Som Perry Bjørke skreiv i går her på hjorundfjord.no, er ei ny jettegryte i ferd med å verte avdekt på Bjørke. Maskinførar Erik Rangsæter ser ikkje vekk ifrå at denne jettegryta er minst like stor som den no etter kvart vidgjetne gjettegryta som vart avdekt like før jul, men truleg er ho ikkje like "heil" og fin.

Jettegrytegravar og maskinførar Erik Rangsæter i K.A. Aurstad Maskin AS
Det står att ein del gravearbeid før ein ser kor stor og fin denne jettegryta er, men sjølv om det så langt ikkje ser ut som om denne jettegryta er like staseleg som den forrige, så rår det likevel ei viss spenning ved Tussa kraftstasjon på Bjørke.

Den "nye" jettegryta ser vi omtrent midt på biletet til høgre. Jettegryta som vart oppdaga før jul ligg nokre meter bort- og nedover mot venstre.

Enno er ikkje botnet av jettegryta nådd, men så langt ser vi at ho ikkje har fast fjell mot gravemaskina.
Papirarbeid og sjukdom (13.01.2009 kl. 18:28)
Eg har ikkje våre i form i det siste og så har eg mykje arbeid med ungdomslaget/kulturen.
Det har gått på hostsaft og pc-arbeid.
Nytt år og det gamle skal avsluttes.
Fleire søknader om støtte skal jobbes fram.
Jobber og med fleire saker innen for kulturen.
Momsfritak - musikk- kulturhus.
Derfor har eg ikkje våre så mykje på fylsberget.
Flott du skriv Knut når grytemannen svikter.
Perry Bjørke
Kvar er Perry? (13.01.2009 kl. 18:10)
I dag var eg ein tur på Bjørke for å sjå på det store anleggsarbeidet og fekk då sett litt av utgravinga av den "nye" jettegryta. Eg vona sjølvsagt å få møte Perry, men han var ikkje å treffe på telefon eller å finne nokon stad. Difor tok eg desse fotoa no, men eg reknar med at vår jettegryteekspert Perry Bjørke snart er attende og kan gje oss meir god informasjon slik vi etter kvart har vorte vande med.
Knut Hustad