Veslefrikkfeltet vart opna i ca 1989 (er ikkje heilt sikker, men omkring der). Det består av to installasjonar ein flytande (Veslefrikk B) og ein fast plattform (Veslefrikk A).

Opprinneleg så er VFB ein stor ordinær leiterigg som er bygd i Korea i 1986. Den heitte då "West Vision" og var då eigd av Smedvig Offshore. Statoil med fleire kjøpte då riggen og flytta boretårnet over på VFA og installerte prosessanlegg ombord på VFB. Dette feltet er i grunnen litt historisk fordi det er det første som vart utbygd med ein flytande prosess som er  kobla i hop til den faste via ei teleskopisk gangbru. All boring foragår på VFA og alt som blir pumpa ned eller kjem ut av brønnane går via VFA. Dei to installasjonane er i hopkobla med mange slangar.

Forut i frå VFA

Her står eg oppe på lastedekk og ser bort på VFB's stb. side forut.

Akterut

Her ser vi stb. akterut og innover prosessanlegget.

VFB er oppankra med 12 stk påleanker som ligg i ein stjerneformasjon rundt riggen ca 1100-1300m ute. Vi har då 3 vinsjar på kvart hjørne, ein ser kjettingane og vinsjane på biletet over. Kjettingane har dimensjon 82mm og er trekte opp med ca 110-120 tonn normallast når vi ligg i ro. I tillegg så har VFB 8 stk KaMeWa azimuth thrustera som yte 3100 kw kvar. Vi har då med alle thrusterane på full pinne ei trekkraft på nesten 400 tonn. Til å forsyne oss med straum her ombord så har vi ein gassgenerator som yte 21000 kw pluss 8 stk dieselgeneratorar som kvar gir 4000 kw, totalt ei kraftforsyneng på 53000 kw. Gassgeneratoren går på eigenprodusert gass, men dieselane der må vi få diesel med båt i frå land. Med alle generatorane i gang så går det ca 130 m3 med diesel i døgnet.

Thruster og vinsje panel

Her ser vi i frå min gamle arbeidsplass Maritimt Kontrollrom (MKR).til venstre på bilete skjærmane og kontrollerane til ankervinsjane, dei blir stort sett kjørt herifrå. Til høgre ser vi manøverhendelane til thrusterane. Men å holde styr på så monge thrustera samtidig er no litt vanskeleg så då har vi ein "SPM" som tar seg av det. SPM er ei datamaskin som tek seg av posisjoneringa, det er nesten det same som "DP" på båt men forskjela er at vi har inne ankermønsteret også. Dette vart kanskje litt for teknisk for noken men kanskje ok for andre.

SPM

Her er iallefall eit bilete av SPM'en.

Kontrollrom

Nok eit bilete i frå MKR, i frå høgre så er det sambandsutstyr som Flyradio og VHF. Vidare bortover så er det havovervåking (AIS) og alarmpanel i massevis. Til venstre ein travelt opptatt kontrollromsoperatør:-)

Eg med VFB bak

Bak meg her så vises gangbrua som går over til A'en. Den er teleskopisk og viss den blir trykt i hop meir en 7,5 m eller dregen ut 7,5 m i frå nullpunktet så vil den løfte seg automatisk. Det er noke vi må prøve å unngå for viss det skjer så må vi til med helikopter for å få folk fram og tilbake. Men å passe på det er ikkje alltid like enkelt, spesiellt når ruskeværet slår til.

Vfr

Foto:Ukjent fotogra ombord på stby fartøyet "Siddis Pilot".

Elles så går no livet sin vante gang her ute med produksjon og boring. Det blir dagleg pumpa ned i brønnen ca 17000-20000 m3 med produksjonsvatn og ca 30000 m3 med gass. Vi får då i retur ca same antall i m3 og ut i frå væska som kjeme opp og går i prosessen får vi ca 2500 m3 olje som blir pumpa til land via rørledningar. Oljen som går til land er såpass rein at det kun er 0,1% vatn i oljen.

VFA frå helidekk

Opprinneleg så skulle det på dette feltet være boring i kun 2 år og produksjon i 5-8 år. Slik situasjonen er no så snakkast det om faktisk forlengelse til år 2020. Stadig betre teknologi kjeme på bana så det er i grunnen bærre å ta av seg hatten.

Den lengste brønnen dei har bora her ute er nesten 8000 m og dei kan bore i alle retningar.

So longt har no dette kun vore jobbrelatert, og det er no halve tida vi er her. Vi går 12 timars vakter så vi har no litt fritid som vi må få has på og her ute manglar det ikkje på tilbod. Alt i frå trimrommet, dataklubb, luftgeværskyting, garnklubb, smykkeklubb, skulpturklubb, bingo osv. No i jul og nyttårstida så har no det vore litt ekstra og, og ikkje minst maten:-)

Jul 2007 063

Jul 2007 067

Til og med nissen kom på besøk til oss her ute i havet, trur han landa på helikopterdekk.

DSC_0553

Til slutt vil eg då helse heimatt til alle i hop og ønsker alle ei fortsatt God Jul og eit Godt år. Eg kjem heimatt Onsdag 07.01.2009

Mvh
Roy Lillebø