Eg ser i intervjuv med Frode Urke på hjorundfjord.no at dei nemnde herrane har lyst ut legestillinga på Sæbø som stilling knytt til Ørsta sentrum.

Legg Ørsta kommune ned legekontoret på Sæbø, forsvinn også helsestasjonen.

Forsvinn helsestasjon og lege, vil kanskje ikkje unge familier slå seg ned her.

For Hjørundfjordheimen vert det mykje større utgifter til doktor, ein må då betale meir for utrykking av doktor til heimen, budsjettet der er alt svært stramt som det er.

For folk på andre sider av fjorden vil det gå med ein heil dag for å reise til doktor i Ørsta.

Drosjeutgiftene vert skyhøge for NAV, men det er ei anna kasse, så byråkratane i kommuna treng ikkje tenkje på det.

Vert derimot transportutgifter i samband med helsetenester for innbyggjarane ført over på kommunane, vil dette medføre svært høge kostnadar for Ørsta. ( Det kan lett skje).

Får ein ikkje unge familier til å slå seg ned, vert Hjørundfjorden ein død fjord, landbruket forsvinn, alt vil gro att, turistane vil forsvinne, grunnlaget for hotella vert borte. Norge sitt største fortrinn i turistsamanheng er nettopp naturen og at ein har levande bygder. Då kan ein kutte ut turistskipkai i Ørsta, for det var nett Hjørundfjorden ein ville vise turistane.

Forsvinn mjølkebøndene i Hjørundfjorden, kan også  meieriet i Ørsta verte lagt ned med sine seksti arbeidsplassar. Felleskjøpet, landbrukmaskinforhandlarar kan verte bort, der er svært mange arbeidsplassar i Ørsta som er direkte og indirekte knytt til landbruket. Med det forsvinn skatteinntekter for kommuna, alle taper når arbeidsplassar forsvinn, også Ørsta kommune.

Kanskje slakteriet i Ålesund vert fytta på grunn av mangel på leverte slaktedyr frå distrikta rundt. Vil Johs Jakobsen i Volda få nok kjøt til å produsere landet sitt beste pinnekjøt?

I fylgje Frode Urke kan ein spare 500 000 ved å legge ned kontora på Vartdal og Sæbø. Tapet totalt for Ørsta kommune kan verte mykje større om ein ribbar Hjørundfjorden for doktor også.

Men mest av alt er eg sjokkert over at byråkratane på Rådhuset overser politikarane si rolle i eit demokrati, her opptrer Marøy og Moltudal som diktatorar.  Eg har ikkje høyrt ein einaste politikar i Ørsta uttale at Hjørundfjorden og Vartdal skal misse doktorane sine.

 

Synnøve Rekkedal Hill