Synnøve Hill leiar nemda for dagane09

Leiar i nemnda for Hjørundfj.
dagane Synnøve R. Hill

Nemnda for Hjørundfjorddagane ved leiar Synnøve Hill, har sendt invitasjon til Landbruksdepartementet og invitert Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk til Hjørundfjorddagane 09. Invitasjonen har departementet teke på alvor, og etter anbefaling frå Fylkesmannen i MR. har ministeren funne det interessant i eit offisiell besøk i Hjørundfjorden.

Det var på seinhausten 2000 (4.desember) at Hjørundfjorden hadde sist besøk av Landbruksministeren. Då var det Bjarne Håkon Hanssen som kom på offisiellt besøk til Bjørke. Det var i forbindelse med  "Aksjon Verdistraumstans " i  Skjåstaddalen bondelag, der dei protesterte på at verdiane gjekk frå bygda til byen, og lite kom att. Bondelagsmedlemmane nekta å betale rekningane sine og Tussa ville klippe straumledningane og dermed trua bøndene imot med gjødselspreiarar. Aksjonen vart nedtrappa når ministeren ville kome å møte bøndene, og det gjorde han den 4.desember i eit stort møte på Bjørke. Det var stor oppmerksomheit rundt saka med TV og presse tilstades.

Denne gongen har invitasjonen vore av meir positivt art og nemnda har i eit brev presenterte kvalitetane som bygdene våre har.

Dei skreiv i invitasjonen:
Under Hjørundfjorddagane ynskjer vi å synleggjere kva landbruk har å seie for bygda og bygdebyane rundt. T.d. drifta av meieriet i Ørsta, sysselsetting i servisenæringar til landbruket, kor viktig det er med kortreist mat i vår miljøfokuserte tid, skatteinntekter til kommunane, kva landbruket har å seie for vedlikehald av kulturlandskapet, turisme og mykje meir. Her føregår det også bygdemobilisering og Hjørundfjorden har dyktige pelsdyroppdrettarar som ein del av landbruksnæringa.I Hjørundfjorden foregår det også eit spesielt geiteprosjekt som har fått midlar frå Inovasjon Norge.

Nemnda som består av  Kari Stokke, Runar Kvistad, Synnøve Mo og har Synnøve R.Hill til leiar, har lenge venta på eit svar, og no i veka kom eposten frå statsekretæren. Ho var både stolt og glad når hjorundfjord.no snakka med ho og ho meiner at det kan verte mykje enklare å få til program for dagane no.

-Kven er denne mannen som kjem, Synnøve R.Hill?

Landbruksminister Brekk 08
 Statsråd Lars Peder Brekk

-Han er vår øverste sjef i landet for bygdeutvikling og er vår Landbruks-og matminister, og har det som eit spesielt program å få til levande bygder. Lars Peder Brekk kjem frå NordTrøndelag og har vore ordfører Vikna kommune. Han har også vore parlamentarisk leier for Senterpartiet i Stortinget. Han er no fungerande leiar for senterpartiet i tillegg til ministerjobben. Han er nok også interessert i bygdemobiliseringa som har vore i Hjørundfjorden dei siste åra. Dette er også prosjekt som ligg under hans departement

- Kva er det som er så viktigt med dette besøket?

- Dette er eit reint Hjørundfjordbesøk som vi skal stå bak sjølve. Her vert det Hjørundfjorddagane, Bondelaga og Bygdemobiliseringa som må samarbeide og evnt. andre interesserte. Vi har eit ynskje om å skysse ministeren med fylgje inn fjorden med båt, direkte frå Vigra. Då skal vi presentere fjorden etter beste evne. Men dette er ikkje noko vi bestemmer sjølve, for dette er eit offisielt besøk og då er det Fylkeslandbruksdirektør og Fylkesmann som legg opp loggestikken. Men vi reknar med at vi vert spurde.

- Men det er ikkje mykje tid de har på søndagen?

-Nei, vi er klar over at tida er knapp så nemnda vil prøve å overtale Brekk å kome på laurdag, kanskje ilag med kona til ein delvis privat weekend. Då er han klar til den offisielle vitjinga på søndag 7.juni.

-Og kva vert det han skal gjere?

-Vi skal ha ein distriktspolitisk debatt der vi skal få på plass sentrale politikarar, gjerne frå motsatt politikk.Vi har vore igjennom den verste sentraliseringstida vi nokon gong har opplevd, og det er viktigt å få politikarane til å forstå kor gale det kan gå med bygdene viss grunnlaget for næring vert rive bort.

-Då ville det være på sin plass med Frp dronninga Siw då, som motkandidat?

-Ja tanken har slått meg og vi skal diskutere det i nemnda rett over nyttår, seier Hill.

-Men bakgrunnen for at det er nettopp Brekk som er invitert er at desse dagane skal vi ha tilflytting, næringsvekst, trivsel, mat og for at vi skal utvikle turisme må vi ha levande bygder og eit oppgåande landbruk som pleier kulturlanskapet. Det vert utstillingar på dagane med brukskunst, handverk, verkty, mat med kanskje Bondens marked.

-Hjørundfjorddagane i år vert ei god anledning for å markere desse viktige sakene. Vi ventar mykje folk til konserten med Knut Skram og når vi no får ein politisk debatt med toppolitikarar så kan det verte trongt om plassen på Sæbø, desse to dagane. Vi skal i allefall prøve å få med oss heile fjorden i dette møte med Brekk.

-Etter siste utvikling i lokalpolitikken med midlar til ny gymsal, så tenker eg litt på korleis det skal gå viss kommuna har begynt å rive gamlegymsalen.- Nei no er vi berre stolte og glade optimistar og skal ikkje ta slike problem innover oss, avslutter Synnøve Rekkedal Hill og ynskjer alle i Hjørundfjorden og Landbruks- og matminister Brekk ei god jul.

Vi håper på godver fyrste helga i juni for då skal vi sette Hjørundfjorden i fokus.

Velkomen til Hjørundfjorden Lars Peder Brekk!