Nemnda som skal arrangere tredjedagsfesten har registrert meir enn 80 påmelde til no.

Dei serverer i år spekemat og må ha påmelding i løpet av dagen for å kunne tinge rett mengde mat.

Grunna skjenkeløyve vert det ikkje mogleg å kjøpe billettar ved døra 27. desember. 

Det vert ymse underhaldning, Guro Håvik og Dansebandet Midi syter for god dansemusikk og dersom det har kome inn gode forslag på kandidatar vert det kåring av Årets Bondaling.

Lagsboka vert opplest, men sjølv om den snart er ferdig skriven skal vi ikkje kjenne oss heilt tryggje; det er mogleg å oppdatere den fram til festen startar!

Billettane kostar kr. 250,- per person og kan tingast:

eveholen@start.no

bodilskare@hotmail.com

Tlf. 700 40 029

Tlf. 959 06 493

Hugs å hente billettane på Grendahuset laurdag kl. 15.00 - 18.00

 

Vel møtt!