Denne naturskatten ligg akkuratt passe nært, er passe lang og passe bratt. Herlig! I dag var snøen hard og passa godt til romperacerar som vi brukar i barnehagen.

  kapteinkvia-ski-3

Frå toppen av bakken får ein stor fart ned. På eine sida ser vi at vi skal ta med beitesaks og klippe vekk litt kratt. På andre sida ligg to flytebrygger som snart skal flyttast.

Ned bakken er det full fart, anten åleine eller i tog. To eller fleire. Så gjeld det å styre unna flytebryggene og krattskogen. Eller ikkje, det er kjekt å kræsje med......

   kapteinkvia-ski-2             skibk2

Huj, sjå kor langt eg kom da! Men det er berre når her er snø. Bildet til høgre viser koss her såg i april i år.

kapteinkvia-ski-6

Vel nede er det berre ein ting att å gjere, gå opp bakken for ein ny tur.

 

kapteinkvia-ski-7

....... Kom igjen da!