Mjølkeproduksjonen rundt om på gardane er stor på denne tida av året . Dei fleste kyrne i buskapane har i løpet av hausten, fått ein kalv, og står no i fjøset og et silo og kraftfor og vert mjølka to gonger for dagen. Det er stort behov for mjølka på meieriet der den vert nytta til å produsere kvitost av. Men det er restproduktet etter kvitostproduksjonen, denne mysa, som skaper vanskar for meieriet . Det beste ville vere om den kunne nyttast til å lage brunost av, men denne muligheita er utelukka grunna for mykje brunost på lager.

Det vart i dag halde eit felles møte for arbeidsutvala i produsentlaga (TINE) i Ørsta og Volda, på meieriet. Etter å ha diskutert fleire andre saker, vart vi orientert om korleis stoda var angående myse overskuddet, og det vart slege fast at spesielt i Februar og Mars må ein finne ordningar for å avhende myse på ein forsvarleg måte. Ein ynskjer sjølvsagt at mest mogleg av mysa vert nytta som for til husdyra våre, men det er klart at det må setjast i verk tiltak utover dette.

Mysa kan nyttast som gjødsel dersom den vert mixa saman med den ordinære husdyrgjødsla før utkøyring på åker og eng, og meieriet oppmodar bøndene om å vurdere dette.

Difor vil meieriet også kompensere for meirarbeidet med lagring og spreiing av mysa. Dette tyder at meieriet betalar ut 10øre pr. liter myse, når denne vert køyrd til gjødsellager / deponi.

Eg tok sjølv umiddelbart ei rask vurdering av situasjonen i eigen gjøsselkjellar, og kom til at det nok var plass til to lass myse der også. Og ga beskjed til Bente om det.

Håper difor at mange fleire kan henge seg på her. Har du ledig deponiplass til 1 lass (15000 ltr.) - 2 lass, eller meir, meld då frå til TINE, eller ein av oss i arbeidsutvala for mjølkeprodusentane.

Men hugs at behovet for deponi er prekært (februar/mars) - og at geografi ikkje er noko begrensning sånn i utgangspunktet.

 

 

 

CIMG0894Til sommaren har nok myseproblemet ordna seg , då kan vi nok ta ein pust i bakken tenkjer eg. ( va det mus eller myse ? eller .... )

For arbeidsutvala i produsentlaga i Ørsta og Volda   Arve Svoren