- Det er ikkje lett å halde dette hemmeleg når folk møter opp på kaia  med mobiltelefonkamera, konstaterer fjordfiskar Oddvar Olsen på Sæbø.  Han siktar til torsken på 13 kg han fekk i går føremiddag i garnet sitt.

- Oddvar, spørsmålet lyt kome - kvar fekk du denne torsken?  Alle misunnelege fjordfiskarar krev her at med vert opplyst.

- He, he, eg får gje same svaret til deg som Jarle (Walseth) fekk - eg fekk han ein stad mellom Lekneset og Trandal.

Nei, vi får greie oss med dette, men Oddvar opplyser at han fekk den store fisken på garn og garnet hadde han dagen før sett ut på austsida av Hjørundfjorden.  Og for den som måtte lure - det er ikkje tilfeldig at det er Oddvar som fekk denne store fisken.  Han er nemleg ein av ivrigaste fjordfiskarane som er att på Sæbø, - Eg hadde nok kun bala med garn om om eg hadde sloppe å tenkje på inntektene, som Oddvar seier det.

IMGP3163

13 kg vog torsken, med innmat, men utan blod. Foto:  Ivar Svein Mo

Oddvar fortel at det framleis er tidleg på fjordfiskesesongen, men vêret har som kjent vore fantastisk i det siste og båtførar Oddvar har difor vore på fjorden når han har hatt høve til det.  Og fangst har han fått.  Heller ikkje her vil Oddvar vere heilt nøyaktig, men han har fått nok til familien og vel så det.

- Men Oddvar, det er ikkje ein oppdrettstorsk du har fått?

- Nei, absolutt ikkje - slike vekter har ikkje torsken i oppdrettsanlegga.  Dette er nok heilt sikkert ein vandrar  som har kome inn i Hjørundfjorden.  Ravande full av rogn var den og, kunne Oddvar fortelje i går kveld.

Sjølv om Oddvar sjølvsagt vil ha dei gode fiskeplassane for seg sjølv, er han likevel glad når han ser andre ute på fjorden.  Han nemner Ole Flatnes på Flatneset som eit godt døme på ein som fiskar nærast året rundt.  Og snart ventar Oddvar at veteran Anders Holen kjem utpå...

Til slutt i samtalen kjem Oddvar med ei lita vedgåing.  Den som har Hjørundfjordkalenderen 2009 og no sanrt bladar om til februar, vil sjå Oddvar Olsen med ein annan torsk.  Utan at Oddvar seier det direkte, kjem det fram at han meiner den torsken kan vere i minste laget for ei kalenderside.  Løysinga kan kanskje vere å ta ei utskrift av denne torsken på 13 kg og henge den opp på veggen ved siden av kalenderen?

_JKS_februar (Large)

Denne torsken er nok i knappaste laget til å kome med på ein kalender, meiner Oddvar.

Så må vi stille dette spørsmålet - er det andre som har fått større torskar enn 13 kg i Hjørundfjorden?  Kan Sverre på Bjørke perse denne vekta, eller har han framleis fiskeforbod på grunn av sprengd frysekapasitet? Gje lyd.