- Ordførar Gudny Fagerhol; i dag har eg blitt oppringt av ein lokalpolitikar som meiner eg må ta kontakt med deg for å få vite kva du har sagt til TV 2.  I tillegg har eg blitt kontakta av ein avismann som meir enn antydar at eg i går fòr med slarv her på portalen...

- Ja, det har du nok gjort.

- Du kjenner til saka om TV 2 på hjorundfjord.no?

- Ja, det gjer eg og eg har blitt kontakta av mange i dag. Men la det vere sagt med ein gong - det einaste konkrete eg sa til TV 2 v/Arill Riise var at eg ikkje kunne love at hjørundfjordingane skulle få ha eigen lege fem dagar i veka.  Men eg la straks til at hjørundfjordingane framleis skulle få ha ei god legeteneste. Det skulle no elles berre mangle.

- Når det gjeld doktorbustaden og legekontoret...

- Det stemmer at legekontor og legebustad vart nemnt, men heller ikkje her kunne eg seie noko konkret - kort og godt fordi denne saka enno ikkje var/er drøfta i Ørsta kommune.  For å streke under - eg sa altså ikkje til TV 2 at legebustaden/kontor skulle sejast. 

Skal vi gå tilbake til sjølve legestillinga så sa eg at det einaste kravet som så langt var sett til den, var at den legen som fekk stillinga etter Hame måtte finne seg i å ta del i den daglege legevaktordninga ved Ørsta helsesenter A/S.

- Så du sa då heller ikkje at denne legestillinga skulle leggast inn under det nemntde Ørsta legesenter AS?

- Sjølvsagt gjorde eg ikkje det.

- Ordførar, du er ein politisk ringrev med lang erfaring.  Dette du no seier til meg, er ikkje det noko du berre seier for å roe ned oss hjørundfjordingar, mens du innerst inne veit at legestillinga på Sæbø vert lagt ned?

- Som sagt, ingen ting er avgjort enno.  Saka er nemleg enno ikkje politisk handsama.  Før saka er handsama i driftsutvalet den 28.1.09, handsama den 29.1.09 i formannskapet - om det er tid nok, og endeleg handsama i kommunestyret på februarmøtet, er det ingen som kan seie noko sikkert om utfallet i denne saka.  Og la meg også få understreke at før saka er handsama i driftsutvalet vil ikkje eg ta noko standpunkt.  Dei politiske spelereglane må følgjast.

Og berre så det også er sagt - eg reagerer slett ikkje negativt på at hjørundfjordingane engasjerer seg i denne saka.  Engasjementet viser berre at demokratiet fungerer og det skal vi vere glade for.

- Takk for at du tok deg tid til å svare på desse spørsmåla.

- Og tusen takk for at eg slapp til på hjørundfjordportalen.