Dei siste par dagane har vi heilt sikkert hatt fantastiske- og ikkje særleg skredfarlege skiforhold i Hjørundfjordfjella.  Likevel har skikompisane mine  reist herifrå.  Fred Ingar (Somby) har reist til New Zealand og vasar rundt i shorts der, Ronny (Haugen) har farta rundt i Tyskland heile veka, Vegard (Riise) har flytta til Tromsø og dei andre vel å vere på arbeid.  Triste greier.  Trøsta er at eg likevel må halde meg i ro p.g.a. akillesproblem - truleg for brå start på langrennsesongen.

Likevel er det ingen grunn til å deppe - vend blikket oppover og sjå på det fantastiske lyset.  Vil du ta gode foto, er det berre å spenne på skia, gå til fjells og ver på toppen ca. klokka 14.  Då kan du fotografere månen i tillegg til at du kan få flotte ettermiddagsfoto av den gulraude sola på nedturen. 

IMGP8488 kopi

Der er han, månemannen, rett til venstre for Urkedalstindane

I går ( onsdag) kom eg frå Volda og då eg passerte Tvergrova fremst i Bondalen såg eg sjølvsagt mot  fjellrekkja på motsett side, austsida, av Hjørundfjorden med Urkedalstindane i midten.  Men kva såg eg i tillegg? Jau, ein noko bleik måne som hadde vasa seg fram midt i sollyset.  - Kan dette gå bra, tenkte eg.  Men månen greidde seg godt han.  Det tok ikkje lang tid før han skvatt oppover på himmelen.  Eg bestemte meg for å passe på denne einaste månen som moder jord har.  Sjå under.

IMGP8486 kopi IMGP8504 kopi

På foto til høgre er klokka ca. 1430, men sola skin framleis i fjella. Likevel ser vi at månen kviknar til.

IMGP8512 kopi

Utan tvil, sola må no gje tapt for månen - ein måne som oppfører seg som eit typsik B - menneske

IMGP8520 (Large)

Lite sol er det, men månen tek ansvar.  Sjå neste foto.

IMGP8531 kopi

Klokka er 22.  Månen er kort og godt Konge der han står høgt på himmelen, over Årsethornet omtrent rett i sør.

I morgontimane i dag hadde månen funne det mest teneleg å gøyme seg bak fjella i nordvest ein stad.  Hadde han vore sjef lenge nok?  Ville han dukke opp i dag igjen?  Sjå under.

IMGP8548 kopi IMGP8556 kopi

Månen sviktar ikkje. Også i dag dukka månen opp - rett nok i eit litt anna lys enn i går og litt lenger mot nord.  Kanskje ville han sjekke bikkehella på Elsandtinden (foto til vesntre)?

IMGP8552 kopi

Når sola er borte leikar månen på bordet...  Månen kan vere god å ha når han står på stas - som her.

Det flottaste vinterlyset i fjella har vi på denne tida av året - rundt solsnu.  Det er ingen grunn til nøle - finn fram fotoapparatet.

Fredag 12.12.08 klokka 1200:

For kort tid sidan fekk eg tilsendt fotoet under frå Fred Ingar Somby på New Zealand.  Dette fotoet er tatt nyleg, dvs. ca. klokka 23 NZ tid.  Det vil igjen seie at den tida enno ikkje er komen til oss. Det er akkurat 12 timar tidsskilnad på Noreg og NZ.

fullmåne NZ 12.des (Large)

Fullmåne på New Zealand fredag kveld, dvs. fredag den 12.12.08 ca. klokka 23.

Og fredag 12.12.08 klokka ca. 1530 hadde allereie fullmånen komen til Noreg.  Her er han fotografert frå rv. 655 v/Bondalseidet.  Quizen er enkel, men kva heiter det aktuelle fjellet - det flotte skifjellet?

IMGP8562 kopi

I dag, fredag 12.12.08 er det fullmåne, men på New Zealand er vel månen opp ned, eller...