La meg starte med å gjere det heilt klart at eg på ingen måte hevdar å være ugild i denne diskusjonen. Eg har dei siste åra brukt store delar av påske-, sommar- og haustferiane i vårt feriehus i Sandvika, eit feriehus som, dersom fergekaia vert flytta i henhold til dei planane som no ligg på bordet, vil bli vesentleg forringa i bruksverdi og difor etter all sannsynlighet vil bli avvikla som feriestad.
På den andre sida er eg som 'innflyttar' å rekne og har ikkje trakka mine barnesko på Sæbø. Mangelen på sentimentale barneminna knytta til staden gjer difor at eg tør hevde å kunne sjå på denne saka med nokonlunde objektive briller.
Meiningane kring ei framtidig plassering av fergekaia synest å være mange. Mest høgrøsta er tilhengarane av ei plassering iht. siste reguleringsplan, ein plan som etter alle solemerker er so gamal at den uansett må opp til ny politisk handsaming. Mykje har og skjedd med hensyn til korleis vi alle ser på naturen og tilgangen til den sidan planen vart vedteken.
Men sjølv om nokre få har sagt mangt om dette har eg framleis til gode å høyre nokre argument for at kaia skal plasserast der den no er innteikna. Når eg spør synest det gjeldande argumentet å være at det 'er no sånn planen er vedteken'. Kanskje nokon av tilhengarane av denne planen kan kome på bana å argumentere for sitt syn? Det kan godt være at eg og mange av dei eg har prata med på Sæbø om dette har oversett nokre av dei argumenta som finnast...?
Argumenta mot ei slik plassering verkar derimot å være mange. Ei omlegging av vegen til å gå mellom Bellingen og der som mjøllageret i dag ligg vil monaleg auke gjennomsnittsfarten på trafikken gjennom sentrum og tvers over torget. Å legge ein ny veg og ein stor parkeringplass ned med sjøen og på den måten bandlegge viktig friluftsareal vil eg og meine ikkje er særleg framsynt.
Vidare vil den nye fergekaia 'mure inne' den flotte, freda, naustrekka som ligg i Sandvika og på denne måten hindre både innsyn, utsyn og aktiv bruk av desse nausta.
Men aller viktigast er kva dette vil gjere med bruksverdien til den flotte badestranda på Sæbø, ei av dei flottaste strendene på Sunnmøre. Mang ein sommardag har eg tilbrakt på denne fantastiske sandstranda med både sol- og sjøbading saman med innfødde og turistar. Og mang ein gong har eg høyrt mødre bekymre seg over born på flytemadrass som bevegar seg farleg nær fergeleda eller som må hente minstejenta, som leikar i vasskanten, fordi det kjem bølger frå ferja.
Eg er ingen landmålar men utifra det eg kan sjå frå tilgjengelige kart vil avstanden frå strandkanten og ut til fergeleda reduserast frå dagens 120-150 meter ned til ein stad mellom 60 og 80 meter om dei foreliggande planane vert realisert. Avstanden frå stranda og ut til akterpropellane på ferja når den ligg til kai vil kanskje være så kort som 50 meter. Eg veit ikkje om ein so kort avstand vil sette nokre formelle begrensningar på bruken av badestranda men at dette sterkt vil forringe bruksverdien synest heva over einkvar tvil.
Ein annan ting er kva dette vil gjere med erosjonen av stranda. Kanskje er det ikkje noko strand igjen å bruke om nokre år?
Alt dette kan nok delvis bøtast på med å plassere kaia meir vinkelrett på land men etter å ha tilbrakt mang ein sommardag med fiskesnøre i dette området veit eg at botnforholda, både i forhold til djupne og grunnforholda forøvrig, gjer at dette vil bli eit særs kostbart prosjekt.
Men noko må gjerast med fergekaia som den ligg i dag, det er det ingen som er ueinige i. Køa med bilar som ventar på ombordkjøyring er i dag plassert på ein trafikkfarleg måte og sjølve kaia er i ferd med å rase på sjøen.
Personleg synest eg at ei plassering lik den Bjarne Hustadnes med fleire har foreslått i tidlgerare innlegg her på Portalen verkar veldig fornuftig. Med å legge nyekaia til området mellom kommunekaia og Hjørundfjordheimen får ein så mange fordelar på ein gong at det minst kan kallast eit tredobbelt Kinderegg....
