Etter 33 år som lege i Hjørundfjorden er det slutt. Kommunelege Bruno Hame opplyser til hjorundfjord.no at han har sagt opp stillinga si som kommunelege med arbeidsstad Hjørundfjorden, frå sommaren av. Etter 1. august vert Hame pensjonist etter ca. 34 som lege i Hjørundfjorden.
Helseleiar Frode Urke i Ørsta kommune stadfestar at han har motteke oppseiinga frå kommunelege Bruno Hame. Hame har sagt opp stillinga si frå 1. august, men siste arbeidsdagen hans vert ca. 1. juli på grunn av ferie som Hame då har til gode.

Etter 34 år som lege i Hjørundfjorden sluttar Bruno Hame som lege. Foto: Ivar Svein Mo
Frode Urke kan også opplyse at stillinga til Hame - og legestillinga på Vartdal - allereie er lyst ledig. Eller meir presist; annonsa om dei leidige stillingane kjem på trykk i Tidsskrift for Den norske lægeforening i utgåve to den 15. januar d.å. Arbeidsstaden for begge stillingane vert Ørsta legesenter AS.

Legekontoret og Helsestasjonen på Sæbø i Hjørundfjorden
- Arbeidsstaden vert Ørsta legesenter AS, vil det seie at legekontoret på Sæbø (og Vartdal) vert lagt ned, helseleiar Frode Urke?
- Ja, mykje kan tyde på det. Helse- og sosialsjef Oddvar Marøy og rådmann Asbjørn Moltudal sa klart ifrå då annonsen vart laga at utlysinga av stillinga vart sett i samband med bygging av nytt legesenter i Ørsta og at dei to nye legane sin arbeidsstad skal vere på det nye legesenteret.
- Er det mykje å spare på å legge ned legekontoret på Sæbø?
- Eg har rekna på det og summen ein sparer årleg er vel ein stad mellom kr. 450.000,- og 500.000,-. Kanskje er det ein million å spare i tillegg på å legge ned legekontoret på Vartdal for her er der ei anna stilling i tillegg til legestillinga.
Frode Urke meiner likevel at ein må prøve å verne Helsestasjonen på Sæbø. Dette fordi han veit det er svært langt å reise heilt til Ørsta for spedbarn.
- Men er det ikkje lettare og betre på alle måtar at ein også hegnar om legekontoret på Sæbø - det er vel lettare for ein lege å køyre eit par dagar i veka, eller at svært mange, også eldre, må køyre mange mil for å kome seg til lege?
- Du har nok eit poeng der, men no kjem du meir inn på politikken og diverre er det slik at denne saka enno ikkje er politisk handsama sjølv om rådmannen seier at den nye arbeidsstaden til "Hjørundfjordlegen" skal vere i Ørsta. Eg må også få legge til at eg ikkje trur at legane i Ørsta er imot at Vartdal og Hjørundfjorden skal få ha sine legar, men problemet er vaktordningane.
Unge legar, og kanskje naturleg nok unge, kvinnelege legar, likar ikkje så godt vaktordninga vi har i Ørsta. Små barn og vaktordning passar ikkje så godt saman. Legar som evt. kan tenkje seg å arbeide i Hjørundfjorden og på Vartdal er gjerne litt eldre og kanskje vil dei trappe litt ned. Desse litt eldre legane slepp å ta del vaktordningane i kraft av sin alder og dermed vert vaktbelastninga større på dei (unge) legane som er i sentrum. Det er ikkje så populært - spesielt ikkje når ein veit at ca. 60 % av legane i Ørsta sentrum er kvinner. Urke legg også til unge legar ikkje ynskjer å jobbe åleine. Fellesskap, der ein kan drøfte konkrete problemstillingar, er viktig.
- Avslutningsvis Frode Urke, vi høyrer at ventetida er tre månadar for å kome seg til fastlege til Ørsta sentrum, vil denne situasjonen verte betre berre fordi ein legg ned dein einaste legestillinga i Hjølrundfjorden og overfører den til Ørsta?
- Truleg ikkje, men når det nye legesenteret kjem på plass vert det plass til ytterlegare ei legestilling. Ei ny legestilling og nattevaktordning ved sjukehuset i Volda i samarbeid med fleire kommunar - som vi snart skal få, vil truleg hjelpe mykje på den vanskelege legesituasjonen i Ørsta.
