Vi vona at vi kunne selje så mange som 350 kalendrar, vi tinga 500 frå Egset Trykk AS i Volda. I skrivande stund har vi selt ca. 550 - og no er det tomt, heilt tomt både på trykkeri og lager. Hjørundfjord bygdemobilisering satsa ein del pengar og trudde vel at det skulle gå bra, men no er vi sikre; det har gått over all forventning.
Vi må berre takke dykk alle som har kjøpt kalenderen og for alle dei svært positive tilbakemeldingane vi har fått - spesielt frå dykk som er gode Hjørundfjordvener, men som bur ein annan stad i landet.
Det var ikkje berre fotoa vi la vekt på, vi ynkste også at det nynorske språket skulle vere korrekt, læreboknormalen skulle nyttast. Difor hyrde vi inn Terje Kjøde frå Ørsta til korrekturlesing. Han har gjort ein glimrande jobb, men diverre kom ikkje alle rettingane/korrigeringane hans fram til trykkeriet. Det må underskrivne ta på seg skulda for. Det som står på ein kalender bør vere rett, jfr. det Perry Bjørke skriv på annan stad her på portalen i dag om feil i Tussa sin kalender.
I språket på kalenderen finns det altså nokre feil/inkonsekvensar, jfr. t.d. legge/leggje, fylgje/følgje. Der er også ein annan glipp - finn den gjerne. Men på kalenderen er der i alle høve eitt ord som er skreve feil. Greier du å finne dette ordet og vere den første som opplyser om dette i kommentarfeltet, er ein stk. Hjørundfjordkalender 2009 din - gratis og fraktfritt tilsendt.
Til slutt må det nemnast at butikkane på Sæbø har att nokre få eksemplar av Hjørundfjordkalenderen 2009. Er det praktisk mogleg for deg å kome tidleg til Sæbø laurdag, kan du sikre deg ein kalender.
Kommentarar
Sidan ein nyttar nynorsk uttale på dagane, t.d måndag, tysdag og laurdag, burde vel det nynorske ordet veke være det rette.
Skal ein vere pirkete står det også "offentlig høytidsdag" i staden for "offentleg høgtidsdag" og "frigjøringsdag" i staden for "frigjeringsdag"
(sjå kalenderen for mai)
Alf Ole har sjølvsagt også gode poeng, dette tenkte eg ikkje på. Dette må vi prøve å rette på til eit evt. seinare høve. Men det som vi altså tenkte på var feil som vi kunne gjere noko med sjølve.
God laurdagskveld!
Treng det vel sårt til kostnadene med utvidinga av portalen.
Elles kan eg opplyse at Håvard har rett med omsyn til den andre personen på april-fotoet på Hjørundfjordkalenderen 2009. Det er Ronny Haugen, som altså er med i kalenderredaksjonen. Det er også han som ein ser på Lynghalstinden.
Utgangspunktet var at ingen skulle få med namnet sitt på kalenderen, men særskilde grunnar gjorde at Anne Langås sitt namn vart opplyst ; ).
I full fart nemner eg at dei andre "fotomodellane" på kalenderen er Fred Ingar Somby, Oddvar Olsen, Ola Sæbønes, Helge Nordang og Sondre K. Mo. Eg er litt usikker på kven Lill Haugen har fotografert på junifotoet, men kan det vere han som ho deler livet med? Og sjølvsagt skal vi ikkje gløyme den eminente skikøyraren på sistesida - Gjøran Kvitle frå Ørsta.
"Samtidig er dette produktet aleine forholdsvis smalt", skriv Enok i sin siste kommentar. Eg trur nok Enok deler denne oppfatninga med mange, men eg trur han tek feil. Eg veit t.d. at fleire hundre var på Randers Topp (marsfotoet)sist vinter. Kor mange som alt i alt er på ski på ein eller annan topp i Hjørundfjorden i løpet av ein vinter, veit ingen, men tilsaman er det snakk om fleire tusen toppturar. Her ligg ein stor marknad for den som får mange av desse skituristane til å vere over ei natt eller to.
Du har mange flotte bilder.
Dei som var på toppen i går og satte opp juletred tok vel og flotte bilde av Bjørke og frå fjellet.
Det var vel månelys og i går natt.
Vi får sjå om dei legg inn noko på portalen.
