Etter at det for ikkje lang tid sidan vart kjent at alle bønder - same om dei hadde både landbruksskule og lang erfaring - måtte ha kurs for å få lov til å halde fram med å vere bønder, braut rabalderet laust.  Svært mange, og ikkje minst dei fleste bonde- og landbruksorganisasjonar, har reagert sterkt på dette pålegget frå Mattilsynet.  Likevel, Ørsta Sau og geit innser no at det ikkje er nokon veg tilbake og vel no å arrangere den første fellesdelen av kurset som skal gje bøndene kompetansebevis.

Odd Bjarne

Odd Bjarne Bjørdal, leiar i Ørsta Sau og geit

Kursstad:  Ivar Aasen-tunet

Tidspunkt:  Laurdag 31.1.09 klokka 1030 (Ca. 3 timar)

Kurshaldar:  Dyrlege Olav Hauso m.fl.

Pris:  Kr. 150,- inkl. kaffi og servering

Påmelding:  Innan 24.1.09 til Odd Bjarne Bjørdal, tlf. 959 28731, eller Elias Moe, tlf. 958 16219

No i ettertid opplyser Odd Bjarne at han har blitt informert om at det visstnok pågår forhandlingar mellom Norges Bondelag og Mattilsynet med tanke på at dei gardbrukarane som har landbruksskule/agronomutdanning skal sleppe dette kurset.

Pr. i dag er det uvisst kor det går med desse forhandlingane, men uansett, seier Bjørdal, er det svært mange gardbrukarar som ikkje har landbrukssskule bak seg.  Desse må ha eit slikt kurs som vert arrangert i Aasen-tunet.  I tillegg er det matnyttinge opplysningar som kurshaldarane vil kome med, så Odd Bjarne oppfordrar alle til å møte opp. - Eit sosialt treff over ein kopp kaffi på ein laurdag er absolutt på sin plass, meiner Odd Bjarne og ynskjer alle gardbrukarar velkomne - landbruksskule eller ikkje.

I tillegg til dette første kurset må gardbrukarane delta fire kveldar, evt. ei helg, i ein  studiering  for å få det aktuelle kompetansebeviset.