDE UTLYSING AV FASTLEGESTILLINGAR I ØRSTA: Som Ordføraren kjenner til har det vakt ein del reaksjonar på utlysingsteksta på 2 fastlegestillingar, som fram til no, har hatt si base i Hjørundfjorden og på Vartdal. Det vert reagert på at desse to stillingane i utlysingteksta vert tenkt lokalisert til Ørsta legesenter, likeeins at dette vert gjort utan at saka har vore til politisk handsaming. Eg har merka meg at leiaren i driftsutvalet har varsla at saka vert teke opp i komande møte, den 28. januar. Det kan difor kanskje oppfattast som ei innblanding i fagutvalet sitt saksområde når underteikna ber om at formannskapet får ei orientering om saka på komande møte, den 15. Januar. Det vil eg understreke ikkje er meininga. Men eg synest at det er viktig å få fram at det frå politisk hald ikkje er gjort vedtak om nedlegging av kontora på Sæbø og Vartdal. Dette må eventuelle søkjarar få opplysing om av administrasjonen i Ørsta kommune. Formannskapet kan om dei vil, gjere pålegg om dette, i vedtaks form på møtet den 15. Eg vil tru at det ikkje er naudsynt. Eg har forstått at litt av argumentasjonen har vore at det har vore vanskeleg å få norske legar til å søkje stillingar i utkantane. Både i Hjørundfjorden og på Vartdal har ein vore svært so heldige med legar som ikkje er fødde i Noreg. Med den profileringa som m. a Hjørundfjorden i den seinare tid har fått i norske og utanlandske media p.g a naturen og muligheitene til aktivt friluftsliv, skal ein ikkje sjå vekk frå, at dette kan fengje søkjarar som vi i dag ikkje er klar over. Etter det lokale engasjementet for å behalde legane å dømme, vil ei legefamilie både på Vartdal og i Hjørundfjorden få ei varm velkomst av folket i desse bygdelaga. Eg vil også be om at det vert orientert om det komande interkommunale legevaktsamarbeidet som skal iverksetjast seinare i vår, og kva innverknad det vil ha for legetenestene i Ørsta. Likeeins tilsynslegefunksjonen på sjukeheimane på Vartdal og Sæbø viss legekontora der vert lagde ned. Kan det då tenkjast at vinninga med å legge ned kontora vert redusert av di ein får auka kostnader ved tilkalling av lege? Vonar med dette at Ordføraren kan legge til rette for ei orientering på komande møte. Med venleg helsing Ola Perry Saure
Senterpartiet sender brev
No er det Senterpartiet som reagerer på at legestillinga i Hjørundfjorden ser ut til å verte lagt ned utan politisk handsaming og skriv brev til ordføraren...(Foto: Ola Perry Saure)
Lagt inn av
Knut Hustad
12.01.2009 00:45
12.01.2009 00:45
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som omhandlar temaet.
Kommentarar
Denne kommentaren, om det er rett sitert, tyder på manglande evner til å føre ordet for dei som har valt henne.
Eg, og sikkert fleire med meg har frykta at ho vert eit lett bytte for administrasjonen.
For ei tid sidan gjekk ho også ut og rekna kampen om den store kraftlina som tapt, nesten før kampen har starta. Skuffande svakt det også.
Eg spår ei stormfull ordførarkarriere framover.
Det satsast frisk på turismen i bygda. Og flott er det! Men å ikke ha ein einaste doktor i nærleiken på dei næraste 3 til 5 mila er vel ikkje noko ein vil skrive høgt om i turistbrosjyrane...Ser at Castberg skriv noko om at også Oslofolk har fastlege som er lang unna. Veeel, alt er relativt. Ein "lien" detalj som skil Oslo og Hjørundfjorden er nettopp tilgangen på kollektivtransport og ikkje minst drosje. Uansett kvar du bor i Oslo kommune er du aldri lenger enn 30 minutt fra sentrum (og dermed Legevakta) hvis du bruker kollektivtransport. Og denne går mest heilt tida på døgnet!! Skulle du verte sjuk midt på natta vil det ta maksimun 20 minutt med drosje til legevakta. Castberg bør få i heimelekse og lese buss-og fergerutene i Bondalen og Hjørundfjorden. Samfunnsøkonomisk er det ikkje minst mykje å spare på at ikkje folk må ta seg fri heile dagen for å kome seg til lege.
Til meir eg tenker på at nokon i det heile tatt kan foreslå å legge ned legekontoret på Sæbø (og på Vartdal) til mer idiotisk framstår det!