Benjamin Disraeli og William Gladstone konkurrerte om statsministerposten i England i andre halvdel av 1800-talet. Disraeli la ikkje fingrane i mellom då han uttalte følgjande om Gladstone i ein tale i Parlamentet: "Det er forskjell på eit uhell og ei ulykke. Dersom Gladstone fell i Themsen, er det eit hendeleg uhell. Men dersom nokon dreg han opp att, er det ei ulykke."

Det er ikkje ei ulykke at avslutningsbiletet i artikkelen om Rasmus Skylstad fall ut ved eit hendeleg uhell då datamaskina til redaktør Jarle måtte til reparasjon siste sommar.

Årsskrift 30

Årsskrift nr. 30 er i handelen

Men både redaktøren og underteikna er lei for at eit viktig bilete fall ut side 73. Det var meint som eit verdig punktum i artikkelen om plasseguten frå Skylstad som fekk ein så eventyrleg karriere i norsk utanriksteneste.

I sommar, i juli, fekk vi kontakt med kommunegartnaren i Blonay som kunne påvise Rasmus og Hélène sin gravstad ved kapellet i sentrum av Blonay, litt aust for Lausanne i Sveits. Kommunegartnaren skaffa og bilete av gravsteinen. 

Samtidig kom det for dagen eit bilete frå 1970-talet av gravsteinen , før Hélène døde i 1994. Steinar Brautaset hadde då vitja onkelen sin gravstad og nedanfor er biletet med tilhøyrande bilettekst:

Rasmus si grav

Dette er Rasmus sin siste kvilestad på familiegravstaden til de Blonay-familien. Biletet er teke før Hélène vart gravlagt i 1994. Foto: Steinar Brauteset.

Det var dette biletet som skulle ha vore avslutninga på artikkelen om Rasmus Skylstad i Årsskrift nr. 30 - side 73 - plassert etter minneordet som Edvard Hambro skreiv og før lista over kjelder og litteratur. Om du vil, kan bilete og tekst kopierast frå portalen og limast inn nedst på side 73 i årsskriftet.