EM & M

Else Marie og Malene!

Fredag var Else Marie Stokke og Malene Aambakk uttekne til RLM samling i Trondheim saman med 30 andre jenter f. 1992 og 93 frå heile region Midt-Norge.
Sijle Anette Sandnes frå Ørsta og Sofie Nyheim frå Stranda var også med frå Sunnmøre.

Turen til Trondheim starta torsdag rett etter skuletid med bil på tørre fine veiar.
Etterkvart som vi har vorte ganske godt kjente med reiseruta har vi funne ut at å køyre om Sunndalsøra til Oppdal er beste veien, iallefall når det er fint føre og det klaffar med fergene.

RLM 1

Malene, Silje og Else Marie.

På Oppdal var det matpause og VM-kamp mellom Norge og Danmark før vi køyrde vidare til Trondheim for overnatting.
 
Fredag var jentene klare for innsats. Første økta var å teste ferdigheitene opp mot tidlegare resultat. Då testar dei lengdehopp, ballkast, armhevingar og uthaldenheit.
Både Else Marie, Malene og Silje viste framgong frå forrige samling.

RLM 2

Mia Høgdal orienterar om treninga og jentene følgjer nøye med. 

RLM 5

Pause, jentene har fått påfyll av energi og tørre sokkar..
Trenar Roger Holen går igjennom øvelsane med jentene og ilbud går heim til fru Heidi Aambakk. Allereie tirsdag vil nok J16 og J18 nyte godt av at vi har dyktige trenarar på Sæbø/Åmdal.


Neste økt bestod av pressisjonstening der spesielt fart stod i fokus. Jentene var konsentrerte og hadde ei god treningsøkt.

RLM 3

Malene i aksjon.

RLM 4

Else Marie angrip frå kant med trenar Geir Tore Leira som observatør.

Våre jenter fekk vise at dei er fullt på høgd med dei andre jentene på samlinga. Jentene kjem frå heile region Midt-Norge og samlinga var først og fremst beregna på jenter f. 1992 der dei beste 93-modellane også var innkalla.
Sidan våre to jenter er f. 93 ser vi ikkje vekk frå at det kan bli fleire turar til Trondheim og RLM samlingar etterkvart.

Malene er også utteka til trening for Bjørklundcup (NM for 15-åringar) 6-7. februar.
Flott!

Også Sivert Årseth har vore på RLM-samling i Trondheim denne veka!

Etter treninga var det tid for heimreise og sidan det klaffa dårleg med fergene køyrde vi om Dovre og Åndalsnes.
Else Marie fekk då ein ide om at ho ville inn i kyrkja på Dombås!!??

Dombås 4

Ho fekk med seg Roger men desverre var der låst..

Dombås 3

Her er iallefall beviset på at ho prøvde. Og kva ho ville der?

Ho ville ta bilde av altertavla som ho har skrive oppgåve om i RLE...

Kl. 23.50  var vi heime etter ein vellykka Trondheimstur og det var helg!