Dei fekk vete om turneringa på trening måndag, men nokre syntest det var vel lenge å måtte vente heilt til søndag. 

Kampane skulle spelast i Herøy-hallen og vegg i vegg med handballbana ligg eit flott lite badeland. Arrangørane hadde passa på at det kunne verte god tid til bading mellom dei to siste kampane, for dei som ville.

Fosnavåg 1

Oppvarming er viktig.

Spenninga er stor.

Fosnavåg 2

Planlegg han scoringar, eller redningar?

Sæbø har fleire som spelar like godt om dei er ute på bana eller inne i mål.

Fosnavåg 3 

Når spelarane er så unge som desse skal ein ikkje fokusere på tap og siger, men dei veit godt kva dette dreier seg om og gler seg stort når dei scorer mål. Dei presterer og vert stolte.

Denne gjengen er vande med å gå frå det eine tapet til det andre og dei likar det slett ikkje. Men dei er positive, står på og prøver på nytt. Det gjeld ikkje berre i handball, men også når dei spelar fotball. Det vert fokusert på at det er kjekt å spele, kjekt å få spele på ukjende plassar og kjekt å få vere i lag med venene sine.

Fosnavåg 4

Wenche dirigerer og bakom mål sit m.a. supporterane frå Sæbø.

Ingen av spelarane har faste plassar på laget.

Dei bytter på å spele, stå i mål og å sitje på innbyttarbenken. På denne måten får dei ei allsidig opplæring i spelet.

Fosnavåg 6

Full konsentrasjon...

Fosnavåg 5

... eller ikkje?

 Fosnavåg 7

Det er heilt tydeleg at dei har vorte eit år eldre og tek til å forstå spelet.

Dei kastar sikkert til kvarandre, er flinke til å ta imot ballane og skyt mot mål så snart dei ser moglegheita. I forsvar tek dei til å vise at dei så visst ikkje har tenkt å sleppe motstanderane forbi.

Trenarane Wenche Strand og Åse-Lill Leknes har verkeleg gjort ein god innsats på treningane i haust/vinter.

Fosnavåg 8

Keeperball!

Fosnavåg 13

Det var ikkje mange mål som slapp forbi dei fire som bytte på å stå i mål.

Fosnavåg 9

Wenche og Åse-Lill samlar spelarane og gir gode råd i pausene.

Skal vi bade no?

Fosnavåg 10

Ballen susar i mål...

Fosnavåg 11

... igjen og igjen!

Dei spelte tre kampar og vann alle med god margin.

Fosnavåg 12

Vent, vi manglar ein!

 S-Æ-B-Ø - ropet høyrer med etter ein kamp og alle må vere med.

Fosnavåg 14

Ho skal tidleg krøkjast... 13 dagar gamle Torine var med for å heie på storebror.

Fosnavåg 15

Siste kampen er ferdig. Litt påfyll av væske og dei er klar for lagbilete og heimreise.

Neste turnering er i Volda 15. februar.

Fosnavåg 17

Ein sliten gjeng. Tre kampar i djup konsentrasjon tek på.

Men, som ein av dei sa: "Me vann heile skiten!"