J18 og J16 stilte i dag med til kamp mot "veteranar". Alle var tende for kamp i romjula og kampane vart spelte i cupform der dei to beste laga møttast i finalen.

jul 08 11

Veteranane f.v. Merete Romestrand, Karoline Eikås, Benedicte Aambakk (7 mål), Anne Maren Hovdenakk (11), Eva Haugen Øye (12) og Linn Berg (10).

Rebekka Stokke og Monica Krøvel veksla på å vere målvakt for alle tre laga og fekk nesten ikkje pause.

Med på J18 var i dag: Liv Grete Stokke (9), Karoline Stokke (3), Elisabeth Melle (2), Sara Årseth (1), Elisabeth Brekke (1), Torill Haugen Øye og Kimberly Colclough.
Malene, Else Marie, Rebekka og Tiril spelar på begge laga til vanleg og J18 merka nok at dei mangla dei mest aggressive skyttarane sine i dag. Dessutan høyrde eg at mange av dei hosta..

Første kampen var J16 mot J18.det vart tidleg klart at det nok var dei yngste som var mest aggressive og dei vart også vinnarar med resultatet 14- 9. 

jul 08 28

Rebekka stod i mål fro J18 og måtte tåle mange skot frå J16. Rebekka, Torill, Kimberly, Sara og Malene.

jul 08 26

Litt mange bein her vel??
Ser på skoa at det er Liv Grete som blir hindra av Malene og Kathrine...

jul 08 23

Sara prøvar seg på skudd. Else Marie, Tiril, Aina og Malene på J16 og Torill, Sara og Liv Grete på J18.

jul 08 10

Sekreteriatet er viktig! Berre ein gong måtte dei bryte inn og stoppe kampen fordi der var barn (frå J16) som leika på bana..
Ann-Elin Brekke og Oddhild haugen Øye.

Neste kamp var J16 mot veteranane. Kampen vart heilt jamn der sigersmålet kom sekundar før slutt og 13- 12 til Veteranane. Malene påstod at dommaren hadde oversett eit mål men sekreteriatet var enig med dommaren og då er det ingenting å krangle på.
For dommaren har nemleg alltid rett!!!
Og kven som var dommar?? Roger Holen!

jul 08 21

Malene er i farta og skorar.

jul 08 3

Eva og Else Marie i duell.. Aina og dommaren observerar.

jul 08 4

Else Marie vann ballen og Eva sler ut med armane og meinar ho er heilt uskuldig!

I kampen mot J18 var Veteranane best sjølv om dei mot slutten byrja og merke både det eine og andre. Håpar det ikkje det er alderen...

Jul 08 1

Merete og Elisabeth, Elisabeth klarte å vri seg laus men eg trur ikkje det vart mål.

jul 08 20

Litt stygg takling dette vel dommar? Kimberly blir effetivt stoppa av Anne Maren men Eva og Liv Grete kan ingenting gjere.

jul 08 19

Anne Maren prøvar seg igjen, denne gong på Liv Grete.

jul 08 18

Er ikkje heilt sikker på kva dans dette er, Vals kanskje?

Dermed var det klart at dei yngste skal møte dei eldste i finala. Veteranane syns å sjå litt slitne ut mens J16 hadde hatt ein pause og var kjempeklar!

jul 08 9

Trenar Heidi Aambakk gir gode råd til jentene. F.v. Malene, Kristina, Hanne og Kathrine.

Desse var med på J16 i dag:  Malene Aambakk (17), Else Marie Stokke (17), Tiril Maria Holen (3), Hanne Stokke (2), Kathrine Brekke (2), Kristina Y. Hovdenakk (1) og Aina Opsal Bakke.

Jentene gikk rett i leiinga og helds seg der heile kampen men veteranane pusta dei tett i nakkeskinnet fleire gongar. Men då dommaren bles av kampen kunne ein berre ta av hatten for jentene (sjølv om ingen hadde hatt...) som vann 16- 14!

Dagen vart avslutta med kastkonkuranse der ein skal kaste ballen tvers over heile hallen.
J16 vann også denne framfor J18 og veteranane som kom på delt 2. plass!