To gonger om året dukkar han opp, bokbåten Epos.  Men særleg når økonomien er dårleg (og når er han ikkje det?) i dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, fryktar mange at bokbåten skal verte nedlagd.   -Heldigvis har ikkje nokon nemnt nedleggingsspøkelset denne sesongen, opplyser ein blid kaptein Svein Ivar Vinnes frå Hordaland.  Han og dei andre ombord likar seg godt i Hjørundfjiorden, men kvar er hamnefogden i dag, undrar Vinnes og altmoglegmann Finn Erik Moberg.

IMGP9005 kopi

Kaptein og medeigar av Epos, Svein Ivar Vinnes(t.v.) og stuert, matros og mykje anna - Finn Erik Moberg(t.h)

Båten kom til Bjørke i går og overnatta ved kai der, men allereie ved skulestart i dag var båten på plass på Sæbø.  Flesteparten av kundane til bokbåten - i alle høve på Sæbø - er yngre skuleelevar og barn i barnehagen, men det var også fleire vaksne som leita etter b øker i dei mange bokhyllene på Epos.  Folk - unge og gamle - kan låne bøker den eine gongen båten kjem og levere dei attende neste gong Epos dukkar opp.  I tillegg har båten kontaktpersonar(på skulen) som kan ta imot lånte bøker.  - Ordningane fungerer godt, opplyser kaptein  Vinnes.

IMGP8996 kopi

Bokbåten Epos ved kai på Sæbø

Når det gjeld sjølve båten er det kaptein  Svein Ivar Vinnes som eig den saman med to andre frå Bergensområdet, men i bokbåtordninga er det altså dei tre Vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som er med.  Bokbåten er også med i ordninga Den Kulturelle skulesekken, dvs. at båten også serverer kultur til barnehageborn og skuleelevar.  I dag var det skodespelar Inger Bakke frå Ålesund som var ombord.  Ho las, fortalde og hoppa rundt slik at det nesten vart for spennande for dei yngste, men populær var ho utan tvil.  Tilhøyrarane, og sjåarane,  sat nemleg som tende lys.

IMGP9007 kopi

Lydhøyr forsamling

IMGP9000 kopi

Inger Bakke frå Ålesund

I dag var det Inger Bakke frå Ålesund ombord, om nokre dagar er Tromme-Lars frå Fusa og Hordaland som tek over og spanderer kultur frå skulesekken.

Og berre så det er sagt - Herrane Vinnes og Moberg hadde møtt bokveteranen Enok Kippersund på Bjørke.  Truleg fekk dei også møte  hamnefogd Thomas Hustad på Sæbø i dag.  Han var nemleg ikkje så langt unna.

Båten ligg ikkje lenger ved kai på Sæbø, men fortvil ikkje - til hausten, i september,  er han her igjen.