Det høgaste fjellet i Volda har snøbredar under toppområde
heile året . På sommaren tek dei fleste turen til Eidskyrkja frå Grøndalen. Ein kan også ta turen frå Rindalsætra i Høydalen og frå Skinnviksætra i Austefjorden. Frå huset vårt i Austefjorden har eg god utsikt til Lisjekyrkja og Tårnet. Bak Middagshornet gøymar Blåbreden og Eidskyrkja seg for mine auge. Det blir nokre toppturar på ski igjennom året, men skiturar om sommaren er så fantastisk og fasinerande at det må opplevast.
Kalenderen viser 27 juli. Det er tidleg på morgonen, sola har vore lenge oppe på himmelen og det varmar godt i bakkane.
På Skinnviksætra nyt dei sommersola.
Og det gjer desse firbeinte også, men ser nok litt overraska ut då ein fjellfant kjem traskande.
Det nermer seg snøv under beina.
På med skina.
Om det er midtsommar og breden er liten må ein vera varsam med vegval, elva kjem til syne enkelte plassar på breden. Eg kryssar aldri breden, det er stor fare for snøven brest under skia og det kan få fatale følger.
På toppen av Blåbreden er det drikkepause og fotografering. På ein dag som denne går det med nokre liter drikke.
Det siste stykke fram til varden/ane.
Det er sydentempratur 1482 moh. Heime vart det kl.16.00 målt 32` i skuggen på ein målar som sola aldri skin på :-)
Bjørkedalen nede i dalbotnen. Bak ser vi Storetoren, Lisjetoren og Felden.
Slogen og Jakta
Det er ikkje ofte ein startar så "lettkledd" på returen ned til sætra.
Fint skiføre denne dagen også.
Nede på barmark igjen. På med lestar og joggesko.
Ein fantastisk dag i fjellet er slutt.
Takk for turen.
God jul
Kommentarar
For nokre få år sia gjekk L.P. Strandmann, Per Ulvestad og underteikna denne turen på årets lysaste natt.Vi starta kl 3 frå Skinnviksetra, på ski sjølvsagt. Det vart ein del bering, men då sola stod opp var skiene komne på føtene.
Ein tur som eg ser tilbake på med glede.
Då vi kom ned til vatnet.(veit ikkje namnet på det),la vi oss til å sove i sola.
Ein gjer altfor lite av slike "sprøe" påfunn, for det er det ein huskar best og ser tilbake på med glede. Så får det stå si prøve at "normale folk" ikkje forstår kva ein skal på ski etter midt på sommaren.
Ein er i alle fall sikra stabilt føre når snøen har breda seg om sommaren.