Til hjorundfjord.no stadfestar ordførar Gudny Fagerhol at det enno ikkje er politisk avgjort at legekontoret på Sæbø skal leggast ned og at legestillinga skal overførast til Ørsta sentrum. - Men denne saka vil truleg bli drøfta i samband med at Ørsta kommune skal handsame saka om nytt legesentrer i Ørsta sentrum, opplyser Fagerhol.
Manglande elementærkunnskap. (13.01.2009 kl. 02:20)
At det går an å ha så dårleg kunnskap om dei geografiske forholda si eiga kommune, som det ein viss politikar viser, er berre heilt utruleg. Han burde kjenne si eiga kommune betre før han uttalar seg. Eller er det sånn at det plutselig er blitt utvikla eit hyperavansert, raskt framkomstmiddel, slik er det no blitt mogleg å reise LANGS VEGEN frå Øye eller Viddal til Ørsta på 30 minutt? Det er galskap å legge ned legekontoret i Hjørundfjorden. No må dei slutte å fjerne goder frå bygdene.
Ann-Helen Sørhaug
Må no være mulig!? (10.01.2009 kl. 14:29)
Å få tak i en ny lege på ett eller anna vis? Det e nok av unge lega som blir ferdige medisiner studenta kvart einaste år, og som etterkvart skal ut i turnus. Det går no an å prøve å henge opp om hjørundfjorden, event. sende informasjon om den flotte fjorden? Det ej meina e at det helt sikkert e nok legestudenta som kan være interessert i å bo på en slik plass når dei e ferdig. Men informasjonen må fram. Er nok av slike plakata som henge rundt om på studiestadane her i Bergen, med tanke på å få tak i sjukepleierar.
Ellers vil ej prøve å snakke med en del av dei legane ej møte i min kvardag. Må huske på at for legane som jobba i byane, eller medisiner studentane for den sags skuld, ikkje he den ringaste anelse om kor Sæbø e, å dei veit heller ikkje om den storslåtte naturen so e der heller.
Emil Riise
Kjære Castberg (10.01.2009 kl. 14:24)
Er det feighet som gjør at du bruker gjesteboka fremfor kommentarer på sak? Du har ingen grunn til å gjemme deg vekk der skjønner du. Vi leser aviser på bygda også og har fått med oss at du ikke vil bruke helsekroner på bygdene.
Konsentrere oss om å få småbarnsfamilier til bygdene?
Hadde du følgt med i timen hadde du fått med deg at det er nettopp det vi gjør!
Vi kjemper for byggeklare tomter og har kommet ut av tellingen på hvor mange unge som har gitt opp å vente og har bygget seg hus i Ørsta sentrum i stedet.
Vi ønsker at tomme hus selges til småbarnsfamilier fremfor å bli brukt som feriebolig.
Det er ønskelig at unge med odelsrett, som vet at de aldri kommer til å overta noen gård, gir muligheten videre til yngre søsken før også disse etablerer seg for godt andre steder.
Vi bruker utallige dugnadstimer på at Sæbø sentrum skal være ryddig og pent.
Vi kjemper for at ungene våre skal ha en skole som gir dem gode arbeidsforhold.
Barnehagen og Hjørundfjordheimen har et samarbeid som beriker barn og gamle.
Vi jobber iherdig for å gi ungene våre gode fritidstilbud og har gjennom idrettslaget bygget opp et fantastisk idrettsanlegg.
Vi har speider, kor og korps.
Og så er vi nå så kravstore at vi vil beholde den trygghet det gir oss å ha lege i Hjørundfjord (det tar ikke bare 30 min. fra Øye og Bjørke til Ørsta).
Men, hvordan skal vi få småbarnsfamilier til å etablere seg i bygder der kommuneledelsen gang på gang gir tydelige signal om at de er nedprioritert til fordel for sentrum?
Vi må kjempe for hver krone og går fra den ene kampen til den andre.
Det antydes at arbeidsplasser og sjukeheim fint kan legges ned, vi skal miste distriktlegen vår - hva blir det neste dere vil ta fra oss?
Det er helt urimelig at privatpraktiserende leger i Ørsta sitt ønske om større lokaler skal betales med vår trygghet.
Med all respekt, Castberg?
Det tror jeg ikke du mener!
Kari Stokke
Facebookaksjonen har no 193 medlemmar.... (10.01.2009 kl. 13:40)
og stadig fleire kjem til.
