Vi vona at vi kunne selje så mange som 350 kalendrar, vi  tinga 500 frå Egset Trykk AS i Volda.  I skrivande stund har vi selt ca. 550 - og no er det tomt, heilt tomt både på trykkeri og lager.  Hjørundfjord bygdemobilisering satsa ein del pengar og trudde vel at det  skulle gå bra, men no er vi sikre; det har gått over all forventning. 

Vi må berre takke dykk alle som har kjøpt kalenderen og for alle dei svært positive tilbakemeldingane vi har fått - spesielt frå dykk som er gode Hjørundfjordvener, men som bur ein annan stad i landet.

_JKS_framside_LITEN-RGB

Det var ikkje berre fotoa vi la vekt på, vi ynkste også at det nynorske språket skulle vere korrekt, læreboknormalen skulle nyttast.  Difor hyrde vi inn Terje Kjøde frå Ørsta til korrekturlesing.  Han har gjort ein glimrande jobb, men diverre kom ikkje alle rettingane/korrigeringane hans fram til trykkeriet.  Det må underskrivne ta på seg skulda for.  Det som står på ein kalender bør vere rett, jfr. det Perry Bjørke skriv på annan stad her på portalen i dag om feil i Tussa sin kalender.

I språket på kalenderen finns det altså nokre feil/inkonsekvensar, jfr. t.d. legge/leggje, fylgje/følgje.  Der er også ein annan glipp - finn den gjerne.  Men på kalenderen er der i alle høve eitt ord som er skreve feil.  Greier du å finne dette ordet og vere den første som opplyser om dette i kommentarfeltet, er ein stk. Hjørundfjordkalender 2009 din - gratis og fraktfritt tilsendt.

Til slutt må det nemnast at butikkane på Sæbø har att nokre få eksemplar av Hjørundfjordkalenderen 2009.  Er det praktisk mogleg for deg å kome tidleg til Sæbø laurdag, kan du sikre deg ein kalender.