Også i år får Rokken i Volda vitjing av jazzstudenter frå Sund folkehøgskule på Inderøy. Dette er ungdomar med stor interesse for jazzmusikk og som no legg ut på ein turne for å framføre noko av musikken sin, og denne gongen er heile repertoaret sjølvkomponert. Bandet har namnet Safe, og er samansett av John Inge Leira Bjøringsøy, piano, Eirik Aksnes, gitar, Simon Sandvik, kontrabass og Mats Mæland Jensen på trommer. John Inge, Eirik og Simon gjeng no 2. året på jazzlina ved Sund folkehøgskule, medan Mats går første året på jazzlinja ved Griegakademiet i Bergen. Han har før det gått 2 år ved jazzlinja på Sund.

Medan resten av skulen reiser på studietur, legg altså Safe ut på turne til ulike stader på vestlandet, sørlandet, Oslo og Trondheim. M.a. får Bergen, Stavanger og Kristiansand vitjing av det jazzglade bandet. Men først på turneprogrammet står Volda. Det heile startar på Rokken torsdag 22. januar.

John Inge er frå Bjørke og godt kjent med jazzmiljøet i Volda/Ørsta.

-Vi kan ikkje reise på turne landet rundt utan å vitje Volda, seier han.

-Kva kan du sei om repertoaret denne gongen ?

-Denne gongen er altså alt sjølvskrive. Vi spelar musikk med rot i jazztradisjonen, men er ikkje redde for å blande inn andre stilarter som rock/blues/funk og folkemusikk.

Bandet har ikkje fast trommeslager, men som eit prosjekt engasjerer dei ein ny trommis på kvar stad dei vitjar og øver eit par dagar med vedkomande før konsert.

-Dette som ei øving i å instruere låtane våre og å tilpasse oss ulike trommisar sin måte å gjere dei på, seier John Inge som gled seg til å kome til Volda og spele jazzmuskk.

Bandet kjem til Bjørke på tirsdag og skal øve eit par dagar før konserten på Rokken. Så då vert det mykje jazzmusikk heime i stova på Leira !

080319 007

 

 

 

 

 

John Inge gled seg til å spele på Rokken og ynskjer alle hjarteleg velkomne til jazzkonsert.