Der er og ein liten debatt, siste innspel kjem frå Casteberg (H):
"Her er en av de du sikkert betrakter som "værsting". Skulle ønske dere kunne komme med et annet fokus. Bygdene er helt avgjørende for en sikker vekst i kommunen, men jeg mener ærlig talt at fokus må flyttes fra helse og legekontor til hva som virkelig gjelder for unge barnefamilier. Ørsta står fast i ei suppe hvor ingen fremtidsrettede tiltak kan gjennomføres fordi alderdom blir prioritert over alle andre tiltak. Beslutningen om flerbrukshall i Ørsta og utvikling av skolene og hallene på Sæbø og Vartdal er det første skritt mot en politikk som kan gjøre det mere fristende å etablere seg...
Sven Castberg"
Kjelde: http://www.facebook.com/home.php?ref=home#/group.php?gid=48515491783&ref=mf (10.01.09,kl 13:39)
Hilde Muren
Kopi frå Gjesteboka på Portalen (10.01.2009 kl. 12:23)
Eg fann en komentar frå Svein Castberg på Gjesteboka.
Håper det ok å kopiere det Ivar Svein då eg vil at alle skal sjå det og gi han svar på inspelet.
Kvifor Svein Castberg ikkje skreiv kommentar her veit eg ikkje.
Men her ser dere kva han sa om legesaka.
Kopi frå Gjesteboka:
Sven Castberg
10.01.2009 kl. 00:09
Med all respekt!
Med unntak av skolebygget er alt konsentrert om helse og alderdom i både Sæbø og Vartdal. Var jeg i deres sko ville jeg lagt absolutt all fokus på hvordan man skal lokke nye småbarnsfamilier til bygdene. Skole er vesentlig, men 30 min til nærmeste legekontor er noe de fleste kan akseptere. Det tar 30 min å komme seg fra Majorstua til legekontoret i Oslo sentrum...
....................................................................................................
Takk skal Svein Castberg ha for innspelet.
Håper det kjem fleire politikera etter kvart.
Ser ut som han ikkje støtter saka etter det eg les.
Kva Oslo har med legesaka på Sæbø å gjere forstår ikkje eg.
Vi lever no i 2 forkjellige landsdeler og heilt forkjellig natur med fjord-fjell-fonner og her er mange bygder ut veiforbindelse verken til Sæbø eller Ørsta.
Ikkje lett å få tak i ferga kl 3 om natta.
I Oslo finnes det no busser og trikk .
Dei slepp ferge og for å kome seg til doktor.
Eg oppmoder Castberg å bli med på en busstur til Ørsta
Han må ta med niste då.
Vi reiser kl 8,15 frå Bjørke og kjem heim kl 16
Det er foresten 1 time å køyre til Ørsta frå Bjørke.
Perry Bjørke
Send eit brev på Epost (09.01.2009 kl. 21:52)
Har kommunepolitikerne fått epostadresser nå Knut?
Har ikkje sjekka det ennå men det skulle vist kome epostadresser.
Kva kommunestyret sa har eg ikkje leita opp i protokollen ennå.
Eg veit det skulle opp der.
Eg som skreiv til kommuna og tok opp epostsaka burde vel få eit svar på kva som har blitt gjort i saka.
Send ei oppmoding til dei om å støtte legesaka
Du skriv bra brev du Knut.
Perry Bjørke
Politikk og administrasjon (09.01.2009 kl. 14:18)
Sett frå ein hjørundfjording sin synsstad må eg absolutt seie at eg fekk eit positivt inntrykk av helseleiar Frode Urke då eg snakka med han. Eg oppfatta det slik at han slett ikkje likte situasjonen og at han også hadde snakka med leiaren for Hjørundfjordheimen, Knut Åmås, med tanke på få bruke eit rom/kontor der der ein lege kunne vere tilstades - i alle høve ein dag i veka. Urke tenkte spesielt på dei som budde på andre sida av fjorden.
Når Frode snakkar om å hegne om Helsestasjonen så vil eg tru det er lite realistisk dersom legekontoret vert lagt ned. Nei, eg vil tru at administrasjonen i Ørsta har tenkt større.
Før jul veit vi at administrasjonen med rådmannen i spissen fekk sterkt kritikk av politikarar fordi han ikkje hadde lagt fram ei liste over eigedommar som kommunen kunne kvitte seg med. Denne lista har vi enno ikkje sett, men det vil nok ikkje overraske mykje om heile huset der fam. Hame bur og der legekontor og helsestasjon er, får plass på denne lista.
