![]() |
Veslejenta Torine |
Som alle andre familiar som ventar på at ein ny familiemedlem skal kome til verda, var også familien Lillebø forventningsfulle, og Måndag 12.01.09 vart jenta i familien fødd. Vi har bestemt at namnet skal være Torine og ho var 4420gram og 52cm. Ho har stort sett vore grei om dagen og rota litt om natta, men det er vel vanlig.- opplyser pappa Roy, til oss.
Han sender oss stolt nokre bilete slik at vi alle kan få glede oss over familen sitt store høgdepunkt i 2009.
Sender ved nokre bilete av vår nye solstråle her nede ved sjøen på Solstrand. Vi er no ein familie på 5 og dei to eldre brødrene Kristian 8 ½ år og Vegard 5 ½ år fekk sitt store ynskje oppfylt når vesle Torine var fødde. No har dei ei søster i familien.
-Bileta er av heile gjengen og nokre bilete med 2 stolte brør. Kristian 8 ½ år med svart skjorte, Vegard 5 ½ med grå genser. -seier pappa Roy.
Kristian og Vegard framme og bak pappa Roy og mamma Siw med vesle Torine.
Storebror Kristian 8 ½ år - endeleg ei søster på Solstrand.
Dette var no stas for Vegard 5 ½ år
(Alle bileta er familien Lillebø sin eigedom og kan ikkje brukast av andre utan deira samtykke)
Vi gratulerer Lillebø-familien med sin solstråle på Solstrand.
Kommentarar
Helsing frå ei stolt mor, ein stolt far og ikkje minst 2 stolte storebrødre.