For det første vil ein unngå ei kvar teoretisk eller reell påverknad på sandstranda og dei verna nausta i Sandvika. Mykje av trafikken gjennom sentrum og over torget vil bli borte, noko som gjer at dette området kan vidareutviklast som den perla det er. Det vil også være relativt enkelt for Slettedal og Bellingen å eksponere butikkane sine mot den nye plasseringa av fergekøa (derom dei ynskjer det), ei fergekø som då vil være endå nærare desse butikkane enn den er i dag og myke nærare ift. kva dei vil bli ved ei plassering i Sandvika.
Og ja, ei slik plassering vil og føre til at eg og mange andre faste Sæbøturistar vil fortsette å besøke denne vakre bygda så ofte som mogleg i mange år framover....
Sist men ikkje minst vil dette frigjere området som i dag blir brukt til fergekai, eit område som er særs egna til t.d. småbåthavn/gjestebrygge. Eksisterande gjestebrygge ved hotellet er ofte overfyllt og eg har og snakka med mange som ynskjer ei anna type havn når ein er på ferie i båt. Eg er sikker på at Dagfinn sine deilige bakverk vil lokke mange nye båtturistar til Sæbø og kanskje kunne Jon Arne sett opp ei drivstoffpumpe på kaikanten? Eg er ivertfall overtydd om at ei brygge her, i umiddelbar nærleik til ei flott badestrand og eit nyoppussa torg, vil få endå fleire til å besøke Sæbø sommarstid, noko som igjen kanskje vil bidra til å få hjula til å svinge litt meir og gjere Sæbø endå meir attraktivt også for fastbuande.
Helge Strand har i eit tidlegare innlegg på denne Portalen skreve at han synest ei plassering sør for mjøllageret er "både praktisk og fornuftig". I same diskusjon seier Knut Riise at "Det er heller gammal vane enn klokskap å leggje fergekaia til Sandvika". Kloke tankar dette som eg trur mange fastbuande på Sæbø seier seg einige i. Mitt håp er at fleire av desse grip ordet så ein kan få ein levande diskusjon rundt dette temaet der resultatet vil påverke Sæbø sentrum så radikalt i mange tiår framover.
Eg vil tilslutt oppmode alle dei som endå ikkje har gjort det, om å ta ein tur innom www.sunnmørskart.no og sjå nærare på dei kartskissene, flyfotoa og reguleringsplanane som ligg tilgjengelig der og på bakgrunn av dette gjere seg opp si eiga meining om korleis ein ynskjer at Sæbø sentrum skal sjå ut i framtida. Husk at der den nye fergekaia no vert plassert vil den ligge i mange generasjonar framover. Er det ikkje då verdt det å ta ein grundig diskusjon kring dette temaet og la alle argumenta kome på bordet?
med helsing,
Ole Martin Myklebust
Kommentarar
Tankene rundt utforming av bygdesentrum har endret seg kraftig bare de siste årene. Bevar det som bevares kan.
Hva virker smartest - bare ei effektiv trafikkmaskin/ ferdselsåre, som ødelegger idyll, eller ei slik kombinert med et klassisk trivelig bygdemiljø som innbyr til stopp/opphold i trivelige omgivelser?Det går an å tenke igjen -raskt.
Ellers har eg lese artikkelen "Flytt ferjekaia..." med kommentar frå Helge Strand, og kome fram til at Helge har fått på seg motsatt meining om saka, av denne artikkelforfattar.
Vi venter alle på at landskapsarkitekten til Vegvesenet skal kome med ein plan korleis vegprofilen gjennom Sæbø og ferjeleiet skal løysast. Dette reknar vi med er i gode hender og at planavdelinga i kommuna ilag med vegvesenet tek omsyn til Sandvikområdet, slik ferjeleiet vert snudd frå badestranda mot Lekneset.
Ein omkamp når det gjeld plasseringa av ferjeleiet i reguleringsplanen no, like før det skal opptil politisk behandling i Formannskapet, vil gjere stor skade for Hjørundfjorden.Ein skal også være sikker på at der står klar aktørar som vil glede seg over ein slik omkamp og nytte høve til å flytte event. midlar over til eit anna prosjekt. Dette kan i verste fall sette all utvikling av Sæbø tilbake med mange år.