Eg oppfattar det slika at det er Helse- og Sosialsjef Odd Ivar Øvregård som har svikta, dvs. ikkje lagt fram noko sak for politikarane om legesituasjonen i Hjørundfjorden (og på Vartdal)før dei to legane no har levert oppseiingane sine. Dermed har rådmannen "teke seg til rette" og lyst ut dei to stillingane, men med arbeidsstad Ørsta sentrum. Dette har han nok gjort i trua på at han har-/har hatt eit fleirtal av politikarane i Ørsta bak seg.(Og kanskje legane på legesenteret også?) Så spørs det no kva som skjer.
Det er sjølvsagt hyggeleg å sjå at m.a. lokalpolitikarane Bodil Skare og Hans Andre Sørvik har engasjert seg.
Dette er ei svært viktig sak som kan få store konsekvensar for oss som bur i fjorden. Kva med skyssbåten MS "Hjørundfjord" om ikkje lenger ein lege skal ha arbeidsstaden sin på Sæbø? Og kva vert Hjørundfjorden utan skyssbåt? Og kva med sjukeheim utan lege? Frå kommunestyredebatten før jul hugsar vi at partiet Høgre med Sven Casberg i spissen kjempa hardt for å legge ned sjukeheimsavdelinga nettopp i Hjørundfjorden. Vert legestillinga flytta til Ørsta får han utan tvil eit nytt poeng i kampen sin.
Som Kari Stokke skriv i sin kommentar er vi utruleg heldige som har nettopp m.a. lege på Sæbø. Vi får vone at fleirtalet av politikarane i Ørsta toler å sjå det og ikkje rive ned i staden.
Til slutt må eg likevel få lov til å seie at eg trur det er lite klokt å hevde at ein skal "kutte nokre byråkratstillingar i Ørsta". Som medlem i styringsgruppa i bygdemobiliseringa oppfattar eg det nok slik at administrasjonen på rådhuset i Ørsta på fleire område ikkje har fleire tilsette enn dei må ha, men utan tvil kan mykje gjerast betre der også. Vi høyrer at kommunen er iferd med å gjere ei omorganisering både på administrativt og politisk nivå. Det er sikkert på sin plass.
Knut Hustad
Politikk og fastlege på bygdene (09.01.2009 kl. 10:39)
Eg søkte litt på nettet om fastlegeordninga
Noko eg fann var at nokre politikerne i 2006 ville ha ei egen fastlegeordning for bygdene.
Er det nokon som veit kva som kom ut av det.
Eg skal prøve å leite litt meir på nettet.
Kanskje våre politikera veit meir om dette.
Er denne saka lagt dø så burde noko ta ho opp igjen slik at bygdene fekk egen fastlegeordning.
Les artikkel eg fant.
Under :Kopi frå overskift på artikken
Krever at bygdene får egen fastlegeordning
Politikere fra Sp, KrF og Venstre innrømmer at fastlegeordningen ikke har løst legemangelen i distriktene. Nå tar de til orde for en egen fastlegeordning for bygdefolk.
http://www.nationen.no/helse/article1946394.ece
Perry Bjørke
Ver realistiske (09.01.2009 kl. 09:59)
For det første: Prisen på å ha ein lækjar på Sæbø som Urke, denne helsebyråkraten, opererer med, er i alle fall ikkje riktig, slik som tilhøva er i dag. Driftstilskot og løn til helsestasjons- og sjukeheimsarbeid må betalast same kor lækjaren bur. Når det gjeld den leiga som vert betalt for kontor og privatbustad, har kommunen i mange år hatt eit fint overskot.
Men om ein ser føre seg at ein lækjar skal bu her, må det store reparasjonar til på legebustaden. Taket er det drive førstehjelp på, fyringsanlegget må utskiftast straks og mange dører og vindauge likeeins. Med andre ord store kostnader.
For det andre: Hugs på at folketalet i Hjørundfjorden har gått drastisk ned og innteninga for ein eventuell ny lækjar er langt dårlegare enn gjennomsnittet. Dei siste åra har sjukehuslækjarane fått så gode lønstilhøve at få ønskjer å vere i allmennpraksis. Dette har nyleg statsråd Bjarne Håkon Hansen teke opp. Når det i tillegg ikkje finst norske lækjarar som vi arbeide åleine i såkalla solopraksis, seier det seg sjølv at det vert vanskeleg å få ein norsk Sæbølækjar.
