Eg hugsar nokre svært vakre bilete som var tekne frå fjelltoppar inne i fjorden og som synte fjorden frå den sida. Likedan har der vore flotte motiv frå sætredalar, frå sauesanking, fjellturar og dametrimturar – bilete ein ikkje så ofte ser.

 

Kan alle som kjenner seg kalla sende meg bilete på e-posten min, så kan eg vere med å velje ut bilete ilag med nemnda.

Målet mitt er å få inn bilete frå HEILE FJORDEN.

 

Under utstillinga vil vi merkje alle fotografia med namnet til fotografen. På baksida av namnelappen vil vi skrive namnet på staden biletet er teke frå og kva det syner. Dette vil såleis også verte ein personleg konkurranse om kor mange plassar ein kjenner att.

 

Etter å ha plukka ut bileta vil vi i nemnda syte for å få dei printa ut. Vi vil også feste dei i rammer / evt plastlommer før vi heng dei opp. ( Avhengig av  kostnaden).

 

Det er enno ei stund til Hjørundfjorddagane, men det er flott med alt som er gjort. Vårmånadane går frykteleg fort, så vi vil gjerne ha tilbakemelding snarast.

 

Ta kontakt med Synnøve Rekkedal Hill 

synnove_hill@hotmail.com