Som tidlegare år har vi hatt støttespelarar til å sponse oss med premiar til

Nissemakaren
Kjell-Johan Aarseth

julekalendaren. I år har Kjell-Johan Aarseth lage ein svært god kalendar med nesten umogeleg oppgåver kvar dag i desember. Men kva har vi sett? Portalen har eksperter som løyser julenøtta før ein veit ordet av det. Som tidlegare er det kun nissemakaren sjølv som veit løysninga, og vi er like spente kvar dag, alle vi andre på om nokon har rett løysning.

Portalleiinga har hatt som oppgåve å skaffe høvelege premiar og våre gode støttespelarar i Sparebank1, Ose & Aarseth AS og Hjørundfjord Sogelag stilte villigt opp i år også.

Vi har hatt som mål at det er konkurransen eller leiken i å finn løysinga i oppgåvene og ikkje premieringa, som er viktigast. Dermed har det vore eit tak på at det ikkje må ta av med premieringa, men den som vinn skal få ein fin oppmuntring og eit bevis på at dei er årets flinkaste portalnisseløysarar. Som tidlegare år har nissekalendaren vore populær og vi hatt ei auke i besøk og kvar enkele oppgåve har hatt rekord, med over 1200 treff på det meste.

Sparebank 1
Sparebank 1 har avdelingaskontor på Sæbø med to stillingar. Avdelingssjef Venke Vik Nordang er frå Øye og har sitt dagleg arbeid på Sæbø.

Det har vore tema frå lokalbefolkninga om vi får behalde avdelingskontoret på Sæbø. Spekulasjonane vart forsterka når Sparebanken baud fram lokala for sal. Årsaka til dette er at banken skal ikkje eige store bygningsmasse, men skal heller leige av kundane sine. Det er ingen vedtak i banken om noko endring av avdelinga på Sæbø no, seier Venke V. Nordang. Så det skjer ikkje noko endring omgåande.

Sparebanken er positiv til å støtte Hjørundfjordportalen og banken er ofte brukar av nettstaden og ser det positive med å ha eit felles kommunikasjons kanal som binde saman bygdene. Vi støtter gjerne eit harmlaust og kjekt tiltak som julekalendaren. Sparebanken bidreg med 1. premien i år som i fjor.

Venke i sparebanken på Sæbø

Avdelingssjef Venke Vik Nordang viser her 1.premien. Premien består av ein velutstyrt tursekk med innhald. I innhaldet finn ein drikkeflaske, topphue, buff, gensar, sydvest, refleksvest og ein stor badehandduk. Alt er merka med logoen til Sparebank1. Premien har ein verdi på ca. 1000 kroner.


Ose & Aarseth AS
Vår andre sponsor er Ose & Aarseth AS som er eit firma som fylgjer med på Hjørundfjordportalen. Om dette er fordi firmaet har ein leiar og eit godt innslag av ansatte frå Hjørundfjorden, eller om det er kvaliteten på arbeidet som er gjordt på portalen, har vi ikkje noko bekreftelse på, men vi håper det er ein god kombinasjon.

Elektrofirmaet er eit gamalt og leiande firma i sitt fag og har si adresse i Hovdebygda. Dei har 38 ansatte.

Arvid i lag med skipsutstyr
Firmaet satser på styringssystemer til skip

Dagleg leiar er Arvid Stokke,  frå Stokke i Bondalen og fimaets eldste montør er Inge Årseth, som kjem frå Årset i Bondalen. Fimaet arbeider over heile distriktet med instalasjonsarbeid, men har dei siste åra innarbeidd seg godt i styringssystemer for avanserte skip og har reisande montørar over store delar av verda.

Det er ingen fare for at vi merkar finaskrisa dei fyrste månadane i det nye året for vi har fleire store bygg både i Ørsta/volda og resten av Sunnmøre, seier  Stokke. Det er heller ingen fare for at vi ikkje skal greie å løyse inn sjekken når vinnaren av portalen kjem med den, ler han.

Dagleg leiar Arvid Stokke

Dagleg leiar Arvid Stokke ved elektrofirmaet Ose & Aarset As i Hovdebygda. Han er positiv over utviklinga i firmaet og vil nok ikkje merke finanskrisa dei fyrste månadane, då ordretilgongen er god. Her er han i ferd med å skrive ut gåvesjekken til 2. premie til julekalendaren. Sjekken må brukast ved å kjøpe varer og teneste ved firmaet.

Hjørundfjord Sogelag

Bok 08 framside
3.premie "Frå Hjørundfjord "

Hjørundfjord Sogelag er eit lag vi alle kjenner og best kjenner vi dette laget for å årleg gje ut Årsskriftet "Frå Hjørundfjord". Dette året var det jubileumsbok med 320 sider, og skriftstyrar Jarle Walseth, sette pris på å verte spurde om å delta som sponsor til portalen. Men for å vere ryddig måtte vi kontakte leiar Kari Aarsnes før den endeleg premien vart bevilga, og det var heller ikkje noko nei med ho.

Vi er no eigar i portalen og vi er interesserte i å være med på drifta framover med å hjelpe til. Når det skal kjøpast meir serverplass også, seier sogelagsleiar Kari Aarsnes.

Det kan være mogleg å velge kva slags år boka er frå. Det er alt etter kva som er på lager.

 

 

 

Frå alle sponsorane er ei stor og klar helsing; God jul og eit godt nyttår til alle våre kundar. Vi er med som støttespelarar for ei positiv og god utvikling i heile Hjørundfjorden.

Ei god jul til våre sponsorar, nissemakar Kjell-Johan og alle våre brukare, også frå Hjørundfjorddportalen