For det tredje: De som er bønder, har i den siste tida investert i fellesfjøs sidan det har vorte umogeleg å vere bonde åleine på si eiga tuve. Same tankegang må ein nytta når det gjeld lækjarpraksis. Svogeren min sa det ein gong han var her: "Du har det akkurat slik som vi bønder, Bruno". Ein er på arbeid kontinuerleg. Drifta krev ein del dyre apparat og maskiner, og sviktar eit dyrt apparat, kan mykje av driftsoverskotet gå tapt. Dette er jo ein viktig årsak til at ein organiserer samdrifter.
Klart at det må arbeidast for å ha ope lækjarkontor på Sæbø, og det beste er å få ein som bur her. I tilfelle måtte han nok ha ein kontordag i veka i Ørsta for å sikre innteninga.
Kari Hame
HJØRUNDFJORDDOKTOREN (09.01.2009 kl. 09:08)
Dette vert berre verre og verre.Ordføreren må stoppe denne utlysinga straks ! Den kan gjere uboteleg skade.
Desse karane har ikkje mynde til dette.
Ved å kutte eit par unødige byråkratstillingar på Rådhuset kan det sparast minst like mykje som å legge ned legekontora på Sæbø og Vartdal.
Kva det vil koste av tid og penger for alle som må reise til doktor i Ørsta er ikkje med i reknestykket deira.
Eg vert ikkje med på flyttelasset til Ørsta.
Det er same avstand til Volda.
Bjarne Hustadnes
facebook (08.01.2009 kl. 22:39)
Join facebook si gruppe.
NEI TIL NEDLEGGING AV SÆBØ OG VARTDAL LEGEKONTOR!!
Ingunn Hjorthaug
Benkeforeslag (08.01.2009 kl. 22:36)
Det er no berre å kome med eit benkeforeslag på neste kommunestyrmøte.
Men det er vel vanskeligere å få 1 mill i garantier ennå å få garantier på 18 mill.
Perry Bjørke
Oppretthold legekontoret på Sæbø. (08.01.2009 kl. 22:24)
At Bruno Hame skal slutte som lege har no aldri vore noko løyndom, og av den grunn ikkje kome overraskande på noko. Politikarane våre og bygdefolket burde tatt tak i denne saka for lenge sidan. Men det er kanskje ikkje for seint. Meine og erindre ein artikkel i Møre Nytt ein gong i 2008, der vart det nemnt at vi ikkje kom til å få ny lege til Sæbø , fordi ingen ville søke. Då tenkte eg med meg sjølv at først må ein då søke etter ny lege. Når ein no les at rådmann og helse og sosialsjef alt har lagt denne stillinga til Ørsta, utan at den er politisk avklart, ja då er det på tide med ein massiv protest. Er det ikkje politikarane som bestemmer, eller dansar dei berre etter sentraladministrasjonen. Dersom grunnen til å legge ned legekontoret er å spare pengar, då er eg viss om at det ikkje er ei krone å spare her, det er alt etter kva ein legg til grunn for utregninga. nei skal det sparast pengar i helsesektoren så begynn på topplan, trur der har kome mange nye stillingar som ikkje er politisk avklara.
Ein av dei viktigaste trivselsfaktorane vi har for å bu på bygda, er eit ope legekontor på Sæbø, forsvinn dette vil det verte ei katastrofe bygdemobliseringa.
Arne Lied
Provosert!!! (08.01.2009 kl. 21:41)
Ej berre lurer på kva ein ansatt på ørsta rådhus kostar i året? Når ein distriktslege kan koste 500.000.-??? Kva vil det koste å sende pensjonista frå fjorden, Frå sjukeheimen er dette gratis eller er det berre kostnader frå ein annan post....... Ej vil med dette støtte opp om kampen on ny lege på Sæbø!!!!
Trond Holen
Takk til Hans Andre Sørvik (08.01.2009 kl. 19:42)
Takk til Hans Andre Sørvik.
Det er ikkje ofte vi får diskutere med våre folkvalgde i kommunstyret.
Takk for at du skreiv til oss Hans Andre.
Kvar er dei andre?
Nokon som er redd partipiska siden dei er så stille av seg.
Vi treng støtte av 20 stykk til så er legen vår sikra.
Høyrer gjerne frå fleire.
Det er same kva parti du høyrer til.
Støtt lege i Hjørundfjorden.
