Det som gjer at eg hugsar turen godt er nok bileta som vart tekne med Helga sitt Kodak Instamatik, som ho velvillig overlet til meg. Bileta er nokså falma, men vi kan  i det minste kjenne att personane på bileta.

Kredene vart fiska i Bondalselva ein laurdagskveld, 11 i talet, og oppbevarte i ei plastbøtte. For å halde dei med surstoff hadde vi med ei sykkelpumpe som vi brukte straks dei viste kvitesida.

Over fjorden brukte vi så vidt eg hugsar færingen vår. Blikkstilt på overfarta, men vi drog den oppå land medan vi gjekk til fjells.

 

Maradalen 1969 (3)

Her har vi kome opp og nyt utsikta mot Bondalen. F.v. Knut m pipe, Per Blekken som var samvirkestyrar på Sæbø. Ola, og Jon Frøland (Post). Foto: Arne Riise.

Den gongen var det eigarane av dalen, Lekneset og Urke som hadde sauer der.

Og der var sjølvsagt inga Hytte. Vatnet var vi spente på og vi vart med rette skeptiske når vi såg kor sannsynleg det var at fonna kunne gå hardt nedi.

Eg kan huske at Ola meinte at der hadde vore hatt opp fisk før, men at den var vekk for mange år sia.

Maradalen 1969

Her får Ola æra av å sleppe ut dei 11 kredene. Tilskodarane er f.v. Per, Knut og Jon. Foto: Arne.

Det er alltid ei oppleving å kome på ein plass som ein all tida berre har sett på avstand. Vi studerte Kjempegarden og spor etter sel, og til sist måtte vi opp i skaret så vi fekk sjå mot Langseterdalen. Ola fortalde frå jaktturane han hadde hatt her. For når Sæbønes Alfred vekte dei tidleg søndag morgon, ja då var det berre å kome seg opp for å dra i Maradalen på jakt same kor lenge dei hadde vore oppe om natta.

Du skal jammen ha god jaktlyst for å ro over fjorden og gå opp i snøen . For det måtte vere snø for at rypa skal sitje i Maradalen.

Utsikt mot Slogen

Her har vi kome oss opp på røra mot Urkedalen. Slogen og Smørskredtinden bak.

F.v. Arne, Jon, Per, og Ola, den desidert eldste av oss med sine 40 år. Foto: Knut

Når Ola var kjentmann så var det sjølvsagt ikkje snakk om å gå ned att same vegen. Elsanddalen måtte også studerast.

Det er no eg vert litt usikker. Var det på denne turen vi gjekk oss på nokre lettkledde damer nedst i Elsanddalen? Ja, eg trur det. Sjølv om eg ikkje har brukt film på dei. Dei var så vidt eg huskar frå Trandal, og kom rett opp langs Elsandelva. Det var i alle fall det siste vi venta å treffe her oppe, men vi gledde oss sikkert over synet.

 

Maradalen 1969 (5)

Det er like før vi skal gå frå Elsanddalen og på skrå inn og nedover mot Maradalen og Sjøen. Frå Sæbø ser det stygt ut, men kjenner ein råsa er det slett ikkje verst å gå der.

Eg huskar likevel ei episode der Ola i gamle "bestesko" uten lissar, med strekk i sidene gjekk på skrå bortover nokre bratte svæder. Jon var kanskje minst fjellvand av oss, og vart svært betenkt. Han sette i: Husk, det er ingen skam å snu!  Svaret han fekk av Ola var: enj må no gå litt stygt mæ!

Med Ola som vegvisar kom vi trygt ned att til sjøen.

Sjøen var heilt lunka av veker med solskin, men nordavinden hadde kome for fullt då påhengaren vart starta. På den gamle færingen vår var den montert på høgre sida slik at sjøen rann  inn heile overfarta såpass at vi måtte ause jamt vekk. Det likte eg berre passeleg. Ikkje kunne eg symje og redningsvestar var knapt oppfunne. Eg var glad då vi var trygt på land.

40 år har gått, og tida har laga gamlingar av oss som var både unge og spreke på desse bileta. Eg kjenner eit bra snev av vemod.

Men aller eldst er Ola, som fyller 80 år i dag den 16. januar 2009.

Gratulerer med dagen Ola !!!!!!!!

Ola 75 år

Her er eit nyare bilete av Ola. Dette er frå 75 årsdagen hans.  foto: Knut R.

Vi møtest på klubbhuset laurdag kveld.