Ivar Svein Mo
Mykje har endra seg på Sæbø sidan denne reguleringsplanen vardt vedtatt. Korleis hasardspel med det som i dag framstår som eit av de flottaste områda i Sæbø sentrum kan kallast ei vidareutvikling av bygda er for meg ei gåte men her kan du kanskje utdjupe kva du tenker på?
Vi har fleire perler som vi må ta hensyn til på Sæbø. Det er ikkje berre Sandvika. Feks. Lisjeelva som går nedmed sjukeheimen som etter ditt forslag vil verte ofra med å leggast i rør. Kva med parkeringsplassen på Sjukeheimen? Kanskje kan eit rasert uteområde rundt Sjukeheimen verte spikaren i kista for denne livsviktige arbeidsplassen i Hjørundfjorden. Vi har fått faretruande signal frå politikarane i det siste om sentralisering.
Etter vårt syn vil ei flytting av ferjekaia til nedom Stormøllenbygninga gjere Sæbø om til eit ferjeleie, med ei begrensa moglegheit for næringsutvikling.
Vi har gjennom midlar frå Næringskontoret fått midlar til bygge ein promenade som er ferdig, og dette arbeidet vil så langt vere bortkasta med ditt forslag.
Ivar Svein Mo
http://www.regjeringen.no/nb/dep/sd/pressesenter/pressemeldinger/2009/fylkesvis-oversikt--forslag-og-tiltak-i-.html?id=543764#moreogromsdal
Forøvrig er det vel allereie i den reguleringsplanen Mo har vist seg så sterk tilhengjar av, bestemt at Lisjeelva skal leggjast i rør og at området rundt denne skal bli veg/parkeringsplass? Er det berre delar av denne reguleringsplanen som ikkje kan endrast?
Dersom HB ikkje vil ha vegen der den ifølge siste reguleringsplan skal ligge og alternativet med å legge denne gjennom Prestehagen og er forkasta jfr. tidlegare diskusjonar på Portalen, kvar meiner då HB at tilførelsvegen til den nye fergekaia skal gå? Der som den ligg i dag med dei farar og ulemper dette fører med seg?
Eg trur forøvrig det vil være fullt mogleg å behalde Lisjeelva i dagen og likevel få plass til ei fergekai med biloppstillingsplass på nordsida av elva. Det er ivertfall ingen tvil om at dette området er minst like stort som parkeringsplassen nedandfor Berge som er sett av til ny biloppstillingsplass for ferga.
HB meinar at for å spare det verdifulle område rundt Sjukeheimen, Lisjeeelva og nyepromenaden er så viktigt at ein må få Vegvesenet til å lage ein vegprofil rundt Slettdalshjørnet. Dette for å sjå om det trengst takast noko frå prestegardshagen fremst framme, viss ein vel vegtraseen slik den er i dag.
Dette er vårt syn og ikkje noko løyndom for nokon.
Og kva slags løysing ein vel, er ikkje noko vi kan seie noko som helst om, før vi har fått teikna profilen. Vi er ikkje tilhengar av den eine eller andre reguleringsplanen, men no er det viktigt å få orden på ferjekaia, då den gamle kaia blokkerer der den ligg, og reguleringsplanen blokkerer for areala der nyekaia er innteikna.
Sæbø har stått istå i alle år fordi det er ein eller annan omkamp som skal takast og kommuna benyttar seg av dette og dermed forsvinn bevilga midlar til sentrum. Det er viktigt at ei utvikling skjer no på Sæbø, slik ungdom finn det interessant å busette der.
ISMo
Og hugs, det er ikkje alle i bygda som brukar dette forum.
Argumenta mot å jobbe for endring i reguleringsplanen har vore dei same i alle år, "ikkje vær imot, nå er det like før det skjer noko."
Eg vil påstå at motstanden mot fergekai i sandvika er stor, og økande.
Eit nytt argument:
Skulevegen til borna som kjem med ferge vert tryggare om kaia vert lagt til aldersheim-området.
Kanskje er eg ugild, som vert nærmaste fastboande?
Er det nokon som har sjekka kor mykje arbeid det er å flytte fergekaia i reguleringsplanen?
kanskje det ikkje tar fleire år ?
Per Stein Straume