Eg du mot saka så skriv gjerne så kan du diskutere synspunkt i saka med andre frå fjorden.
Perry Bjørke
Dette skal vi kjempe for! (08.01.2009 kl. 19:39)
Eg er enig med Hans Andre Sørvik at vi skal gjere det vi kan for å behalde legestillingane på Sæbø og Vartdal.
Dette reknestykkjet på kva ein spare på å legge ned legekontora sett eg sterke tvil til, kor ofte har det vore rykt ut frå legane i ørsta til fjorden her skal tru?
Kor lang vert transporttida for ein bårepasient når helikopter ikkje kan lande?
No vil eg oppmode alle bygdelag om å kome med sterke opprop!!
Siste ord er ikkje sagt i denne saka!
Bodil Skare
Lemenpolitikk! (08.01.2009 kl. 17:49)
Det skal nok verte verre når ein får opp fleirbrukshallen og får spenne 40 mill på ei turistskipskai,( kvar andre plassar enn i Ørsta sentrum). Det er mange som har missunt oss legetilbodet. Og no utan skruplar lyser dei ut den nye legestillinga til Ørsta sentrum.
Dette er så alvorleg at det er å rekne som dritsekkfakter.
Dei som skal forsvare vår rett i kommunestyret bør tenke seg om før dei bind opp gigantiske midlar til drift av prestisjebygg i sentrum.
Eg er ingen snåsamann, men det er ikkje Hjørundfjordfjella eg skimtar ut gjennom sjukeheimsglaset ein gong i framtida.
Knut Riise
Vi skal gjere eit godt forsøk... (08.01.2009 kl. 17:37)
...på å prøve å få behalde bygdelegekontora våre. Dei har ein særs viktig funksjon i lokalmiljøet og dei har meir enn nok med arbeid slik eg har forstått det.
Eg håpar at Møre-Nytt får på trykk nokre av ytringane som eg hadde til lokalavisa i dag. Der er eg særs kritisk til at dette legestillingane no er lyst ut og tenkt lagt til Ørsta Legesenter. Driftsutvalet handsama denne saka i april 2008 og då gjorde vi eit vedtak som m.a. seier at vi skal få ei eiga sak vedkomande vidare drift av legekontora på Sæbø og Vartdal. Dette ser det no ut til at rådmannen har hoppa bukk over og det er eg kritisk til. Vi vil difor ta opp denne saka på fyrstkomande møte i driftsutvalet (helse og sosial) 28.januar. Søknadsfristen til stillingane er forøvrig 18.februar.
Framgongsmåten i denne saka er kritikkverdig og det er den eg fyrst og fremst vil belyse. Vidare blir neste steg å slå eit slag for at vi skal få behalde legekontora på bygdene. Det blir vanskeleg å få til, men vi skal ikkje gi oss utan kamp. Eg nektar at dette skal få bli nok ein spikar i kista til bygdene i kommunen. Vi får sjå kva vi får til når saka og alle fakta kjem på bordet. Eg kan ikkje love noko, men vi skal gjere vårt ytterste. At politikarane i Ørsta kommune kun brenn for kommunesenteret er i allefall positivt feil.
Helsing leiar i driftsutvalget (helse og sosial),
Hans Andre Sørvik
Spare pengar – til kva for ein pris? (08.01.2009 kl. 17:29)
Kommunen har rekna på det og trur dei vil spare opp mot ein halv million kroner på å leggje ned legekontoret på Sæbø. Eg antar at då tenkjer dei snevert bedriftsøkonomisk og gløymer mange kostnadsposter, ikkje minst dei samfunnsøkonomiske. For det kostar når arbeidstakarar på Sæbø som tidlegare kunne gå frå arbeidsplassen ein liten halvtime (eller på kveldstid onsdagar) for å besøkje legen i framtida må reise til Ørsta. Eg tenkjer eit fråvere på 2 timar ikkje er å ta for hardt i.
Dei fleste av dei lokale arbeidsplassane er og kommunale, så dette blir ein ny kostnad som kommunen må ta. I dag er det råd å besøkje legen slik at det går minimalt utover eigen arbeidstid, må vi til Ørsta blir det langt vanskelegare om ikkje umogleg.