Det vart nedsett ei arbeidsgruppa som skulle sjå om det la seg gjere å lage ein kalender tidlegare i haust, og Knut sa ja til å leie ei arbeidsgruppe.(redaksjon) Ettekvart innsåg vi alle at oppgåva var større enn vi tenkt i utgongspunktet, og for å halde siste dato til trykking, måtte bilder som var av god kvalitet velgast, og tida vart for knapp til å velge bilder og innhente løyve frå innhavarane på portalen for bruk til kalendar. Arbeidsgruppa sende over eit forslag av bildebruk til HB. som dei kunne tenke seg å bruke og var tilgjengeleg. Bilda måtte stemme med kalendarmånaden og HB. tok imot tilbodet frå fotografane som ville gje bilder gratis til bruk.Fleire av bilda har tidlegare vore brukt på portalen. Ein fotokonkurranse med jury som skulle plukke ut bilder frå feks.portalen var ikkje gjennomførbar på den korte tida som stod att før trykking. Kostnadane for eit kvalitetsprodukt vart også eindel større etterkvart som arbeidet skreid fram og Styringsgruppa garanterte for kostnadane, og støtta, og gjekk god for arbeidet.
Kalendaren er eit godt døme kor viktigt det er å vise mot og å tore å sette i gong med noke. Her har dei gjordt så godt arbeid som ein kan, og så la det stå til. Dei har vore flinke i marknadsføringa og mykje ros har dei fått og litt ris, men av folk som er engasjert, og har vist interesse, og vil være med å gjere produktet betre. Dei feila som er gjordt er på ingen måte noko uventa og her er det berre å gå igong med ny kalendar til 2010 og prøve å rette opp det som skulle være ynskjeleg. Men problemet neste år er at der står ikkje ei bygdemobilisering bak, og då må ein annan organisasjon stå bak å garantere for dei midlane som må til ved bestilling av 4-500 kalendarar. Ein kan ikkje vente ein privatperson vil ta dette ansvaret åleine.
Men skal vi lære noko av kalenderproduksjonene, så ser vi at det er viktig å sette igong og få til noke, og tore å gjere feil. Få det ein gjer så bra at dei feila som vert gjort kan rettast opp ved seinare høve, så får vi engasjement, og folk trivst med at noko skjer. Noke er mykje meir enn ingenting.
Pga. av ein god sluttpris frå trykkeriet og alle bilda vart gitt gratis til bruk på kalendaren, har kalendaren vorte ein suksess.
Knut og arbeidsgruppa har gjort seg fortjent til den rosa dei har fått frå folk, og støtta og garantien som dei fekk frå Styringsgruppa.
Hjørundfjord bygemobilisering takkar sponsorar og alle som har gitt bidrag til kalendaren og spesielt til redaksjonen for den store innsatsen på å få ferdig dette kvalitetsproduktet.
Ivar Svein Mo
På side januar finnast det imidlertid......
"Hjørundfjorden er vakker året rundt, og lyset som fell i fjellsidene midtvinters, får skiløparar frå fjern og nær til å trakke i timevis mot tindene for å få høvet til å køyre i
puddersnø ned att til fjorden."
Apropos kommareglar m.m.
"Er det ei innskota nødvendig eller unødvendig relativ setning?" Kommaregel nr. 8.
Her synast det tilfeldig.
Ein annan glipp....
Innleiingsvis vert det oppmoda: "Der er også ein annan glipp, finn DEN gjerne."
(Han,ho eller det er nynorsk.)
Uansett koreleis setninga vert analysert.
Men ikkje "Den."
Det er som oppdrettslaks i høve villaks......
Har du våre bort i tydinga av Tysse som i
Tyssedalen og Tyssefossen
Sjølve ordet er grammatisk hankjønn. Ubunde form eintall som subjekt.
Som verb trur eg ikkje det finnast i korkje tale eller skrift...
Men kanskje skal vi seie som så: "Å tusse-tussar-tussa- har tussa. (?)
T.d kan ein då lettare forståeleg seie at på Trandal og Urke "tussa" dei....
Ingen foss her har navn med Tussa i
Tyssefossen heiter den.
Tysse Helge kva står det for.
Eg skjønar og at det kan vere skilnad på a og e i slutten på eit ord.
Ikkje berre uttale, men også i innhald.
Nei, eg veit ikkje skilnad på e og a i namnet.
Du er nok meir ekspert enn meg i så høve, Perry!
Men det var no er kjekt navn det Helge.
Litt moro må vi ha i desse juletider.
Det treng eg før eg hiver meg i papirhaugen.
Jula er bestandig en haug av lagspapir som skal ornes før nyttår.
"Tusse-Helge" er substantiv om ein bind ordklassene saman.
Skil ein dei frå kvarandre er Helge substantiv og tusse/a adjektiv eller adverb om ein vil...
"Tusse" står til substantivet og skildrar det....Eit adjektiv.
Dreg ein det vidare,så vil det seie at ein kan snakke "tusseleg."
Då står verb og adjektiv saman og formar eit adverb...
Men det er ei anna historie....