Benjamin Disraeli og William Gladstone konkurrerte om statsministerposten i England i andre halvdel av 1800-talet. Disraeli la ikkje fingrane i mellom då han uttalte følgjande om Gladstone i ein tale i Parlamentet: "Det er forskjell på eit uhell og ei ulykke. Dersom Gladstone fell i Themsen, er det eit hendeleg uhell. Men dersom nokon dreg han opp att, er det ei ulykke."
Det er ikkje ei ulykke at avslutningsbiletet i artikkelen om Rasmus Skylstad fall ut ved eit hendeleg uhell då datamaskina til redaktør Jarle måtte til reparasjon siste sommar.

Årsskrift nr. 30 er i handelen
Men både redaktøren og underteikna er lei for at eit viktig bilete fall ut side 73. Det var meint som eit verdig punktum i artikkelen om plasseguten frå Skylstad som fekk ein så eventyrleg karriere i norsk utanriksteneste.
I sommar, i juli, fekk vi kontakt med kommunegartnaren i Blonay som kunne påvise Rasmus og Hélène sin gravstad ved kapellet i sentrum av Blonay, litt aust for Lausanne i Sveits. Kommunegartnaren skaffa og bilete av gravsteinen.
Samtidig kom det for dagen eit bilete frå 1970-talet av gravsteinen , før Hélène døde i 1994. Steinar Brautaset hadde då vitja onkelen sin gravstad og nedanfor er biletet med tilhøyrande bilettekst:

Dette er Rasmus sin siste kvilestad på familiegravstaden til de Blonay-familien. Biletet er teke før Hélène vart gravlagt i 1994. Foto: Steinar Brauteset.
Det var dette biletet som skulle ha vore avslutninga på artikkelen om Rasmus Skylstad i Årsskrift nr. 30 - side 73 - plassert etter minneordet som Edvard Hambro skreiv og før lista over kjelder og litteratur. Om du vil, kan bilete og tekst kopierast frå portalen og limast inn nedst på side 73 i årsskriftet.
Rett skal vere rett... (13.01.2009 kl. 21:48)
...er ein av kjepphestane til fotballorakelet Arne Scheie. I den anledning må eg støtte meg til utsagnet og gjere merksam på nokre andre feil som har sneke seg inn i bildetekstane i artikkelen om Sæbø a-lag i årsskriftet.
På side 148 er eit av namna utelatt frå bildet. Personen er dåverande økonomisjef i Hødd, Nils Linge.
På side 161 kan det for eit trent auge skimtast ein kar mellom Kenneth Nydahl og Knut Inge Haugen. Personen er ikkje namngitt på bildet. Det er sjølvsagt den tidlegare Sæbønes-sjarmøren, no Bønes-sjarmøren, Svein Ove Aadnanes Walseth som skulle hatt sin rettmessige plass også i bildeteksten.
Men tilbake til Arne Scheie, sjølv guruar kan ta feil. For dei som har skaffa seg boka "Arne Scheies VM-quiz" vert det spurt om følgande frå 1982-VM: Kva for ein dåverande Liverpoolspelar skåra to mål i Skottlands 5-2 siger over New Zealand? I fasiten står det John Wark. Men for dei fleste oppegåande er det barnelærdom at Wark på den tida spelte i Ipswich. Eg vel å tru at det er Scheie sine medsamansvorne i redaksjonen som ikkje har vore grundige nok. Visste dokke forresten at John Wark og Bruce Grobbelaar har vorte veldig like på sine gamle dagar?
Ha ein fortsatt fin kveld.
Kjell-Johan Aarseth
Litt til retting (07.01.2009 kl. 21:52)
Først, takk til sogelaget og Jarle walseth for nok ei strålande bok med mykje godt og variert stoff.
Sidan ein er inne på feil, her er ei lita korrigering til:
I A-lags artikkelen er det 2 feil i teksten til lagbiletet frå kampen mot Haddal på side 144.
Biletet er frå 1984, ikkje 1985 som det står i teksten.
Personen som står mellom Karl-Asgeir Sæbønes og Jan Rune Frøland i bakre rekke er ikkje Thorleif Håndlykken men derimot Asbjørn Ristesund. Ristesund er opprinneleg frå Kvamsøya (no busett i Ørsta), og spelte for Sæbø i 84-sesongen.
Alf Ole Aarseth
Retting av to andre feil (04.01.2009 kl. 21:05)
I artikkelen om Rasmus Skylstad har mine gode kontakter oppdaga ein feil som eg ønskjer blir retta i boka:
Side 70, bilettekst: I fremste rekkje, t.v. sit Lovise. Ikkje Johanne, som eg har skrive.
I oppsettet ovanfor har eg sjølv rota med etternamnet til Steinar Brauteset. Det skal ikkje vere Brautaset, som eg skriv over biletet av gravsteinen, men som eg har skrive rett i biletteksten.
Kanskje synest noko at dette er pirking, men utgjevaren har vist stor interesse i å unngå feil i årsskrifta.
Per Urke
Liten skrivefeil på 100 år. (30.12.2008 kl. 20:02)
Denne feilen kan folk rette sjølve, med ein penn :-)
Feilen finn de i 2. line på s. 115 i artikkelen "Ein uhyggjeleg morgon". Årstalet her skal vel vere 2005, og ikkje 1905.
Sidan far min låg under kniven og vart hjarteoperert då arrangementet fann stad på Gamle-Rise, var det eg som las historia han hadde skrive. Og så vidt eg veit var det altså i 2005.
Til slutt vil eg applaudere det fantastiske arbeidet som vert lagt ned i desse årsskrifta. Uvurderlige minner, historier og bilete samla på ein slik måte er kjempeviktig for komande generasjonar.
Eg er så heldig å få boka under juletreet kvart år (fordi eg har ei mor som har forstått kor viktig dette er). I tillegg får eg supplert samlinga med dei gamlaste utgåvene (frå 10 og nedover)til kvar bursdag.
Takk til Jarle og dei andre eldsjelene i Hjørundfjord sogelag!
Dagny Riise Heggestad
Datamaskin og reprasjon (28.12.2008 kl. 21:13)
Vi burde gi Jarle ny pc som takk for det store arbeidet han legg ned i denne boka kvart år.
Eg trur ikkje han har like stor løn som dei som skriv bok i Ørsta ( Kommuna bruker 450000 i året).
Vi i Hjørundfjorden og på Vartdal klarer å skrive og finasiere bøkene fordi folk kjøper dei i nesten kvar heim.
Kvifor klarer ikkje dei i Ørsta og selge nok bøker til å finasiere dei på same måten.
Skrivinga i Hjørundfjord blir ofte lønna med 1 gratis bok til kvar som skriv.
Takk til som skriv gode stykker i boka kvart år.
Perry Bjørke