Eg arbeider i barnehagen på Sæbø, og sjølv om vi sjeldan nyttar legekontoret er det ein stor tryggleik i at legen er nær. Det har skjedd at vi har opplevd (små)skader som vi har ønska legehjelp til å behandle, det går greitt i dag med legekontoret rett ved. Men kjem vi i framtida til å reise til Ørsta med td kuttskader vi er usikre på? Kanskje må vi i staden bruke meir midlar til førstehjelpskurs……..
Så er det miljøkostnadane då. Vi skal jo produsere mindre CO2, det betyr å parkere bilen. Vi skal sykle, gå eller kjøre offentleg transport. Å legge ned legekontoret betyr det motsatte: Kjør meir bil!
Kanskje er det ingen som vil vere lege på Sæbø. Kanskje vil dei ikkje vere åleine, men heller i eit større fagleg miljø. Det kan eg forstå, men meiner vi likevel må prøve. Kanskje er der ein fagleg kompetent person ute i verda som godt kan tenkje seg å bu og arbeide i Sæbø.
Eg oppmodar politikarane i Ørsta kommune – Tenk stor! Tor å satse på oss i bygdene, ikkje berre i politiske program men og i handlingar.
Eg oppmodar vidare alle som bur i Hjørundfjorden: No må vi vise engasjement. Skriv i Møre-nytt, i portalen, kontakt lokalpolitikarar. Dette er ein viktig kampsak for alle i fjorden vår.
Hilde Muren
Engasjement må til! (08.01.2009 kl. 15:25)
På Sæbø er vi utrolig heldige som har de fleste tjenester tilgjengelig og det er viktig for bygda og fjorden at tjenestetilbudet finnes. Nå har vi fått tilbake en frisør som satser friskt på oss. Banken har ingen konkrete planer om å svikte oss (enda), vi har to butikker og posttjeneste, reiseliv...
Det er defensivt å sammenligne Sæbø med Vartdal og ta utgangspunkt i at ingen vil komme til oss. Sæbø er et fantastisk flott sted, her er helsestasjon, skole og sjukeheim like i nærheten og jeg vil tro det vil gi en svært allsidig almennpraksis. En lege på Sæbø vil sikkert kunne dra nytte av legesenteret i Ørsta og sjukehuset i Volda mht. faglig samarbeid om vedkommende ønsker det. Vi bor i distrikts-Norge, men det er vel ingen utpost heller?
Største utfordringen vår ligger nok atter en gang i å få våre naboer i Ørsta til å forstå at det finnes en verden på framsiden av fjellene også.
Men det er bra fortvilt å stadig måtte kjempe og sloss for å opprettholde de tilbud vi har og benytter oss av.
Kari Stokke
Doktor og Prest. (08.01.2009 kl. 13:06)
Vi treng både Prest og Doktor i framtida på Sæbø.Dette må folk engasjere seg i,sitt sjølv i Helselaget og der vil vi jobbe med saka. Men vi treng gjerne eit bygdemøte, og at det kjem mange gode idear til kor vi skal kjempe for dette. Ein ting er sikkert, vi må ikkje gi opp denne kampen.
AnnHelene Wille
Bygdemøte eller underskriftsliste? (08.01.2009 kl. 11:36)
Som Perry skriv så bør eitkvart skje no framover, men kva, det er opptil folk sjølve. Bygdemobiliseringa kan ta iniativ til eit bygdemøte, men her må det være engasjement med folk sjølve. Vil vi ha utvikling i fjorden eller skal vi overlate alt, like godt, til sentrum i Ørsta og forsyne seg fyrst, og så vente å sjå om her vert noko att til oss?
Vi kan begynne med å bruke avstemminga her på portalen. No kan alle stemme ved å klikke på rette alternativet utan å logge seg inn. Dette er no likt med andre media som har same tilbodet.
Det er svært viktigt at folk brukar portalen ved å skrive kommentarar, for å kome med sitt syn. Skulle nokon ha problem med å skrive inn ein kommentar, så send ein epost til administrator så kan vi legge ut for deg.
Skal vi ha framgong i bygdne så må folk bry seg.
Dokter Hame har vore ein trufast og god dokter som vi alle kjem til å sakne, men det er ikkje umogleg at vi kan få ein ny lækjar til å søkje på Sæbø. Kanskje kan vi lyse ut stillinga i eit forum som vert lese over heile Europa.
Ivar Svein Mo
Underskiftliste (07.01.2009 kl. 23:21)
Kan bygdemobliseringa få til en underskiftaksjon i denne saka.
Burde vi ikkje også ha bygdemøte snart på denne saka.
