Nachspiel

Skal tru kva folk snakkar om  etter julebord? Det er ikkje sikkert det har så mykje med jula å gjere. Ja, i det heile, kva pratar vi om no når høgtida er her? Like før var det bekymringspraten, det vert smalhans og å suge på labben. På ”Bellingsbørsen” er nok det gjennomdrøfta og uttalt utsikter for.  Å kor vi pratar og pratar, men pratar vi verkeleg om det som jula har med seg?

 

Det var etterpå, etter at det heile hadde hendt med kunngjering frå det høge, at praten tok til å gå. ”Skal vi gå og sjå?”, ”Sett om det er sant det som var sagt om Betlehem og stallen”. Og praten førde  til at dei gjekk og fann!. Tenk om dei ikkje hadde snakka om det, hyrdingane, då hadde ikkje vi hatt ei jul som fører til fred med Gud på jorda.

 

Vi er i nachspielsituasjonen vi også. Så vi gjer vel i å prate om det, heime og alle stader vi også. Etter den prateavferda vende hyrdingane heim att, og dei takka og lova Gud; det var sant! Slik kan jula vert for alle om det vert snakka om saka. Gledeleg Jul!!

 

Kåre Øygard