Leiarane for dei fleste av laga og organisasjonane i Hjørundfjorden møtte opp på Bondalen grendahus då Hjørundfjord bygdemobilisering baud inn til møte om "legesaka" i kveld.  Som svært mange no har fått med seg har administrasjonen i Ørsta kommune med rådmann Asbjørn Moltudal og helse- og sosialsjef Oddvar Marøy i spissen, bestemt at legestillinga med tenestestad Hjørundfjorden no skal flyttast til Ørsta Helsesenter AS i Ørsta sentrum.  Dette har ført til svært sterke reaksjonar, ikkje minst i Hjørundfjorden.

IMGP8933 kopi

Leiarane for dei fleste laga og organisasjonar i Hjørundfjorden møtte opp då Hjørundfjord bygdemobilisering baud inn til møte i kveld

Marit Riise Olsen har stilt seg i spissen for ein underskriftaksjon der underskrivarane protesterer mot at Hjørundfjorden si legestilling no skal flyttast til Ørsta sentrum - og det utan politisk vedtak.  Berre i løpet av få dagar har godt over 700 personar frå Hjørundfjorden skreve under og desse protestlistene vil Marit Riise Olsen overrekkje ordførar Gudny Fagerhol i morgon, onsdag, klokka 0930. 

Møtet i kveld og underskrivarane av protestlistene, krev fyrst og fremst at arbeidsstaden til den nye legen, som må kome etter at distriktslege Bruno Hame går av til sommaren, framleis skal vere i Hjørundfjorden.  Møtelyden innser at ein ikkje kan krevje buplikt, men  har likevel svært god tru på at ein ny lege også vil bu på Sæbø når vedkomande får kjennskap til alle fordelane med å bu her.  Møtelyden er også 100 % sikre på at ein ny lege - same kvar vedkomande måtte kome ifrå - vil verte svært godt motteken.

IMGP8927 kopi

Frå høgre ser vi her Jostein Skjåstad(Bjørke grendelag), Ivar Svein Mo(Hjørundfjord bygdemobilisering) Annemone Strandmann(Sæbø grendelag), Synnøve Rekkedal Hill(Hjørundfjord kulturvernlag) og Kjell Frøland(Hjørundfjorden bondelag)

Deltakarane på møtet bestemte også at Hjørundfjord bygdemobilisering skal sende eit brev til Ørsta kommune der ein krev at kommunen trekkjer tilbake den omstridde annonsen, annonsen der kommunen seier at arbeidsstaden skal vere Ørsta sentrum.  Stillinga må så lysast ut på nytt - sjølvsagt då med arbeidsstad Hjørundfjorden.  Deltakarane på møtet vil dei næraste dagane  syte for at politikarne får god kjennskap til Hjørundfjording si meining og dei vil få beskjed om at dei må ta attende makta frå byråkratane i kommunen.

IMGP8929 kopi

Når Marit Riise Olsen krev at Hjørundfjorden framleis skal ha si eigen lege, er det dei aller fleste hjørundfjordingane som støttar henne.

IMGP8931 kopi

Frå venstre John Urkegjerde, (Hjørundfjord sogelag) Aanon Aanonsen, (Hjørundfjord sokneråd), Irene Osvoll (Bondalen helselag) og Eldbjørg Tvergrov(Sæbø IL)

På møtet var det tydeleg at fleire enno har  vanskeleg for å forstå at administrasjonen kunne lyse ut legestillinga som gjort utan politisk vedtak i ryggen.  Jostein Skjåstad frå Bjørke grendelag uttrykte det klårast:  Kommunen kunne like gjerne ha festa ei stropp i ferjekaia på Sæbø og slepa den bort utan å seie ifrå på førehand.