Eg lager gjerne til en kaffi på Haukly.
Perry Bjørke
Bjørkingene får lang veg. (07.01.2009 kl. 22:34)
Køyre 10 mil for å ta ei sprøyte eller sjekke blodet.(jammen går utvikliga feil vei her inne blant fjella)
Håper våre politikera jobber for lege på Sæbø med full trøkk.
10 mil i privatbil.
Er dette milgjøvennlig (vil ikkje regjeringa at vi skal køyre mindre og bruke meir buss.)
Ok det men sjå her!
Buss frå Bjørke går det 0815 og heim kjem man
kl 1515
Blir en lang dag for å ta ei infulensaprøyte for dei gamle eller å sjekke ting dei skal følge opp etter legen sitt råd.
Eg håper i det lengste at dokteren blir stasjonert på Sæbø.
Sammfunnet tener penger på å ha lege på Sæbø.
Men vist det skal bli så gale at det ikkje blir lege i Hjørundfjorden så burde Bjørkingene få tilbud om samla skyss 1 gang i uka.
Vi har en småbuss på Bjørke som i kunne ta med seg 10 stykk i samla skyss til Ørsta
Denne burde kommuna betale for.
Tida i Ørsta kunne då bli mykje kortere for dei som ikkje er heilt friske.
Skal man ta drosje så må no doktern i Ørsta først gi tillatelse til å bruke drosje.
Kva koster det då for kommuna og stat og dekke slik drosje for sjuke og gamle.
Tenker samfunnet økonomi støtt (eg lurer?)
Eg trur at dei sparte 500 tusen går opp i andre utgifter og då er insparinga lik null.
Dette må det jobbes med!!
Doktor på Sæbø er det beste både for kommuna og for folket.
Må kommuna inn med meir penger til båten og vist legskyssen forsvinn?
Sparer kommuna penger då?
Eller forsvinn beredskapsbåten vår?
Eg ber kommuna leite fram kalkulatoren og både rekne milgjøkostnader og kostnader kutt av lege på sæbø påfører kommuna /staten på andre områder.
Ei muligheit er at legen kjem til Bjørke og Sæbø 1 gang i uka.
Legen reiser frå Ørsta kl 8 på Sæbø frå 9-12 og så ta båten til Bjørke kl 12
Retur sæbø kl 3 og heime i Ørsta kl 1630
En slik dag kan han rekker over mange pasienter.
Billigere å flytte en lege en 40 mennesker.
Legekontor har vi ennå!
Perry Bjørke
2009 kan verte ein nedtur for Hjørundfjorden (07.01.2009 kl. 22:08)
Det er politikarane som bestemmer om vi skal ha eigen dokter i Hjørundfjorden og ingenting er vedteke endå, verken den eine eller andre vegen. Dersom vi no ikkje står på og krev vår rett i Ørsta kommune og instruerar dei politikarane vi ha valt inn til å ta ansvar for bygdene, så er slaget tapt. Vi kan ikkje vente hjelp frå Ørsta sentrum! Når vi høyrer frå sentrumspolitkarane at sjukeheimen på Sæbø kan leggast ned, då veit vi kor sterke og vanvittige motkrefter bygdene har med å gjere. Vi har sett det gong på gong at det er kun det som gagnar Ørsta sentrum som skal satsast på, sjølv om det er lite tenleg for ØK på sikt.
Misser vi dokter-stillinga og så misser vi prest med fast bustad i Hjørundfjorden, og då står eigar av prestegarden utan ansvar for å vedlikehalde. Det neste vil verte skyssbåten. Dokter og skule har vore freda pga. at vi har folk som må krysse fjorden for å kome til Ørsta.
Eit skikkeleg opprop til Ørsta kommunestyre kan vere det som skal til og det må kome fort. Det er for seint når vi les vedtaket i Møre Nytt.
La ikkje 2009 verte det året vi mister både dokter og prest! Har vi fyrst mist desse, kjem stillingane aldri att.Folk frå andre sida av fjorden må bruke alle sine kanalar for å nå makta på Rådhuset.
Ivar Svein Mo
At presten reiser. (07.01.2009 kl. 18:18)
Det får så vere, men at legen forsvinn er betydeleg verre.
Det vert vel å fylle opp nattbordskuffa med alt det ein kan pine ut av Bruno før han sluttar.
For å setje seg på venteliste i Ørsta kan fort ende opp med at ein treng prest også.
Knut Riise